Alessandra Mele | |||
| |||
Fødd | 5. september 2002 (21 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Pietra Ligure | ||
Fødenamn | Alessandra Watle Mele | ||
Opphav | Italia, Noreg | ||
Aktiv | 2022– | ||
Sjanger | pop | ||
Instrument | gitar | ||
Verka som | songar, låtskrivar |
Alessandra Watle Mele (fødd 5. september 2002 i Savona i Italia[1][2]) er ein norsk-italiensk songar. Ho vart fyrst kjend i Noreg i 2022, då ho deltok i The Voice Noreg. Vinteren 2023 deltok ho i Melodi Grand Prix og vann med låten «Queen of Kings», og representerte difor Noreg i Eurovison Song Contest i Liverpool.[3]
Mele vaks opp i byen Cisano sul Neva i Savona i Italia.[2] Ho har italiensk far, medan mora er norsk med røter på Stathelle i Bamble.[4] Etter vidaregåande skule i 2021 flytta ho til Noreg for å vere nærare den norske familien og samstundes satse på ein musikkarriere.[5][3] Allereie som barn byrja ho å synge og danse, og ho deltok i si fyrste songtevling som seksåring.[3]
Mele har studert piano og tok songtimar hos ein songpedagog i Italia.[3] I Noreg byrja ho hausten 2022 å studere ved musikkskulen LIMPI på Lillehammer.[4] I 2022 deltok ho i The Voice Norge på TV 2 Direkte og nådde live-rundane. Året etter vart ho plukka ut som ein av deltakarane i Melodi Grand Prix 2023 med låten «Queen of Kings». Låten vart skriven på ein låtskrivarleir hausten 2022. Songen handlar om å våge å vere seg sjølv fullt ut, og er basert på erfaringar frå Mele sitt liv som bifil.[4][6]
Mele kvalifiserte seg frå den fyrste delfinalen laurdag 14. januar og vann finalen i Trondheim Spektrum laurdag 4. februar.[7] Som vinnar av Melodi Grand Prix fekk ho representere Noreg i Eurovision Song Contest i Liverpool i mai 2023.
Alessandra Mele deltok i The Voice Norge i 2022. Espen Lind var mentoren hennar under tiden i TV-programmet.
Runde | Song | Originalartist | Resultat |
---|---|---|---|
Blind | «I Will Pray (Pregherò)» | Giorgia, Alicia Keys | Vidare |
Utslagsrunde | «The Moon Is a Harsh Mistress» | Jimmy Webb | Vidare |
Duell | «I Just Can’t Stop Loving You» | Michael Jackson med Siedah Garrett | Vidare |
Direktesending 1 | «One Night Only» | Beyoncé, Sharon Leal, Anika Noni Rose | Ute[4] |
Låt | År | Album |
---|---|---|
«Queen of Kings» | 2023 | Ikkje frå album |
Oversikt over Alessandra sine singlar med plassering på den offisielle singellista i Noreg og andre listeplasseringar. Lista er oppdatert per veke 8 i 2023:[8]
Låt | Noreg[9] |
Sverige[10] |
Ungarn[11] |
Island[12] |
Polen[13] |
Finland[14] | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Høgaste plassering |
Veker | Høgaste plassering |
Veker | Høgaste plassering |
Veker | Høgaste plassering |
Veker | Høgaste plassering |
Veker | Høgaste plassering |
Veker | |
«Queen of Kings» | 1 | 6 | 35 | 4 | 6 | 3 | 22 | 2 | 72 | 1 | 20 | 1 |