Svartgrovnebb | |
Svartgrovnebbhann | |
Svartgrovnebbhoe | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Svartgrovnebb | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Maurfuglar Thamnophilidae |
Slekt: | Neoctantes |
Art: | Svartgrovnebb N. niger |
Vitskapleg namn | |
Neoctantes niger Pelzeln, 1859
|
Svartgrovnebb, Neoctantes niger, er ein mellomstor maurfugl i den biologiske familien Thamnophilidae. Han er monotypisk i slekta Neoctantes.
Han er 16 centimeter lang, har kraftig nebb med eit utprega oppkurva underkjeve og ein rett overkjeve. Hannen er fullstendig svart med ein dels skjult kvit flekk på ryggen. Hoa er lik hannen, men har eit breitt, raudbrunt til nøttebrunt område over brystet. Desse fuglane lever i tett vegetasjon, på eller nær bakken og er sky og vanskeleg å observere. Dei beitar ofte parvis eller aleine og er lite vokale.
Arten har habitat i subtropiske eller tropiske våte låglandsskogar med utbreiingsområdet innanfor landa Brasil, Colombia, Ecuador og Peru.