BWV 175 Kantate av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1725 | ||
Urframføring | 22. mai 1725 | ||
Publiseringsdato | 1888 | ||
Typisk lengd | 15:53 | ||
Satsar/akter | 7 |
Er rufet seinen Schafen mit Namen, BWV 175, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
Han vart komponert i Leipzig i 1725 for tredje pinsedag. Stykket vart framført ein gong til i Leipzig i eit ukjend år.
Teksten er skriven av Christiane Mariene von Ziegler (sats 2-5) og Johann Rist (sats 7), medan første og femte sats er basert på Evangeliet etter Johannes 10: 3 og 10: 6.
Koraltemaet er basert på salmen «Komm, Heiliger Geist, Herre Gott». Denne melodien av ein ukjend komponist er datert til 1400-talet og er kanskje knytt til salmemelodien «Adesto, sancta spiritus» av Marchetto di Padua får kring 1270. Han kom først på trykk i den noverande forma i Geystliche Gesangk Buchleyn (redigert av Johann Walter) i Wittenberg i 1524 i lag med fleire vers som Martin Luther hadde skrive.
Stykket er instrumentert for tre trompetar, tre fløyte dolce, to fiolinar, bratsj, fiolonsell piccolo solo og basso continuo, samt tre songsolistar (alt, tenor, bass) og firedelt kor.
Det består av sju satsar: