Ganei Tikva | |||
lokal kommune | |||
Namneopphav: Håpshagane | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Sentral | ||
Koordinatar | 32°03′40″N 34°52′28″E / 32.06111°N 34.87444°E | ||
Areal | 1,842 km² | ||
Folketal | 16 000 (2014)[1] | ||
Folketettleik | 8 686 / km² | ||
Grunnlagd | 1949 | ||
- Bystatus | 1953 | ||
Borgarmeister | Lizy Delaricha | ||
Ganei Tikva 32°03′40″N 34°52′28″E / 32.061111111111°N 34.874444444444°E | |||
| |||
Wikimedia Commons: Ganey Tikva | |||
Ganei Tikva (hebraisk skrift גַּנֵּי תִּקְוָה, tyder Håpshagane) er ein lokal kommune i Israel, som grensar til Kiryat Ono i vest, Petah Tikva i nord, Gat Rimon i aust og Savyon i sør. Han er kjend for den høge levestandarden og kvalitetsutdanninga. Han ligg fint til nær Tel Aviv og storbyområdet Gush Dan, og har ei mangfaldig etnisk, jødisk blanding. Bymønsteret består av små, frittståande hus, byhus og leilegheitsbygg, innimellom gamle tre og lite trafikk.
Ganei Tikva vart grunnlagd i 1949 då nabolaget Shikun Yovel vart grunnlagd. Yismach Moshe, eit religiøst nabolag, kom til i 1962. Under Shabat er Yismach Moshe stengd for trafikk. Givat Savyon vart bygd i 1972 og vert rekna som eit velståande nabolag. I eit forsøk på å gjenskape suksessen med Givat Savyon, vart HaHadasha danna på austsida, inntil Gat Rimon. Det siste nabolaget i Ganei Tikva er Ganim.