BWV 4 Kantate av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | Før 1708 | ||
Publiseringsdato | 1851 | ||
Revidert | 1724 | ||
Typisk lengd | 19:40 | ||
Tekst av | Martin Luther | ||
Toneart | e-moll |
Christ lag in Todesbanden eller Christ lag in Todes Banden, BWV 4, er ein kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
Han vart skriven for påske, truleg i 1707 og er truleg knytt til då Bach flytta frå Arnstadt to Mühlhausen. Han er basert på ein koral med same namn av Martin Luther – i Noreg kjent som Vår Herre Krist i dødens band – som Bach nytta som ein cantus firmus gjennom heile stykket.
Stykket er skriven for sopran, alt, tenor, bass, to fiolinar, to bratsjar og basso continuo. Det består av åtte satsar, alle i E-moll:
Dette er kanskje ein av dei mest kjende av kyrkjekantatane til Bach og ein av komposisjonane hans for den første av dei tre dagane i påskefeiringa. Bach var påskane i 1707 og 1708 i Mühlhausen og ut frå samanlikning med handskrivinga til andre verk ein har frå same periode, er det grunn til å tru at verket var ferdig i 1708. Uansett framførte Bach denne kantaten i Leipzig både i 1724 og 1725, og reviderte verket, mellom anna med ein overlappande trombone. Kjeldene til musikken ein har i dag er delane som vart skriven for framføringane i Leipzig. Den siste koralen vart først framført i 1725.