Jabalia | |||
جباليا, Jabalya | |||
kommune | |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Nord-Gaza guvernement | ||
Koordinatar | 31°31′41″N 34°28′59″E / 31.52806°N 34.48306°E | ||
Areal | 25 km² | ||
Folketal | 82 877 (2006) | ||
Jabalia 31°31′41″N 34°28′59″E / 31.528055555556°N 34.483055555556°E | |||
| |||
Wikimedia Commons: Jabalia | |||
Jabalia eller Jabalya (arabisk جباليا), er ein palestinsk by som ligg 4 km nord for Gaza by. Han er under Nord-Gaza guvernement på Gazastripa. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde Jabalia eit folketal på 82 877 i 2006.[1] Jabalia flyktningleir ligg like ved byen i nord. Den nærliggande byen Nazla er ein del av Jabalia kommune. Byen vert for tida styrt av Hamas.
Ein har funne ein stor gravplass datert til 700-talet fvt. nær Jabalia. Denne indikerer at det var eit kristen samfunn i Gaza under den første islamske tida i Palestina.[2]
Medan ein arbeidde på Salah al-Din-vegen, avdekte arbeidarane tilfeldigvis eit koster frå bysantinsk tid. Staden vart grave fram av det palestinske antikvitetsdepartementet. I dag er den bysantinske mosaikken i klosteret dekt med sand for å verne dei frå erosjon skapt av vinterregnet.[3]
Jabalia var kjend for den frodige jorda og sitrustrea sine. Mamelukk-guvernøren i Gaza, Sanjar al-Jawli, regjerte i området tidleg på 1300-talet og gav delar av landområdet til Jabalia som gåve til al-Shamah-moskeen han bygde i Gaza. I Jabalia ligg Omeri-moskeen frå mellomalderen. Alt som finst att av den gamle moskeen er søylegangen og minareten. Resten er frå moderne tid.[4]
Seint i 2006 var han åstad for massedemonstrasjonar mot israelske åtak, då store menneskemassar danna eit menneskeleg skjold for å verne eit hus som var i ferd med å bli rive ned av israelske styrkar.[5]