Zemer | |||
زيمر, זמר | |||
lokal kommune | |||
Namneopphav: Khurbet Ibthan; som tyder «Hageruinar» eller «blaut jord»[1] | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Sentral | ||
Koordinatar | 32°22′1.28″N 35°2′7.05″E / 32.3670222°N 35.0352917°E | ||
Areal | 8,203 km² | ||
Folketal | 5 700 (2009)[2] | ||
Folketettleik | 695 / km² | ||
Grunnlagd | 1988 (samanslåing) | ||
- Bystatus | 1988 | ||
Zemer 32°22′01″N 35°02′07″E / 32.367022222222°N 35.035291666667°E | |||
| |||
Wikimedia Commons: Zemer | |||
Zemer (hebraisk skrift זמר; arabisk زيمر) er ein arabisk lokal kommune i Sentral-Israel i Israel. Han ligg i det arabiske triangelet mellom Baqa-Jatt og Bat Hefer. Zemer vart danna då fire landsbyar - Yama, Bir as-Sika, Ibtan og Marja - vart slått saman i 1988.
Yama og Ibtan stod oppført i osmanske skattelister i 1596 i høvesvis Qaqun nahiya og Jabal Sami nahiya i Nablus liwa. Yama hadde eit folketal på 18 muslimske hushaldningar og 5 ungkarar, medan Ibtan stod oppført som folketom, sjølv om det vart betalt skatt.[3]
I 1882 omtalte Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine berre Khurbet Ibthan, med «spor av ruinar og ein brunn».[4]
Før 1948 vart dei fire landsbyane styrt av den palestinske byen Deir al-Ghusun.[5]
Folketalet i Zemer var mot slutten av 2009 5 700,[2] over eit område på 8 203 mål.[6]