Jerusalem | |||
hebraisk יְרוּשָׁלַיִם (Yerushalayim) arabisk القُدس (al-Quds) arameisk: יְרוּשְׁלֶם (Yərushəlem) | |||
by | |||
|
|||
Kallenamn: Ir ha-Kodesh (Den heilage byen), Bayt al-Maqdis (Det heilage huset) | |||
Land | ![]() ![]() | ||
---|---|---|---|
Kravd av | Israel Palestina (Aust) | ||
Administrert av | Israel | ||
Israelsk distrikt | Jerusalem | ||
Del av | Stor-Jerusalem | ||
Palestinsk guvernement | Jerusalem | ||
Høgd | 754 moh. | ||
Koordinatar | 31°47′N 35°13′E / 31.783°N 35.217°E | ||
Areal | 125,156 km² | ||
- storbyområde | 652 km² | ||
Folketal | 890 428 (2013) | ||
- storby | 1 029 300 | ||
Folketettleik | 6 400 / km² | ||
Tidssone | (UTC+2) | ||
- Sommartid | (UTC+3) | ||
Retningsnummer | Internasjonalt: +972-2 Lokalt: 02 | ||
![]() Jerusalem 31°46′44″N 35°13′32″E / 31.778888888889°N 35.225555555556°E | |||
Wikimedia Commons: Jerusalem | |||
Nettstad: jerusalem.muni.il[iv] | |||
Jerusalem er ein by i Midtausten i det historiske landskapet Israel/Judea/Palestina. Byen ligg på vasskiljet mellom Middelhavet og Dødehavet, på eit høgdedrag frå 650 til 840 meter. Jerusalem ligg aust for Tel Aviv, sør for Ramallah, vest for Jeriko og nord for Betlehem. Jerusalem har opp gjennom åra vore ein omstridd by. Byen har ei fortid som hovudstad i det sjølvstendige Israel under David si ætt, Israel/Judea, seinare hovudstad for Hasmonearane sitt rike og for Herodes sitt kongerike, noko som gjer byen viktig for jødane og for dei kristne. Byen er òg religiøst viktig for muslimane då det var her profeten Muhammed skal ha utført si himmelreise frå.
Jerusalem har sidan 1950 vore de facto hovudstad i staten Israel. Fram til 1967 var berre Vest-Jerusalem ein del av Israel. Sidan Seksdagarskrigen i 1967 har Israel òg styrt over Aust-Jerusalem. Israel gjer krav på heile byen som sin hovudstad, men det er ikkje internasjonalt anerkjent. Nesten alle ambassadar ligg difor i Tel Aviv. Palestinarane gjer krav på Aust-Jerusalem som hovudstad for dei palestinske sjølvstyresmaktene i ein framtidig palestinsk stat. Etter SN sin delingsplan frå 1947 skal Jerusalem vera ein internasjonal by under SN-styre. Israel vedtok ei lov der det vart slege fast at Jerusalem var Israel sin «evige og udelelege hovudstad».
I Jerusalem ligg mellom anna den jødiske heilagdommen Vestmuren, òg kjend som «Klagemuren» blant ikkje-jødar, Gravkyrkja, som etter tradisjonen er bygd over Jesu grav, og den muslimske Klippedomen frå 700-talet.
Ein by kalla Rušalimum eller Urušalimum er omtalt i egyptiske tekstar frå ca. 2000 f.Kr. og 1330 f.Kr. Namnet tyder truleg 'grunnen åt Sjalim', der Sjalim er ein semittisk gud.[1] Jødisk tradisjon knyter namnet til hebraiske sjalom, 'fred'. Fyrste Mosebok nemner Salem, som truleg er den same byen.
Klassisk hebraisk יְרֽוּשָׁלִַֽם [jərūšā'laim] er ei seinare fom av namnet. På moderne israelsk hebraisk Yerushalayim יְרוּשָׁלַיִם [jərūšā'lajim]. Ūršalīm er ei arabifisert form av dette namnet. På arabisk er byen mest kjend som Al-Quds (القدس [al-qūds]), 'den heilage', eller Bayt al-Muqaddas, 'heilag stad'.[1]
På bibelsk gresk blir byen kalla Ιερουσαλήμ, Hierousalēm/Ierousalēm eller Ιεροσόλυμα Hierosolyma/Ierosolyma, som har påverka europeiske namn på byen. Eit norrønt namn på byen er Jorsal, kjend frå kongsnamnet Sigurd Jorsalfare.[2]
Med tanke på den sentrale stillinga byen har i både jødisk nasjonalisme (sionisme) og palestinsk nasjonalisme vert oppsummeringa av den meir enn 5 000 år gamle historia til Jerusalem ofte[3] påverka av ideologiske fordommar eller bakgrunn. Til dømes er dei jødiske periodane av byhistoria viktige for sionistane, som snakkar om at dei moderne jødane ættar frå israelittane og makkabearane,[4][5] medan islamske, kristne og andre ikkje-jødiske periodar i byen har vore viktig for palestinsk nasjonalisme, som snakkar om at moderne palestinarar ættar frå alle dei forskjellige folkegruppene som har levd i regionen.[6][7] Som følgje av dette, hevdar begge sider at historia til byen har blitt politisert av den andre for å styrke sine eigne krav på byen,[3][3][8][9] og at ho er boren fram av fokuset kvar forfattar har på forskjellige hendingar og epokar i byhistoria.
Keramiske funn indikerer at Davidsbyen, som ligg innafor dagens Jerusalem, var busett så langt attende som koparalderen (ca. 3000-talet fvt.),[10][11] med bevis for ei permanent busetnad tidleg i bronsealderen (ca. 3000–2800 fvt.).[11][12] Forbanningstekstane (ca. 1800-talet fvt.), som referer til ein by kalla rwš3lmm, transkribert på forskjellige måtar som Rušalimum/Urušalimum/Rôsh-ramen[11][13] og Amarnabreva (ca. 1300-talet fvt.) kan vere første gongen byen er nemnt.[14][15] Somme arkeologar, inkludert Kathleen Kenyon, meiner Jerusalem vart grunnlagd av nordvestlege semittar med organiserte busetnader frå kring 2600 fvt. Nadav Na'aman hevdar at festningsverka var senteret i eit kongedøme datert til kring 1700-talet fvt.[16] Den første busetnaden låg på Ophelhøgda.[17] Bibelen nemner først Jerusalem («Salem») som styrt av Melkisedek, ein alliert av Abraham.
Seint i bronsealderen var Jerusalem hovudstaden i ein bystat som var vasall under egyptarane,[18] og var då ein liten busetnad som styrte over eit par kringliggande landsbyar og beitemarker, med ein liten egyptisk garnison styrt av herskarar utpeikt av kong Abdi-Heba,[19] På tida til Seti I og Ramses II vart det gjort store utbyggingar medan velstanden auka.[20]
Denne perioden, då Kanaan var ein del av det egyptiske riket, samsvarar i Bibelen med invasjonen til Josva.[21] I Bibelen vert det skrive at Jerusalem låg i området som høyrte til Benjamin-stamma[22][23] men var okkupert av jebusittane. Kong David er sagt å ha erobra desse i omleiringa av Jebus, og flytta hovudstaden sin frå Hebron til Jerusalem, som då vart hovudstaden i eit samla Kongedømet Israel,[24] og eit av fleire religiøse senter.[25] Valet kom kanskje av at Jerusalem ikkje var ein del av stammesystemet i Israel, og dermed høvde godt som eit senter for føderasjonen.[20] Meiningane er delte om ein stor stein struktur og ein nærliggande trappeforma steinstruktur kan ha vore ein del av palasset til kong David, eller er datert til ein seinare periode.[26][27]
I følgje Bibelen regjerte kong David i 40 år.[28] Det generelt aksepterte estimatet for slutten av regjeringstida hans er 970 fvt.[treng kjelde] Bibelen skriv at David vart etterfølgd av sonen sin Salomo,[29] som bygde Det heilage tempelet på Moriafjellet. Salomotempelet (seinare kjend som Det første tempelet) spelte ei sentral rolle i jødisk historie som staden der Paktarken låg.[30] Så langt er det ikkje funne arkeologiske bevis for at Salomotempelet har eksistert og det er ikkje nemnt i andre kjelder enn Bibelen.[31] Då Salomo døydde, braut ti av dei nordlege stammene i Israel ut av Det samla kongedømet Israel og danna sine eigne nasjonar, kongar, profetar, prestar, tradisjonar knytte til religion, hovudstader og tempel nord i Israel. Dei sørlege stammene, i lag med det aaronidske presteskapet, vart verande i Jerusalem, og byen vart hovudstaden i Kongedømet Judea.[32][33] Frå den gamle israelittiske perioden er det òg gjort arkeologiske funn av Hiskiatunnelen, ein akvedukt bygd av den judeiske kongen Hiskia og dekorert med gamle hebraiske inskripsjonar, kjend som Siloaminskripsjonen,[34] Breidmuren, eit forsvarsverk bygd på 700-talet fvt., òg av Hiskia,[35] Silwanmonolitten, grava til den kongelege statthaldaren, som var dekorert med monumentale hebraiske inskripsjonar,[36] og Israelittartårnet, restar av eit gammalt festningsverk, bygd av store, kraftige steinar med utskorne hjørnesteinar, finst òg frå denne perioden.[37] Eit stort vassreservoar datert til denne perioden vart oppdaga i 2012 nær Robinsonbogen, og indikerte at det fanst eit tettbygd kvarter i området like vest for Tempelhøgda under det judeiske kongedømet.[38]
Då assyrarane erobra Kongedømet Israel i 722 fvt., vart Jerusalem styrkt ved at mange flyktningar drog hit frå dei nordlege kongedøma. Perioden med Det første tempelet enda kring 586 fvt., då babylonarane erobra Judea og Jerusalem, og la Salomotempelet i ruinar.[39]
I 538 fvt. inviterte persar-kongen Kyros den store jødane i Babylon attende til Judea for å bygge opp att Tempelet.[40] Bygginga av Det andre tempelet var ferdig i 516 fvt., under regjeringstida til Darius den store, 70 år etter øydelegginga av Det første tempelet.[41][42] Kring 445 fvt. skriv kong Artaxerxes I av Persia eit skriv som tillet at ein kunne bygge byen (og bymurane) opp att.[43] Jerusalem tok igjen rolla som hovudstad i Judea og senter for jødisk tilbeding.
Det er oppdaga mange jødiske graver frå Den andre tempelperioden i Jerusalem. Eit døme, oppdaga nord for Gamlebyen, har restar av menneske i eit ossarium dekorert med den arameiske inskripsjonen «Simon tempelbyggjaren.»[44] Abbagrava, som òg ligg nord for Gamlebyen, har ein arameisk inskripsjon med paleo-hebraiske bokstavar som seier: «Eg, Abba, son av presten Eleaz(ar), son av Aaron den høge (presten), Abba, den undertrykte og forfølgde, som var fødd i Jerusalem og reiste i eksil i Babylonia og ført (attende til Jerusalem) Mattathi(ah), son av Jud(ah), og gravlagd i ei grotte som eg kjøpte eit skøyte for»[45] Benei Hezir-grava ligg i Kidrondalen og er dekorert med monumentale doriske søyler og hebraiske inskripsjonar, og er indentifisert som gravstaden til prestar frå Det andre tempelet.[44] Sanhedrin-gravene er eit underjordisk kompleks av 63 graver skore ut i fjellet, som ligg i ein offentleg park nord i Jerusalem i bydelen Sanhedria. Desse gravene, som truleg var for medlemmar av Sanhedrin[46][47] og gravert med gamle hebraiske og arameiske skriveri, er datert til mellom 100 fvt. og 100 evt.
Då Aleksander den store erobra Persia, kom Jerusalem og Judea under makedonsk kontroll, og etter kvart under Det ptolemaiske dynastiet under Ptolemaios I. I 198 fvt. tapte Ptolemaios V Epiphanes Jerusalem og Judea til selevkidane under Antiokhos III. Selevkidane prøvde å gjere om Jerusalem til ein hellenisert bystat, men det tilspissa seg i 168 fvt. då makkabearen Mattathias og fem av sønene hans gjorde opprør mot Antiokhos IV Epiphanes og opprettinga deira av eit hasmonsk kongedøme i 152 fvt. med Jerusalem som hovudstad.
I 63 fvt. gjekk Pompeius den store inn i ein kamp om den hasmonske trona og erobra Jerusalem, og Den romerske republikken fekk eit tak over Judea.[48] Etter ein kort invasjon av parthiarar, som støytta dei rivaliserande hashmoneiske herskarane, var Judea åstad for kampar mellom pro-romerske og pro-parthiske styrkar, noko som etter kvart førte til at ein edomitt kalla Herodes steig fram.
Etter kvart som Roma vart sterkare, sette dei inn Herodes som ein jødisk vasallkonge. Herodes den store, som han vart kjend som, vigde seg sjølv til å utvikle byen og gjere han vakrare. Han bygde murar, tårn og palass, og utvida Tempelhøgda, støtta opp tempelplassen med steinblokker som vog opp mot 100 tonn. Under Herodes vart området kring Tempelhøgda dobbelt så stort.[29][49][50] Kort tid etter Herodes døydde, i år 6 evt., kom Judea direkte under romersk styre som Judea provins,[51] sjølv om det herodiske dynastiet gjennom Agrippa II vart verande vasallkongar i naboområda fram til 96 evt. Det romerske styret over Jerusalem og regionen vart utfordra i den første jødisk-romerske krigen, som enda med ein romersk siger. Det andre tempelet vart øydelagd i 70 evt., og heile byen vart øydelagd i krigen. Den jødiske historikaren Josefus som levde på denne tida, skreiv at byen «var så grundig jamna med jorda at det ikkje var noko att som kunne overtyde vitjande til å tru at det ein gong hadde vore ein busetnad.»[52] Det romerske styret vart igjen utfordra under Bar Kokhba-opprøret frå 132 evt. til det vart slått ned av romarane i 135 evt. Etter Bar Kokhba-opprøret, slo keisar Hadrian Judea provins saman med naboprovinsane under det nye namnet Syria Palaestina, og erstatta namnet Judea.[53] Byen fekk namnet Aelia Capitolina,[54] og bygd opp att i stil som ein typisk romersk by. Det var dødsstraff for jødar å dra inn i byen, utanom ein dag i året, under feiringa av tisj‘á beáb. Samla sett førte desse tiltaka[55][56][57] (som òg omfatta jødiske kristne)[58] i røynda til at byen vart «sekularisert».[59] Forbodet for jødar vart opprettheldt til 600-talet,[60] men kristne fekk etter kort tid lov til å dra inn i byen. På 300-talet gav den romerske keisaren Konstantin I ordre om å byggje kristne, heilage stader i byen, inkludert Den heilage grav-kyrkja. Graver frå den bysantinske tida er utelukkande kristne, og indikerer at folkesetnaden i Jerusalem i bysantinsk tid truleg berre bestod av kristne.[61]
På 400-talet heldt den austlege vidareføringa av Romarriket, Austromarriket, styrt frå Konstantinopel, framleis kontroll over byen. I løpet av få tiår gjekk Jerusalem frå bysantinsk til persisk styre og så attende til romersk-bysantinsk styre. Etter den sassanidiske Khosrau II tidleg på 600-talet pressa seg gjennom Syria, gjekk generalane hans Shahrbaraz og Shahin til åtak på Jerusalem med hjelp av jødar frå Palaestina Prima, som hadde gjort opprør mot bysantinarane.[62]
I omleiringa av Jerusalem i 614, etter 21 dagar med nådelaus omleiring, vart Jerusalem erobra. Bysantinske krøniker skriv at sassanidane og jødane slakta ned tusenvis av kristne i byen, mange ved Mamillabassenget, og øydela monumenta og kyrkjene deira, inkludert Den heilage grav-kyrkja. Denne episoden er mykje omdiskutert blant historikarar.[63] Den erobra byen vart verande under sassanidane i femten år, før den bysantinske keisaren Heraklios erobra han attende i 629.[64]
Jerusalem nådde størst storleik og folketal på slutten av Den andre tempel-peiorden, då byen dekte to kvadratkilometer og hadde eit folketal på 200 000.[56][65]
Den bysantinske Jerusalem vart erobra av arabiske armear under Umar ibn al-Khattab i 634 evt. Blant muslimar i den tidlegaste islamtida, vart han kalla Madinat bayt al-Maqdis («Tempelbyen»)[66] som var avgrensa til Tempelhøgda. Resten av byen «... vart kalla Iliya, og syner til det romerske namnet gjeve til byen etter øydelegginga i 70 evt.: Aelia Capitolina».[67] Seinare vart Tempelhøgda kalla al-Haram al-Sharif, «Den edle heilagdomen», medan byen kring vart kjend som Bayt al-Maqdis,[68] og seinare al-Quds al-Sharif «Den edle byen». Islamiseringa av Jerusalem byrja i det første året A.H. (623 evt.), då muslimar vart instruert til å vende seg mot byen, medan dei utførte den daglege prostrasjonen og i følgje muslimsk religiøs tradisjon, var det her Muhammed si nattreise og himmelfart fann stad. Etter 13 år, vart retninga for bøna flytta til Mekka.[69][70] I 638 evt. strekte det islamske kalifatet seg til Jerusalem.[71] Med den arabiske erobringa fekk jødar lov å vende attende til byen.[72] Rashidun-kalifen Umar ibn al-Khattab signerte ein avtale med den monofysittiske kristne patriarken Sofronios, og forsikra han om at dei kristne heilage stadane og folkesetnaden i Jerusalem var trygge under muslimsk styre.[73] I følgje ein kristen-arabisk tradisjon, skal kalifen Umar, då han vart ført til Den heilage grav-kyrkja, den heilagaste staden for dei kristne, ha nekta å be der, slik at muslimane ikkje sidan skulle gjere krav om å få kyrkja ombygd til ein moské.[74] Han bad utafor kyrkja, der Umarmoskéen (Omar) framleis står i dag, ovanfor inngangen til Den heilage grav-kyrkja. I følgje den galliske biskopen Arculf, som budde i Jerusalem frå 679 til 688, var Umarmoskéen ein rektangulær trestruktur bygd over nokre ruinar og kunne ta 3 000 folk.[75] Då muslimane gjekk til Bayt Al-Maqdes for første gong, søkte dei etter ein stad for Al-Aqsa-moskéen («Den fjernaste moskéen») som var nemnt i Koranen og Hadith i følgje islam. Arabiske og hebraiske kjelder frå den tida skriv at staden var full av søppel, og at arabarane og jødane rydda opp i området.[76] Omajade-kalifen Abd al-Malik bestilte bygginga av Klippedomen seint på 600-talet.[77] Historikaren al-Muqaddasi frå 900-talet skreiv at Abd al-Malik bygde heilagdomen for å konkurrere med stordomen til dei monumentale kyrkjene i Jerusalem.[75] Dei neste fire hundre åra vart Jerusalem mindre viktig då arabarar kjempa om kontroll over området.[78] Ei messianisk karaittisk rørsle samla seg i Jerusalem kring tusenårsskiftet, og førte til ein «gullalder» for karaittisk vitskap der, som enda då krossfararne kom til området.[79]
I 1099 dreiv fatimidane ut dei innfødde kristne innbyggjarane, før Jerusalem vart erobra av krossfararar, som massakrerte dei fleste muslimske og jødiske innbyggjarane då dei forsvarte åtaket mot byen, etter ein kort periode med omleiring. Byen stod då folketom. Seinare danna krossfararane kongedømet Jerusalem. Byen stod i røynda heilt tom og vart kolonisert på ny av forskjellige folk som grekarar, bulgararar, ungararar, georgiarar, armenarar, syrarar, egyptarar, nestorianarar, maronittar, jakobittiske monofysittar, koptarar og andre, for å hindre overlevande muslimar og jødar å vende attende. Det nordaustlege kvarteret vart busett på ny av austlege kristne frå Transjordan.[80] Som følgje av dette hadde folketalet i Jerusalem i 1099 klatra attende til 30 000.[81]
I 1187 vart byen erobra frå krossfararane av Saladin som tillet jødar og muslimar å vende attende og slå seg ned i byen.[82] Under overgjevingsvilkåra vart 60 000 frankarar utviste. Den austleg kristne folkesetnaden fekk lov å bli verande.[83] Under Ajjubide-dynastiet til Saladin, vart det investert mykje i bygging av hus, marknader, offentlege bad og pilegrimsherberge, i tillegg til religiøse gåver. Gjennom det meste av 1200-talet minka statusen til Jerusalem til ein landsby, sidan han ikkje lenger hadde strategisk verdi og ajjubidane sleit med krig.[84]
Frå 1229 til 1244 kom Jerusalem på fredleg vis igjen under kristen kontroll etter ein avtale frå 1229 mellom krossfararen den tysk-romerske keisaren Fredrik II og al-Kamil, ein ajjubide-sultan frå Egypt, som enda det sjette krosstoget.[85][86][87][88][89] Ajjubidane fekk ha kontroll over dei muslimske heilage stadane, og arabiske kjelder indikerer at Fredrik ikkje fekk lov å bygge opp att festningsverka i Jerusalem.
I 1244 vart Jerusalem plyndra av tartarar frå Khwarazmi-dynastiet, som tok livet av den kristne folkesetnaden i byen og dreiv ut jødane.[90] Khwarezmi-tartarane vart drivne ut av ajjubidane i 1247. Frå 1260[91] til 1517 vart Jerusalem styrt av mamelukkane. I denne perioden var det mange kampar mellom mamelukkane på den eine sida og krossfararne og mongolane på den andre. Området vart òg råka av fleire jordskjelv og svartedauden.[treng kjelde] Somme europeiske kristne vart verande i byen for Ridderordenen av Den heilage grava i Jerusalem.
I 1517 kom Jerusalem og området rundt under osmanske tyrkarar, som generelt heldt kontrollen over området fram til 1917.[82] Jerusalem opplevde ei blømande tid med fred under Suleiman den store – og dei storslåtte murane kring Gamlebyen vart bygd opp att. Gjennom det meste av osmansk styre, vart Jerusalem verande ein provinsby, men likevel eit viktig religiøst senter, men låg ikkje langs hovudvegen mellom Damaskus og Kairo.[92] Den engelske referanseboka Modern history or the present state of all nations skriven i 1744 skriv at «Jerusalem vert framleis rekna som hovudstaden i Palestina».[93]
Osmanarane førte med seg mange nyskapingar. Moderne postsystm styrt av forskjellige konsular og faste skysstenester var av dei første teikna på modernisering i byen.[94] Midt på 1800-talet byde osmanarane den første asfalterte vegen frå Jaffa til Jerusalem, og i 1892 hadde jernbanen kome til byen.[94]
Med annekteringa av Jerusalem av Muhammad Ali av Egypt i 1831, vart det oppretta ambassadar og konsulat i byen. I 1836 tillet Ibrahim Pasha dei jødiske innbyggjarane i Jerusalem å få bygge opp att fire store synagoger, mellom anna Hurva.[95] I arabaropprøret i Palestina i 1834 leia Qasim al-Ahmad styrkane sine frå Nablus og gjekk til åtak på Jerusalem og med hjelp av Abu Ghosh-klanen gjekk han inn i byen den 31. mai 1834. The kristne and jødar of Jerusalem were subjected to attacks. Ibrahim's Egyptian army routed Qasim's forces in Jerusalem the following month.[96]
Det osmanske styret vart sett inn att i 1840, men mange egyptiske muslimar vart verande i Jerusalem og jødar frå Alger og Nord-Afrika byrja å slå seg ned i byen i stadig større tal.[95] I 1840- og 1850-åra byrja dei internasjonale maktene ein dragkamp i Palestina der dei prøvde å verne dei religiøse minoritetane i regionen, ein kamp som hovudsakleg vart utført av konsulane i Jerusalem.[97] I følgje den prøyssiske konsulen, var folkesetnaden i 1845 16 410, med 7 120 jødar, 5 000 muslimar, 3 390 kristne, 800 tyrkiske soldagar og 100 europearar.[95] Mengda kristne pilegrimar aukar under osmanarane, og dobla folketalet i byen kring påsketid.[98]
I 1860-åra oppstod det nye bydelar utafor murane til Gamlebyen for å huse pilegrimar og utbetre dei dårlege sanitære tilhøva inne i byen. Migraš ha-Rusim og Mishkenot Sha'ananim vart grunnlagde i 1860,[99] etterfølgd av mange andre som Mahane Israel (1868), Nahalat Shiv'a (1869), HaMoshava HaGermanit (1872), Beit David (1873), Mea Shearim (1874), Shimon HaZadiq (1876), Beit Ya'aqov (1877), Abu Tor (1880-åra), Den svensk-amerikanske kolonien (1882), Yemin Moshe (1891) og Mamilla, Wadi al-Joz kring hundreårsskiftet. I 1867 rapporterte amerikanske misjonærar at det estimerte folketalet i Jerusalem var 'over' 15 000, med 4 000 til 5 000 jødar og 6 000 muslimar. Kvart år var det 5 000 til 6 000 russiske, kristne pilegrimar.[100] I 1874 vart Jerusalem senteret i eit spesielt administrativt distrikt, sjølvstendig frå Syria vilayet og direkte underlagt Istanbul, kalla Jerusalem mutasarrifat.[101]
Fram til 1880-åra var det ingen formell barneheimar i Jerusalem, sidan familiar generelt tok vare på kvarandre. I 1881 vart Diskin barneheim grunnlagd i Jerusalem då foreldrelause jødiske barn etter ein russisk pogrom kom til byen. Fleire barneheimar vart grunnlagd i Jerusalem på byrjinga av 1900-talet som Zion Blumenthal barneheim (1900) og Den generelle israelske barneheimen for jenter (1902).[102]
I 1917 etter slaget ved Jerusalem, vart byen erobra av den britiske arméen, leia av general Edmund Allenby.[103] I 1922 gav Folkeforbundet ved Lausannekonferansen Storbritannia styret over Palestinamandatet, nabomandatet Transjordan i aust på andre sida av Jordanelva, og Irakmandatet bortafor der.
Frå 1922 til 1948 vart forholdet mellom dei arabiske kristne og muslimane og den aukande jødiske folkesetnaden i Jerusalem dårlegare, og det førte til mykje uro. I Jerusalem var det arabiske opprør i 1920 og i 1929. Under britane vart det bygd nye hagebydelar i vest og nord i byen[104][105] og institusjonar for høgare utdanning, som Hebraisk universitet vart grunnlagd.[106]
Då Palestinamandatet gjekk mot slutten, tilrådde Dei sameinte nasjonane ein delingsplan som skapte «eit særskild internasjonalt regime i Jerusalem som består av eit Corpus separatum styrt av SN.»[107] Det internasjonale regimet (som òg omfatta byen Betlehem) skulle vare i ti år, før det skulle haldast ei folkeavstemming som skulle avgjere framtida til byen. Planen vart ikkje sett i verk, sidan det braut ut krig i 1948, medan britane trekte seg attende frå Palestina og Israel erklærte sjølvstende.[108]
Etter krigen 1948–49 blei byen delt mellom Jordan og Israel. I 1949 proklamerte Israel Jerusalem som hovudstad. Dette førte til protestar frå SN og mange land, som ikkje anerkjende proklamasjonen. Under krigen i 1967 okkuperte Israel resten av Jerusalem og erklærte at den jordanske delen av byen var integrert i israelsk område, noko som førte til nye protestar frå SN. Sidan 1967 har konflikten om Jerusalem vore eit kjernepunkt i Midtausten-konflikten. Israel har i praksis annektert Aust-Jerusalem, og inga israelsk regjering har vore villig til å gje opp byen. I Oslo-avtala frå 1993 utsette ein Jerusalem-spørsmålet, og seinare fredsforhandlingar har ikkje ført saka vidare. I 2000 sprakk forhandlingane i Camp David nettopp på statusen til Jerusalem. Om lag 170 000 israelarar bur i busetjingar innanfor dei illegalt utvida grensene til Aust-Jerusalem (berekna tal for 2005).[109]
Jerusalem ligg på ein sørleg utstikkar av eit platå i Judeafjella, som omfattar Oljeberget (aust) og Skopusfjellet (nordaust). Høgda til Gamlebyen er kring 760 meter over havet.[110] Heile Jerusalem er omgjeve av dalar og tørre elveleie (wadiar). Kidron, Hinnom og Tyropoeondalen kryssar området sør for Gamlebyen i Jerusalem.[111] Kidrondalen går aust for Gamlebyen og skil Oljeberget frå sjølve byen. Langs sørsida av det gamle Jerusalem ligg Hinnomdalen, ei bratt kløft knytt til Bibelen med konseptet om Gehenna eller Helvetet.[112] Tyropoeondalen ligg i nordvest nær Damaskusporten, og går sør-søraustover gjennom sentrum av Gamlebyen og ned til Siloambassenget, og deler den nedre delen av to åsar, Tempelhøgda i aust, og resten av byen i vest (den lågare og den øvre byen er skildra av Josefus). I dag er denne dalen gøymd av avfall som har samla seg opp i løpet av hundreåra.[111] I bibelsk tid var Jerusalem omgjeve av skogar av mandel, oliven og furu. Hundrevis av år med krigføring og vanskjøtte, har øydelagd desse skogane. Bøndene i Jerusalem-området bygde steinterrassar langs åssidene for å halde fast på jorda, noko ein framleis kan sjå spor av i landskapet.[treng kjelde]
Vassforsyning har alltid vore eit problem i Jerusalem, som ein kan sjå på nettverket av gamle akvedukter, tunnelar, basseng og cisterner i byen.
Jerusalem ligg 60 km[113] aust for Tel Aviv og Middelhavet. På motsett side av byen, kring 35 km[114] ligg Daudehavet, det lågaste punktet på jorda. Nabobyar er mellom andre Betlehem og Beit Jala i sør, Abu Dis og Ma'ale Adumim i aust, Mevaseret Zion i vest og Ramallah og Giv'at Ze'ev i nord.[115][116][117]
Herzlfjellet ligg på vestsida av byen nær Jerusalemskogen og er nasjonalgravplassen i Israel.
Byen har eit middelhavsklima (Köppen: Csa), med varme, tørre somrar og milde, våte vintrar. Ein kan som regel sjå snøflag i lufta eit par gonger om vinteren, men kraftige snøfall går det gjerne 3-4 år mellom. Januar er den kaldaste månaden av året, med ein normal temperatur på 9,1 °C; juli og august er dei varmaste månadane med ein normal temperatur på 24,2 °C, og sommaren er vanlegvis heilt utan regn. Årsmiddelnedbøren er kring 550 mm, og nesten alt regnet kjem mellom oktober og mai.[118]
Vêrdata for Jerusalem (1881–2007) | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Høgast målte °C | 23,4 | 25,3 | 27,6 | 35,3 | 37,2 | 36,8 | 40,6 | 44,4 | 37,8 | 33,8 | 29,4 | 26 | 44,4 |
Gjennomsnittleg maks °C | 11,8 | 12,6 | 15,4 | 21,5 | 25,3 | 27,6 | 29 | 29,4 | 28,2 | 24,7 | 18,8 | 14 | 21,5 |
Døgnmiddeltemperatur °C | 9,1 | 9,5 | 11,9 | 17,1 | 20,5 | 22,7 | 24,2 | 24,5 | 23,4 | 20,7 | 15,6 | 11,2 | 17,5 |
Gjennomsnittleg min °C | 6,4 | 6,4 | 8,4 | 12,6 | 15,7 | 17,8 | 19,4 | 19,5 | 18,6 | 16,6 | 12,3 | 8,4 | 13,5 |
Lågast målte °C | −6,7 | −2,4 | −0,3 | 0,8 | 7,6 | 11 | 14,6 | 15,5 | 13,2 | 9,8 | 1,8 | 0,2 | −6,7 |
Gns. luftfukt (%) | 72 | 69 | 63 | 58 | 41 | 44 | 52 | 57 | 58 | 56 | 61 | 69 | 58 |
Gns. solskinstimar i månaden | 192,2 | 243,6 | 226,3 | 267 | 331,7 | 381 | 384,4 | 365,8 | 309 | 275,9 | 228 | 192,2 | 3 397,1 |
Kjelde: Israelsk meteorologiske institutt[119][120]Hong Kong Observatory for data of sunshine hours[121] |
1844 | 15 510 |
1876 | 25 030 |
1896 | 45 420 |
1922 | 62 578 |
1931 | 90 053 |
1944 | 157 000 |
1948 | 165 000 |
1967 | 263 307 |
1980 | 407 100 |
1985 | 457 700 |
1990 | 524 400 |
1995 | 617 000 |
2000 | 657 500 |
2005 | 706 400 |
I mai 2007 hadde Jerusalem eit folketal på 743 000, av dette var 68 % jødar, 30 % var muslimar og 2 % var kristne, og folketettleiken var på 5 750,4 innbyggjarar pr. kvadratkilometer (14 893,5/km²)[122][123] I 2005 kom det 2 850 immigrantar til Jerusalem, av dette nesten tre fjerdedeler av dei frå USA og Frankrike, i tillegg til tidlegare innbyggjarar i Sovjetunionen. Innan Israel overgjekk emigrantar frå Jerusalem innvandrarar til byen. I 2005 emigrerte over ti tusen israelarar til Jerusalem, medan seksten tusen forlét byen.[122] Folketalet i Jerusalem held likevel fram å stige på grunn av høge fødselsrater, særskild blant arabarane og harediske jødiske samfunn (der fødselsraten er høgare enn gjennomsnittet i Israel). På grunn av dette er den totale fødselsraten i Jerusalem (4,02) mykje høgare enn andre byar i regionen, som Tel Aviv (1,98) og òg ganske mykje høgare enn landsgjennomsnittet på 2,90. På same måte er den gjennomsnittlege storleiken på hushaldningane i Jerusalem 180 000 3,8 menneske.[122]
I 2005 hadde det totale talet busette i Jerusalem auka med omtrent 13 000 (1,8 %, like mykje som det israelske gjennomsnittet. Medan byen har fortsett å vekse, har den religiøse og etniske samansetnaden i Jerusalem likevel framleis endra seg. Sjølv om jødane utgjer majoriteten i Jerusalem, tilhøyrer berre kring 31 % av barna under 15 denne gruppa.[122] Dette stadfester observasjonar om at den jødiske prosentdelen i Jerusalem har falle dei siste fire tiåra. I 2004 utgjorde jødar 66 % av folkesetnaden, mot 74 % i 1967 då Seksdagarskrigen fann stad.[124] Denne nedgangen blir forklart med den stiande bukostnaden i Jerusalem, den mindre jobbmarknaden og den aukande religiøse karakteren av byen. Mange unge menneske flyttar til forstadene for å skaffe seg billigare bustader og meir verdsleg livsstil, som ein finn i andre byer.[125]
Demografi og skiljet mellom den jødisk-arabiske folkesetnaden spelar framleis ei stor rolle i striden om Jerusalem. I 1998 foreslo utviklingsinstansen i Jerusalem å utvide bygrensene mot vest for å inkludere fleire område med høg jødisk folkesetnad.[126]
Bystyret i Jerusalem (i Israel) har 31 valde medlemmer, og av dette er ein av dei borgarmeisteren. Borgarmeisteren har vervet i ein periode på fem år, og peikar ut seks varamenn. Guvernøren for palestinsk Jerusalem er Adnan al-Husayni. Utanom borgarmeisteren og varamennene, får medlemmene av bystyret inga løn og jobbar frivillig. Teddy Kollek er borgarmeisteren i Jerusalem som har innehatt vervet lengst, i 28 år – i seks periodar. Dei fleste av møta i bystyret til Jerusalem er private, men kvar månad vert det halde eit møte som er open for ålmenta. Innan kommunestyret utgjer religiøse politiske parti ein særskild sterk faktor, og desse utgjer ein stor del av kommunestyret.[127]
Det israelske kommunestyret og kontoret til borgarmeisteren i Jerusalem er på Safraplassen (Kikar Safra) ved Jaffa-gata. Det nye rådhuset består av to moderne bygg og ti renoverte historiske bygninger som ligg kring ein stor plass, og vart opna i 1993.[128] Byen fell under Jerusalem-distriktet (i Israel) og Jerusalem guvernement (i dei palestinske områda), med Jerusalem som administrasjonssenter i distriktet.
Jerusalem er i gang med bygginga av første del av eit bybanesystem (hebraisk רכבת קלה, Rakevet kala) som i alt vil omfatte åtte linjer med 75 stasjonar fordelt på eit banenett på 50 km om utbygginga blir fullført. Den første linja, frå Pisgat Ze'ev i nord til Herzlfjellet passerer nær Gamlebyen (Damaskusporten) og opna 19. august 2011. Traséen er 13,9 km lang med 23 stasjonar.
Dei to mest populære idrettsgreinene i Jerusalem er fotball og basketball.[129] Beitar Jerusalem Football Club er eit av dei mest kjende fotballaga i Israel. Blant Beitar Jerusalem sine tilhengjarar er det kjende politikarar, som ofte er tilskodarar til fotballkampane til klubben.[130] Det andre store fotballageti byen, og ein av dei største rivalane til Beitar Jerusalem, er Hapoel Jerusalem. Medan Beitar Jerusalem har vunne den israelske cupen sju gonger,[131] har Hapoel Jerusalem berre vunne cupen ein gong. Beitar Jerusalem har vunne den israelske serien seks gonger, medan Hapoel Jerusalem aldri har vunne denne. Sidan Teddy Stadion vart opna i 1992, har denne vore den største fotballstadionen i Jerusalem med ein tilskodarkapasitet på 21 600.[132] Den mest populære palestinske fotballklubben er Jabal Al Mukaber, som spelar i Vestbreidda Premier League. Klubben, med base på Skopusfjellet i Jerusalem, og er ein del av Asian Football Confederation. Dei spelar heimekampane sine ved Faisal Al-Husseini Internasjonale Stadion i Al-Ram, på andre sida av Israel si sperring på Vestbreidda.[133][134]
I basketball spelar Hapoel Jerusalem i den øvste divisjonen, Ligat HaAl. Klubben har vunne den israelske cupen i basketball tre gonger, og vann òg europaligaen i basketball i 2004.[135]
Jerusalem maraton er ei årleg hending med løparar frå heile verda i ei løype som passerer nokre av dei mest kjende stadane i byen.I tillegg til maraton vert det arrangert ein halvmaraton på 21,0975 km, ti kilometer og fem kilometers løp.[136]
I Jerusalem ligg mellom anna heilagdomane: