Rehovot | |||
by | |||
|
|||
Namneopphav: Vide stader[1] | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Sentral | ||
Koordinatar | 31°53′52.67″N 34°48′29.24″E / 31.8979639°N 34.8081222°E | ||
Areal | 23,041 km² | ||
Folketal | 112 700 (2009)[2] | ||
Folketettleik | 4 891 / km² | ||
Grunnlagd | 1890 | ||
Borgarmeister | Rahamim Malul | ||
Rehovot 31°53′29″N 34°48′28″E / 31.891388888889°N 34.807777777778°E | |||
| |||
Wikimedia Commons: Rehovot | |||
Nettstad: www.rehovot.muni.il | |||
Rehovot (hebraisk skrift רְחוֹבוֹת) er ein by i Sentral-Israel i Israel, kring 20 kilometer sør for Tel Aviv. I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå (CBS) hadde byen mot slutten av 2009 eit folketal på 112 700.[2] Den offisielle nettstaden til Rehovot estimerer folketalet til å vere 114 000.
Rehovot vart grunnlagd i 1890 av polske immigrantar på land kjøpt frå kristne arabarar.[3]
Israel Belkind, som grunnla Bilu-rørsla, føreslo namnet «Rehovot» (tyder 'vide flater') basert på Første Mosebok 26:22: «Så drog han derifrå og grov endå ein brønn. Den vart det ingen strid om. Difor kalla Isak han Rehobot og sa: 'No har Herren gjeve oss nok rom, så vi kan vera fruktbare i landet'.»[4] Den bibelske byen Rehobot ligg i Negevørkenen.[5]
Rehovot vart grunnlagd nær ein stad kalla Khirbat Deiran, som no ligg i sentrum av eit oppbygd område av byen.[6]
Utgravingar ved Khirbat Deiran har avdekt spor etter busetnad i hellenistisk og romersk tid, og gjennom bysantinsk tid, og det vart gjort ei stor utviding på kring 60 mål tidleg i islamsk styre.[6] Spor av jødisk og kanskje samaritanske okkupantar under romersk og bysantinsk tid er funne.[7] I 1939 vart Khirbet Deiran identifisert av Klein som Kerem Doron («Doron-vingardaen»), ein stad nemnt i Talmud Yerushalmi (Peah 7,4), men Fischer meiner det ikkje finst noko som støttar denne identifiseringa,[6] medan Kalmin er usikker på om om Doron var ein stad eller ein person.[8]
Moshavaen Rehovot vart grunnlagd på kystsletta av polske jødar som ønskte å opprette ein busetnad uavhengig av baron Edmond James de Rothschild. Landområdet vart kjøpt av Menuha Venahala-samfunnet, ein organisasjon i Warszawa som skaffa midlar for ein jødisk busetnad i Eretz Israel.[4]
I mars 1892 oppstod det ein krangel om rettane til markene kring busetnaden mellom innbyggjarane i Rehovot og nabolandsbyen Zarnuqa, som tok to år å løyse. Ein annan krangel braut ut med beduinstamma Suteriya, som hadde dyrka delar av marka som leigebønder. I følgje Moshe Smilansky, ein av dei tidlege nybyggjarane i Rehovot, hadde beduinane fått kompensasjon for landområdet, men nekta å dra derfrå. I 1893 gjekk dei til åtak på moshaven. Ein respektert, arabisk sjeik gjekk imellom og dei kom fram til ei løysing, der beduinane fekk ein ytterlegare sum pengar, som dei nytta til å grave ein brunn.[9]
I 1890 var regionen ei udyrka øydemark, utan tre, hus eller vatn.[10] Nybyggjarane i Rehovot planta vinranker og lundar av mandel og sitrustre, men sleit med mislukka avlingar, plantesjukdommar og problem med å få selt varene sine.
Den første sitruslunden vart planta av Zalman Minkov i 1904. Nokre få jemenittiske familiar kom til Rehovot før 1908.[11]
I 1924 inngjekk den britiske hæren ein avtale med Palestina Electric Company for å byggje ut elektrisitetsnettverket i området.[12]
Ein jordbruksforskingsstasjon opna i Rehovot i 1932 vart jordbruksinstituttet ved Det hebraiske universitetet i Jerusalem.
Den 29. februar 1948 sprengde Lehi toget frå Kairo til Haifa kort tid etter det forlet Rehovot. 29 britiske soldatar mista livet, medan 35 vart skadde. Lehi sa bombinga var hemn for bombinga Ben Yehuda-gata ei veke tidlegare.
Rehovot har hatt tre fotballklubbar i den øvste divisjonen i israelsk fotball: Maccabi Rehovot frå 1949 til 1956, Maccabi Sha'arayim frå 1963 til 1969 og igjen i 1985, og Hapoel Marmorek i sesongen 1972-73.
I dag er Marmorek den høgast rangerte klubben, og spelar i Liga Artzit, det tredje nivået.
Rehovot er venskapsby med:
|
|