Hadera | |||
חֲדֵרָה | |||
by | |||
|
|||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Haifa distrikt | ||
Koordinatar | 32°27′N 34°55′E / 32.450°N 34.917°E | ||
Areal | 53 km² | ||
Folketal | 91 634 (2013)[1] | ||
Grunnlagd | 1890 | ||
- Bystatus | 1952 | ||
Borgarmeister | Zvika Gendelman | ||
Hadera 32°27′00″N 34°55′00″E / 32.45°N 34.916666666667°E | |||
| |||
Wikimedia Commons: Hadera | |||
Hadera (hebraisk skrift חֲדֵרָה) er ein by i Haifa distrikt nord i Israel kring 45 kilometer frå storbyane Tel Aviv og Haifa. Byen ligg langs 7 km av Den israelske kystsletta ved Middelhavet. Byen hadde 91 634 innbyggjarar i 2013, der immigrantar som har kome til etter 1990, særleg frå Etiopia og det tidlegare Sovjetunionen, utgjer ein stor del.[1]
Hadera vart grunnlagd i 1891 som ein gardskoloni av medlemmar frå sionistgruppa Hovevei Zion. Nybyggjarane kom frå Litauen og Latvia. I 1948 vart han eit regionssenter med eit folketal på 11 800. I 1952 fekk Hadera bystatus og dekkte eit areal på 53 kvadratkilometer.[2]
Hadera vart grunnlagd i 1891, i dei første åra av den moderne sionismen, av jødiske immigrantar frå Litauen og Latvia på landområde kjøpt av Yehoshua Hankin.[2][3] Landområdet vart kjøpt av ein kristen effendi, Selim Khuri. Dette var det største landkjøpet i Eretz Israel av ei sionistgruppe, sjølv om landområdet var av låg kvalitet og hovudsakleg myrland. Dei einaste innbyggjarane her før kjøpet var få familiar som dreiv med avl av vassbøflar og selde siv.[4] Byen fekk namnet sitt frå det arabiske ordet khadra, som tyder «grøn» og synte til graset som dekte myrane der byen var bygd.[3]
Dei første nybyggjarane budde i eit hus kalla Khan nær hovudsynagoga i Hadera.[5] I starten var Hadera berre ein einsleg utpost med ti familiar og fire vaktar. Dei første åra hadde dei problem med eigartilhøva for landområdet etter at dei drenerte myrane med hjelp av egyptiske arbeidarar som vart sende til dei av baron Edmond de Rothschild.[6]
Gamle gravsteinar på den lokale gravlunden syner at av 540 innbyggjarar, døydde 210 av malaria.[7] Forholdet mellom innbyggjarane i Hadera og beduinane i området var dårleg, og HaShomer-organisasjonen fekk i oppdrag å vakte over markene. Tidleg på 1900-talet hadde byen vorte eit regionssenter.[2] Strid om landområdet vart løyst i 1930-åra, og folketalet i byen var vokse til 2 002 i 1931.[3][4] Gratis skulegang vart innført i byen i 1937.[8]
Folketalet i Hadera voks dramatisk etter sjølvstendet til Israel i 1948, då immigrantar strøymde til landet. Av immigrantane til byen var russarar og andre europeiske immigrantar, i tillegg til 40 jemenittiske familiar.[7] I 1964 fekk Hadera bystatus,[2] og i 1953 var det første papirfabrikken i Israel opna i byen. Fabrikken vart finansiert med støtte frå investorar i Israel, i tillegg til frå USA, Brasil og Australia, og var bygd for å møte behovet i heile Israel.[9] På denne tida vart òg bydelen Givat Olga bygd ved kysten, og Beit Eliezer aust for byen.[2]
Byen voks enno raskare i 1990-åra, då mange russarar og etiopiarar kom til byen.[2][3] Hadera, som vart rekna som ein trygg stad for innbyggjarar, vart råka av fleire terrorhandlignar, mellom anna ein massakre på seks sivile under ein Bat Mitzvah[10] og ein sjølvmordsbombar som sprengde seg sjølv ved ein falafelkiosk den 26. oktober 2005, og tok livet av sju sivile,[11][12] medan 55 vart skadde, fem av dei alvorleg.[13] I tillegg vart fire sivile drepne då ein terrorist skaut på fotgjengarar ved ein busstopp den 28. oktober 2001.[14] Etter bygginga av den nærliggande Vestbreidda-sperringa har desse terroråtaka vorte langt færre. Den 4. august 2006 vart Hadera råka av tre rakettar sende av Hizbollah. Hadera ligg 80 km sør for den libanesiske grensa og er den staden lengst inne i Israel som Hizbollah klarte å nå.[15]
Hadera har tradisjonelt vore ei bakevje. I 2000-åra vart det sett i gang fleire prosjekt for å betre levevilkåra i Hadera. Sentrum av byen vart fornya og det vart oppretta ein høgteknologipark og det største avsaltingsanlegget i verda.[2][16] I tillegg har byen sakte, men sikkert trekt til seg fleire huskjøparar. Kring 18 000 nye hus er planlagt bygd, mellom anna 2 500 villaer og 1 300 luksusleilegheiter ved kysten. I samband med dette skal 2,5 km av kysten utviklast. Det er planlagt å bygge ein stor park og fleire kjøpesenter. Ti nye hotell med i alt 1 800 rom er òg planlagt, med ønske om å gjere staden til eit turistsenter med strender og kort veg til Galilea.[17]
Hadera ligg på Den israelske kystsletta, 45 km nord for Tel Aviv.[18] Byen dekkjr eit område på 53 kvadratkilometer og han er den fjerde største byen i landet etter areal. Nahal Hadera-parken, ein eukalyptusskog som dekkjer 1,3 kvadratkilometer, og Hasharonparken, ligg begge i utkanten av Hadera.[2]
Hadera ligg langs to av hovudjernbanelinjene i Israel: Kystlinja og frakteruta Austbanen. Jernbanestasjonen ligg vest for byen. Sentrum i Hadera ligg nær to av hovudvegane til Israel mellom nord og sør, Hovudveg 2, mellom Tel Aviv og Haifa, og Hovudveg 4.[2] Dette gjer at Hadera er eit viktig kryss for all busstransport langs kysten.
Hadera vart eit viktig økonomisk senter då den første papirfabrikken i Israel vart oppretta her i 1953. Hadera Paper er framleis eit av dei største føretaka i byen. I desember 2009 vart det største avsaltingsanlegget av sitt slag bygd i byen,[19] like ved kommunegrensa.[2] Kraftverket Orot Rabin ligg i Israel.[20]
I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå hadde Hadera i oktober 2013 91 634 innbyggjarar, med ein årleg vekstrate på 1,2 %.[1]I 2003 var folketettleiken i byen 1 516,6 per km2.[21] Kring 23 407 innbyggjarar i byen er immigrantar, mange frå Etiopia.[21]
Hadera har vokse jamt sidan 1948, då byen hadde eit folketal på 11 800. I 1955 var folketalet nesten dobla til 22 500. I 1961 steig det til 25 600, i 1972 til 32 200, og i 1983 var folketalet 38 700.[21]
Gjennomsnittsalderen i Hadera er 32,8.[22]
I 2001 var 99,2 % av innbyggjarane jødiske og andre ikkje-arabarar, og det var ikkje noko signifikant arabisk folkesetnad.
I 2001 var det 15 622 studentar ved 45 skular (24 grunnskular og 21 vidaregåande skular).
Den demokratiske skulen i Hadera, som opna i 1987, var den første i sitt slag i Israel. Technoda, eit utdanningssenter for vitskap og teknologi med eit moderne teleskop og planetarium, ligg i nabolaget Givat Olga.[23]
Av nabolag i Hadera finn ein Givat Olga,[24] Beit Eliezer, Kfar Brandeis, Haotzar, Hephzibah, Neve Haim, Nissan, Ephraim, Bilu, Nahaliel, Shimshon, Shlomo, Pe'er, Bialik, Beitar og Parken.
Det finst fire fotballag i Hadera: Hapoel Hadera, F.C. Givat Olga (begge i Liga Alef Nord), Beitar Hadera (i Liga Gimel Shomron) og kvinnelaget Maccabi Kishronot Hadera (i Ligat Nashim Rishona).
I basketball speler kvinnelaget Maccabi Hadera på andre nivå i Israel, medan herrelaget Maccabi Hadera spelar på tredje nivå.
Hadera er venskapsby med