BWV 144 Kantate av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1724 | ||
Urframføring | 6. februar 1724 | ||
Publiseringsdato | 1843 | ||
Typisk lengd | 12:41 | ||
Satsar/akter | 6 |
Nimm, was dein ist, und gehe hin, BWV 144, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
Han vart komponert i Leipzig i 1724 for septuagesima (niande søndag før påske).
Teksten er henta frå Evangeliet etter Matteus 20: 14 (første sats), Samuel Rodigast (tredje sats) og markgreve Albrecht von Brandenburg, medan resten er skriven av ein ukjend tekstforfattar.
Koraltemaa er basert på salmane «Was Gott tut, das ist wohlgetan» og «Was mein Gott will, das g’scheh allzeit». Førstnemnde er vanlegvis tilskriven Severus Gastorius (1646 - 1682), medan den andre vart komponert av Claudin de Sermisy (ca. 1495-1562), som var ein kjend fransk komponist av både verdsleg og kyrkjeleg musikk. Denne melodien kom på trykk for fire stemmer som «Trente et quatre chansons…», trykt av Pierre Attaingnant den 28. januar 1528.
Stykket er instrumentert for obo d’amore, strykarar og basso continuo, samt tre songsolistar (sopran, alt, tenor) og firedelt kor.
Det består av seks satsar: