Brunryggmaurfugl | |
Bilete frå Panama Foto: Dominic Sherony
| |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Brunryggmaurfugl | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Maurfuglar Thamnophilidae |
Slekt: | Hylophylax |
Art: | Brunryggmaurfugl H. naevioides |
Vitskapleg namn | |
Hylophylax naevioides Lafresnaye, 1847
|
Brunryggmaurfugl, Hylophylax naevioides, er ein liten fugl i maurfuglfamilien som finst i sørlege Sentral-Amerika og nordvestre Sør-Amerika.
Brunryggmaurfugl er ca. 11,5 cm lang, og er karakteristisk med sin kvite underside hos begge kjønn. Hannen har mørkt oskegrått hovud og strupe, brunraud overside med kvite skulderflekker, vengene er svarte med breie raudbrune vengeband. Han har svarte flekker på brystet. Hoa er bleikare i alle farger, elles mykje lik.
Dei lever i underskogen i fuktig skog også i skog i gjenvekst og beitar ofte aleine, men kan òg opptre i små flokkar som følgjer vandremaurar.
Brunryggmaurfugl finst i landa Honduras, Nicaragua, Costa Rica, Panama, Colombia og i Ecuador, på vestsida av Andes, vesentleg i Esmeraldasprovinsen.