Beit Ummar | |||
بيت اُمّر, Bayt Ummar, Beit Omar | |||
kommune | |||
Beit Ummar, in 2011
| |||
Namneopphav: Ummarhuset[1] | |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Hebron guvernement | ||
Koordinatar | 31°37′17″N 35°06′08″E / 31.62139°N 35.10222°E | ||
Folketal | 13 348 (2007) | ||
Borgarmeister | Nasri Sabarna | ||
Beit Ummar 31°37′17″N 35°06′08″E / 31.621388888889°N 35.102222222222°E | |||
| |||
Wikimedia Commons: Beit Ummar | |||
Beit Ummar (arabisk بيت اُمّر) er ein arabisk by, 11 km nordvest for Hebron i Hebron guvernement.[2] I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen i 2007 eit folketal på 13 348 innbyggjarar.[3] Sidan den andre Intifada har arbeidsløysa vore mellom 60 til 80 %, hovudsakleg fordi mange innbyggjarar tidlegare arbeidde i Israel.[4]
Ein trur at Beit Ummar er den bibelske landsbyen Maarath.[5] I følgje somme segner vart byen kalla opp etter den islamske kalifen Umar ibn al-Khattab fordi han visstnok ofte vitja byen. Mange av dei hovudsakleg muslimske innbyggjarane er etterkomarar etter arabiske kristne familiar og i gamlebyen er det fleire kristne ruinar.
Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen i 1863 og estimerte at han hadde kring 450 innbyggjarar.[6] I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine (SWP) Beit Ummar som «ein liten landsby som er lett synleg frå langt mot nord. Det går ein eldgammal veg gjennom han. Kring 1 km nordaust for landsbyen ligg ei god kjelde, ' Ain Kufin. Moskeen har eit lite tårn ved sidan av. Det kringliggande nabolaget er dekt med kratt.»[7]
I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Bait Ummar eit folketal på 829, alle muslimar,[8] og dette auka i folketeljinga i 1931 til 1 135, framleis berre muslimar, i 217 busette hus.[9] I 1945 var folketalet i Beit Ummar 80 jødar og 1 600 arabarar, som eigde 30 129 mål land i følgje ei offisiell landmåling.[10] 2 912 mål var plantasjar og irrigert land, 12 879 for korn,[11] medan 55 mål var utbygd (urbant) land.[12]