Divisormaurvarslar | |
Divisormaurvarslar | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av divisormaurvarslar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Maurfuglar Thamnophilidae |
Slekt: | Thamnophilus |
Art: | Divisormaurvarslar T. divisorius |
Vitskapleg namn | |
Thamnophilus divisorius Whitney, Oren & Brumfield, 2004
|
Divisormaurvarslar, Thamnophilus divisorius, er ein fugl i maurfuglfamilien. Dei næraste slektningane er tepuimaurvarslar og amazonmaurvarsler (Whitney et al. 2004).
Divisormaurvarslar er 16 cm lang, hannen er nær einsfarga blågrå, men hovudet er noko mørkare, slik at det gjer inntrykk av å ha hette. Hoa er karakteristisk i to farger: blågrå overside og raudbrun underside, halen er gråblå òg på undersida. Han har ein song som er eit akselererande kuk-kuk-kuk-kuk-ku-ku-ku-ku wah, med avtakande styrke, ropa er aw, aww og kyuk.[1]
Han finst i lågtveksande skog. Det kjende utbreiingsområdet ligg innanfor Parque Nacional da Serra do Divisor i Brasil og i den tilstøytande Parque Nacional de la Sierra del Divisor i Peru, under 500 moh., ein trur han er vanleg der.
Divisormaurvarslar vart oppdaga i 1996 i Acre Arch høglandet i delstaten Acre i Brasil, og blei skildra som ei art ny for vitskapen i 2004. BirdLife International har gjeve han status 'livskraftig' (LC) på global raudliste, 2009.