Elyakhin | |||
אֶלְיָכִין | |||
lokal kommune | |||
Namneopphav: Gud vil førebu | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Sentral | ||
Koordinatar | 32°24′30.69″N 34°55′28.77″E / 32.4085250°N 34.9246583°E | ||
Areal | 1,66 km² | ||
Folketal | 2 900 (2008)[1] | ||
Folketettleik | 1 747 / km² | ||
Grunnlagd | 1950 | ||
- Bystatus | 1977 | ||
Elyakhin 32°24′31″N 34°55′29″E / 32.408525°N 34.924658333333°E | |||
| |||
Wikimedia Commons: Elyakhin | |||
Elyakhin (hebraisk skrift אֶלְיָכִין) er ein by (lokal kommune) i Sentral-Israel i Israel. Han ligg like sør for Hadera og grensar til Emek Hefer regionale kommune. Han har tilkomst via den lokale vegen 5812. Folketalet i Elyakhin mot slutten av 2008 var 2 900[1] og byen dekte kring 1600 mål.[2]
Elyakhin vart grunnlagd i 1950 som ein ma'abara nær ruinane av den arabiske landsbyen Zalafa.[3] Han har eit symbolsk namn som tyder «Gud skal førebu». Dette viser til at Gud skal førebu landområdet for busetnad for folk som gjer aliyah.[4]
Elyakhin grensar til Hadera i nord og Heferdalen regionale kommune i sør. Nærliggande landsbyar i den regionale kommunen er Herev Le'et, Hibat Tzion og Givat Haim (Ihud). Elyakhin ligg i snitt kring 30 meter over havet.[4]