Kvitbrystmaurvarslar, Taraba major.
Foto: Bertrando Campos
Rustmaurfugl, Drymophila ferruginea.
Foto: Dario Sanches
Olivenryggmaurfugl, Drymophila malura.
Foto: Dario Sanches
Bandmaurvarslar, Thamnophilus doliatus.
Foto: Dario Sanches
Krattmaurvarslar, Thamnophilus caerulescens.
Foto: Dario Sanches
Stjernestrupemaursmett, Myrmotherula gularis.
Foto: Dario Sanches
Tinnmaursmett, Myrmotherula unicolor.
Foto: Dario Sanches
Raudvengmaursmett, Herpsilochmus rufimarginatus.
Foto: Dario Sanches
Maskerademaurvaktar, Pithys albifrons.
Foto: Francisco Enríquez/NBII Image Gallery
Brunflankemaurvaktar, Gymnopithys leucaspis

Systematikk med oversyn over maurfuglartar viser til vitskapen sitt syn på taksonomien for maurfuglar, inndeling av maurfuglar i grupper, og relasjonar til dei næraste slektningane av maurfuglar, i eit kort samandrag med komplett artsoversyn.

Maurfuglamilien Thamnophilidae vart tidlegare rekna som ein underfamilie, Thamnophilinae, innanfor ein større familie Formicariidae som òg inkluderte maurrikser og maurpittaer. Den gongen var den større familien kjent som «maurfuglfamilien» og underfamilien Thamnophilinae var kalla «typiske maurfuglar». I denne artikkelen refererer både «maurfuglar» og «maurfuglfamilien» til dagens definisjon av familien som har det vitskaplege namnet Thamnophilidae.

Thamnophilinae vart fjerna frå Formicariidae, og maurrikser og maurpittaer stod att fordi ein vart klår over skilnader i strukturen på brystbeinet, sternum, og i syrinx, og på grunn av Sibley og Ahlquist sine studiar i DNA-DNA-hybridisering.[1][2] Seinare har maurpittaer vorte isolert i sin eigen familie Grallariidae.[3] Thamnophilidae-maurfuglar er medlemmar av infraorder Tyrannides, ein av to infraordenar i underordenen Tyranni. Ein trur no at Thamnophilidae har ein ganske basal posisjon innan infraordenen med omsyn til slektningane i maurriksefamilien, maurpittafamilien, tapakulofamilien, myggetarfamilien, og òg omnfuglfamilien.[4] Dessutan trur ein at søstergruppa av Thamnophilidae er myggetarfamilien. Omnfuglar, tapakuloar, maurrikser og maurpittaer blir antatt å representere ei anna stråling i den tidlege splitten.

Maurfuglamilien samlar over 200 artar med fellesnamna maursmettar, maurvireoar, maurfuglar og maurvarslarar. Namna refererer til relative storleikar av fuglar, aukande i rekkjefølgja gjeve, med unntak, snarare enn nokon særleg likskap med verkelege smettar, vireoar eller varslarar. I tillegg er medlemmer av slektene Phlegopsis og Phaenostictus kjende som maurvaktarar, Pyriglena som gloauge og Neoctantes og Clytoctantes som grovnebb. Sjølv om systematikken Thamnophilidae er basert på studium frå midten av 1800-talet, då færre enn halvparten av dagens artar var kjente, har moderne analysemetodar i stor grad stadfesta systematikken.[5] Ein trur det finst to store kladar, ein klade samlar dei fleste maurvarslarar og andre større artar med kraftige nebb, og dessutan slekta Herpsilochmus. Ein annan klade er dei klassiske maursmettar og andre meir slanke artar med lengre nebb. Med det vart det stadfesta monofyli av dei fleste slektene.

Thamnophilidae inneheld fleire store eller mykje store slekter og mange små eller monotypiske. Fleire, som er vanskeleg å tilordne, synest å danne ein tredje, hittil ukjende klade sjølvstendig avleidd frå forfedrane til maurfuglar.[5] Resultata stadfestar òg mistankar frå tidlegare forskarar om at nokre artar, særleg i Myrmotherula og Myrmeciza, må tildelast andre slekter. På grunn av vanskane med prøvetaking frå eit så stort mengd ofte dårleg kjende artar, ventar likevel enno plassering av einskilde slekter på stadfesting.

Artslista

[endre | endre wikiteksten]

Maurfuglar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[6]

Slekt Euchrepomis

Slekt Cymbilaimus

Slekt Hypoedaleus

Slekt Batara

Slekt Mackenziaena

Slekt Frederickena

Slekt Taraba

Slekt Sakesphorus

Slekt Biatas

Slekt Thamnophilus

Slekt Rhopias

Slekt Megastictus

Slekt Neoctantes

Slekt Clytoctantes

Slekt Thamnistes

Slekt Dysithamnus

Slekt Thamnomanes

Slekt Xenornis

Slekt Isleria

Slekt Pygiptila

Slekt Epinecrophylla

Slekt Myrmotherula

Slekt Dichrozona

Slekt Myrmorchilus

Slekt Herpsilochmus

Slekt Microrhopias

Slekt Formicivora

Slekt Stymphalornis

Slekt Drymophila

Slekt Hypocnemis

Slekt Terenura

Slekt Cercomacroides

Slekt Cercomacra

Slekt Pyriglena

Slekt Rhopornis

Slekt Myrmoborus

Slekt Hypocnemoides

Slekt Myrmochanes

Slekt Gymnocichla

Slekt Sclateria

Slekt Percnostola

Slekt Myrmelastes

Slekt Myrmeciza

Slekt Poliocrania

Slekt Ampelornis

Slekt Sipia

Slekt Sciaphylax

Slekt Myrmoderus

Slekt Akletos

Slekt Hafferia

Slekt Aprositornis

Slekt Myrmophylax

Slekt Ammonastes

Slekt Myrmornis

Slekt Pithys

Slekt Gymnopithys

Slekt Oneillornis

Slekt Rhegmatorhina

Slekt Hylophylax

Slekt Willisornis

Slekt Phlegopsis

Slekt Phaenostictus

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  1. Sibley, C. G. & J. E. Ahlquist (1990) Phylogeny and classification of birds. Yale University Press, New Haven, Conn.
  2. Rice, N. H. (2005): Further Evidence for Paraphyly of the Formicariidae (Passeriformes). (PDF) Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine. Condor 107(4): 910–915.
  3. 3,0 3,1 Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 7. april 2019 
  4. Irestedt, M.; Fjeldså, J.; Johansson, U. S. & Ericson, P. G. P. (2002) Systematic relationships and biogeography of the tracheophone suboscines (Aves: Passeriformes). Molecular Phylogenetics and Evolution 23(3): 499–512. (HTML abstract)
  5. 5,0 5,1 Irestedt, M.; Fjeldså, J.; Nylander, J. A. A. & Ericson, P. G. P. (2004) Phylogenetic relationships of typical antbirds (Thamnophilidae) and test of incongruence based on Bayes factors. BMC Evol. Biol. 4: 23. Supplementary information (PDF) Arkivert 2016-04-11 ved Wayback Machine.
  6. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Systematikk med oversyn over maurfuglartar