29. januar 2011 vann Stella Mwangi den tredje delfinalen i Melodi Grand Prix 2011 og gjekk vidare til finalen 12. februar. I finalen gjekk ho vidare til gullfinalen og vann med 280 217 røyster. Det er fyrste gongen det har vorte sunge på swahili i Melodi Grand Prix.
Bidraget fekk ti poeng frå Island, åtte poeng frå Finland, fire poeng frå Malta, to poeng frå Sveits og Portugal og eitt poeng frå Polen, Albania, Armenia og Aserbajdsjan. Noreg fekk til saman 30 poeng og enda på 17. plass av totalt 19 bidrag. Om ein berre hadde hatt telefonrøysting hadde bidraget fått 56 poeng og enda på niandeplass. Det hadde vore nok til å få ein finaleplass. Hadde ein berre hatt jury hadde bidraget fått 29 poeng og enda på 17. plass.
Guns & Boys av Carina Dahl ·Daisy av Use Me ·Vardlokk av Helene Bøksle ·Alt du vil ha av Sie Gubba ·Jobbe litt mindre, og tjene litt mer av Gatas Parlament ·Trenger mer av Sichelle ·Not That Easy (Ah-Åh-Ah-Åh) av Åste og Rikke
I’ll Be Yours av Pernille og Marius ·Depend On Me av Babel Fish ·Hungry For You (Gipsydance) av Marika Lejon ·Sand av Isabella Leroy ·Oh, Oh (Puppy Love) av Endre Nordvik ·You're Like A Melody av Hanne Sørvaag ·Allergic av Mimi Blix