Winter Light Studioalbum av Linda Ronstadt | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 23. november 1993 | |
Innspelt | 1993, The Site i San Rafael; Skywalker ranch i California | |
Sjanger | ||
Lengd | 37:06 | |
Selskap | Elektra/WEA International | |
Produsent | George Massenburg, Linda Ronstadt | |
Linda Ronstadt-kronologi | ||
---|---|---|
Frenesí (1992) |
Winter Light | Feels Like Home (1995)
|
Singlar frå Winter Light | ||
|
Winter Light er det nittande studioalbumet til den amerikanske songaren Linda Ronstadt, gjeve ut seint i 1993.
Winter Light var det første soloalbumet til Ronstadt sidan Don't Cry Now som ikkje var produsert av Peter Asher. Ho valde å produsere seg sjølv i lag med George Massenburg. Ronstadt gjekk for ein stil med lag på lag med lyd i ein Enya-aktig New Age-stil, som på Anna McGarrigle sin «Heartbeats Accelerating» — den første hitsingelen på albumet — og Brian Wilson sin «Don't Talk (Put Your Head on my Shoulder)». Det vart laga ein musikkvideo til «Heartbeats Accelerating». Songen «Oh No Not My Baby» gjekk inn på topp 30 på Adult Contemporary-lista våren 1994.
Tre av songane var opphavleg sungne av kvinner i 1960-åra - «Anyone Who Had A Heart», «Oh No Not My Baby» og «I Just Don't Know What to Do with Myself» - som tidlegare var blitt spelt inn av Dusty Springfield. Ronstadt valde ut klassiske komposisjonar av forskjellige låtskrivarar som Burt Bacharach, Carole King og Jimmy Webb, i tillegg til meir moderne låtskrivarar som Tish Hinojosa.
Tittelsporet vart nytta i filmen The Secret Garden, men var ikkje med på filmmusikkalbumet som kom ut etter filmen i 1993.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Los Angeles Times | [4] |
Q | [2] |
Rolling Stone | [3] |
Rolling Stone gav albumet fire av fem stjerner. Det selde derimot skuffande og nådde berre 92. plassen på Billboard-lista, og selde kring 250 000 eksemplar i USA.
Allmusic-kritikaren Jose Promis skreiv «Winter Light kan utan tvil reknast som det beste popalbumet til Linda Ronstadt i 1990-åra. Det er ingen dårlege spor på dette godt produserte albumet. Faktisk vert det betre ved kvar gjennomlytting. Dette undervurderte albumet er rett og slett ein juvel, og eit must for fans av songaren.» Dei gav likevel berre tre av fem stjerner til albumet.[1]
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Heartbeats Accelerating» | Anna McGarrigle | 3:49 |
2. | «Do What You Gotta Do» | Jimmy Webb | 3:24 |
3. | «Anyone Who Had a Heart» | Burt Bacharach, Hal David | 3:26 |
4. | «Don't Talk (Put Your Head on My Shoulder)» | Brian Wilson, Tony Asher | 3:15 |
5. | «Oh No Not My Baby» | Gerry Goffin, Carole King | 3:05 |
6. | «It's Too Soon to Know» | Deborah Chessler | 2:30 |
7. | «I Just Don't Know What to Do with Myself» | Burt Bacharach, Hal David | 3:11 |
8. | «A River for Him» | Emmylou Harris | 4:31 |
9. | «Adonde Voy» | Tish Hinojosa | 3:09 |
10. | «You Can't Treat the Wrong Man Right» | Jimmy Webb | 3:29 |
11. | «Winter Light» | Eric Kaz, Linda Ronstadt, Zbigniew Antoni Preisner | 3:17 |
Total lengd: | 37:06 |
Musikarar
Teknisk