Bandmaursmett | |
btxt Foto: Dario Sanches
| |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Bandmaursmett | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Maurfuglar Thamnophilidae |
Slekt: | Dichrozona |
Art: | Bandmaursmett D. cincta |
Vitskapleg namn | |
Dichrozona cincta Pelzeln, 1868
|
Bandmaursmett, Dichrozona cincta, er ein liten maurfugl i den biologiske familien Thamnophilidae. Han er monotypisk i slekta Dichrozona.
Dette er ein liten maursmett, 10 centimeter i lengd og veg 16 gram, med langt, tynnt nebb. Fjørdrakta har gråleg til kvit underside med mørke flekker over brystet. Krone og overside er brun. Overgumpen har eit kvitt band. Dekkfjørene er svarte med to gulbrune band, flygefjørene er bleikbrune. Hoa liknar, men har bleikare band og færre flekker.
Dei lever i par, vandrar gjerne sakte på skogbotnen i relativt open underskog, og svingar ofte på halen frå side til side.
Arten har habitat i subtropiske eller tropiske våte låglandsskogar med utbreiingsområdet innanfor landa Bolivia, Brasil, Colombia, Ecuador, Peru og Venezuela.