«Icebreaker» Singel av Agnete | ||
Land | Noreg | |
Språk | Engelsk | |
Utgjeve | 2. februar 2016 | |
Lengd | 2:56 | |
Selskap | Aiko Music | |
Låtskrivar(ar) | Agnete Johnsen, Gabriel Alares og Ian Curnow | |
---|---|---|
Kritikk | ||
«Icebreaker» (Isbrytar) er ein singel av Agnete, gjeven ut 2. februar 2016.[5] Songen er skriven av Agnete Johnsen, Gabriel Alares og Ian Curnow.
«Icebreaker» vart presentert som eit av bidraga i Melodi Grand Prix 2016, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 2016 i Stockholm i Sverige, på ein pressekonferanse hjå Norsk rikskringkasting 19. januar 2016.[6] På pressekonferansen vart det òg kjend at Agnete Johnsen, under namnet Agnete, skulle framføre songen, på engelsk.[6] Samstundes vart 15 sekundar av songen offentliggjort på NRK.no.[6] 2. februar 2016 vart songen gjeven ut i full lengd.[5] Bidaget gjekk vidare til gullfinalen, der det vann med 166 728 røyster. «Icebreaker» vert dimed det norske bidraget i Eurovision Song Contest 2016.
«Icebreaker» | |||||
---|---|---|---|---|---|
Eurovision Song Contest 2016 | |||||
Land | Noreg | ||||
Artist(ar) | Agnete Kristin Johnsen | ||||
Alias | Agnete | ||||
Medverkande | Sara Christine Einbu (dansar), Charlotte Bredesen (støttevokalist), Nicoline Berg Kaasin (støttevokalist) og Ingunn Dalland (støttevokalist) | ||||
Språk | Engelsk | ||||
Komponist(ar) | Agnete Johnsen, Gabriel Alares og Ian Curnow | ||||
Låtskrivar(ar) | Agnete Johnsen, Gabriel Alares og Ian Curnow | ||||
Resultat | |||||
Semifinalepoeng | TBA | ||||
Semifinaleplass | TBA | ||||
Finalepoeng | TBA | ||||
Finaleplass | TBA | ||||
Noreg i Eurovision Song Contest | |||||
|
Sigeren i Melodi Grand Prix 2016 sikra «Icebreaker» retten til å representere Noreg i Eurovision Song Contest 2016. Bidraget vil delteke i den andre semifinalen med startnummer 15.[7] Opphavleg hadde bidraget startnummer 16, men vart flytta fram av di Romania vart diskvalifisert frå tevlinga.[7][8]