Uns ist ein Kind geboren, BWV 142, er ein kyrkjeleg julekantate tidlegare tilskriven Johann Sebastian Bach. Han nyttar tekst av Erdmann Neumeister som først kom ut i 1711.[1]
Musikken vart komponert i Leipzig kring 1720, truleg av Johann Kuhnau for første juledag.
Den opphavlege komponisten av kantaten er ikkje fullstendig etablert. Kantaten blei først gjeven ut av Bach-Gesellschaft på 1800-talet, men Bach-forskarar som Johannes Schreyer, Arnold Schering og Alfred Dürr aksepterte ikkje denne tilskrivinga.[2][3] Seint på 1900-talet blei han teken ut av Neue Bach Ausgabe, og erstatta av ein detaljert kommentar om autentisitet og tilskviring av Andreas Glöckner.[4] På grunn av usikkerheiten har kantaten blitt verande på lista Anhang II i Bach-katalogen BWV.[5] Det blir no rekna som sannsynleg at Johann Kuhnau, føregangaren til Bach som Thomaskantor i Leipzig. Dette blei opphavleg føreslått av Schering 1912.[6]
Sinfonia, instrumentalkonsert for to alt-blokkfløyter, to oboar og strykarar.
Kor: Uns ist ein Kind geboren, dobbel fuge med det første temaet sett til teksten av «Uns ist ein Kind geboren» og det andre til «Eins Sohn ist uns gegeben».
Kor: Ich will den Namen Gottes loben. Denne korte korsatsen byrjar med ein fugatoseksjon der dei fire stemmene er akkompagnert av første- og andrefiolin. Etter fugedelane er musikken homofonisk.
Arie (tenor): Jesu, dir sei Dank. I denne relativt korte da capo-arien er tenoren akkompagnert av to obligatoboar.
Arie (alt): Jesu, dir sei Preis. Denne arien er ein transposisjon av den 5. satsen frå A-moll til D-moll med nye ord. Alten erstattar tenoren og dei to altblokkfløytene erstattar oboane.
Kor: Alleluia. Over ein nesten ubroten straum av sekstendelsnotefigurar spelt i unison av altblokkfløyter, oboar og fiolinar syng koret den siste firstemmige koralen linje for linje.
Dürr, Alfred (2006), «Appendix: doubtful and spurious cantatas», The cantatas of J. S. Bach, sett om av Richard Douglas P. Jones, Oxford University Press, s. 926, ISBN0-19-929776-2
Dürr, Alfred (1977), Studien über die frühen Kantaten Johann Sebastian Bachs (på tysk) (2nd utg.), Breitkopf & Härtel, s. 57–58, 209–211, ISBN3765101303
Schering, Arnold (1912), «Beiträge zur Bachkritik», Bach-Jahrbuch (på tysk) 9: 124–133, page 133
↑Glöckner, Andreas (2000), Johann Sebastian Bach, Varia: Kantaten, Quodlibet, Einzelsätze, Bearbeitungen. Critical commentary, Neue Ausgabe sämtlicher Werke (NBA) I/41, Bärenreiter, s. 117–118
↑Zedler, Günther (2009), Die erhaltenen Kantaten Johann Sebastian Bachs (Spätere Sakrale- und Weltliche Werke): Besprechungen in Form von Analysen - Erklärungen - Deutungen (på tysk), Perfect Paperback, s. 297–298, ISBN383913773X
↑Whittaker, William Gillies (1959), The Cantatas of Johann Sebastian Bach: sacred and secular, Volume I, Oxford University Press, s. 160–161