«Mil etter mil» Singel av Jahn Teigen | ||
Land | Noreg | |
Språk | Norsk | |
Utgjeve | 1978 | |
Sjanger | rock | |
Låtskrivar(ar) | Kai Eide |
---|
«Mil etter mil» er ein song av Jahn Teigen frå 1978. Songen er skriven av Kai Eide.[1]
«Mil etter mil» deltok i Melodi Grand Prix 1978, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 1978 i Paris i Frankrike. Bidraget vart framført på norsk av Jahn Teigen, og vann med 15 poeng.[2][3]
«Mil etter mil» | |||||
---|---|---|---|---|---|
Eurovision Song Contest 1978 | |||||
Land | Noreg | ||||
Artist(ar) | Jahn Teigen | ||||
Medverkande | Carsten Klouman (dirigent) | ||||
Språk | Norsk | ||||
Komponist(ar) | Svein Strugstad | ||||
Låtskrivar(ar) | Dag Nordtømme | ||||
Resultat | |||||
Finalepoeng | 0 | ||||
Finaleplass | 20 | ||||
Noreg i Eurovision Song Contest | |||||
|
Etter sigeren i Melodi Grand Prix 1978 fekk «Mil etter mil» representere Noreg i Eurovision Song Contest 1978. Bidraget vart framført på norsk av Jahn Teigen, og enda på 20. og sisteplass med null poeng. Carsten Klouman var dirigent. Dette var femte gong Noreg enda på sisteplass, og andre gong utan poeng.