Simple Dreams Studioalbum av Linda Ronstadt | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 6. september 1977 | |
Innspelt | 23. mai til 22. juli 1977 | |
Studio | The Sound Factory i Los Angeles | |
Sjanger | rock, klassisk rock, countryrock | |
Lengd | 31:49 | |
Selskap | Asylum | |
Produsent | Peter Asher | |
Linda Ronstadt-kronologi | ||
---|---|---|
Greatest Hits (1976) |
Simple Dreams | Living in the USA (1978)
|
Singlar frå Simple Dreams | ||
|
Simple Dreams er det åttande studioalbumet til den amerikanske songaren Linda Ronstadt, gjeve ut i 1977 på Asylum Records. Det inneheld fleire av dei mest kjende songane hennar, som versjonen hennar av Rolling Stones-songen «Tumbling Dice» (nytta i filmen FM) og versjonen hennar av Roy Orbison-songen «Blue Bayou», som ho vart Grammy-nominert til for årets singel. Albumet inneheld òg Buddy Holly-songen «It's So Easy!» (nådde topp 5) og Warren Zevon-songane «Poor Poor Pitiful Me» (ein topp 40-hit) og «Carmelita». Albumet var det bestseljande til då i karrieren hennar, og på den tida det nest mest selde albumet av ein kvinneleg artist etter Carole King-albumet Tapestry. Det var det første albumet hennar sidan Heart Like a Wheel utan den mangeårige samarbeidspartnaren Andrew Gold, sjølv om andre Laurel Canyon-baserte studiomusikarar som hadde spelt på dei tidlegare albuma hennar òg var med her, som gitaristane Dan Dugmore og Waddy Wachtel, bassisten Kenny Edwards, og produsenten og multi-instrumentalist Peter Asher.
Albumet kom opphavleg ut på Asylum september 1977. Seinare, i 1986, gav Asylum ut albumet på kassett og CD.
Simple Dreams låg fem veker på rad på toppen av Billboard-lista seint i 1977, og skyvde ned Fleetwood Mac-albumet Rumours etter at det hadde lagt rekordlange 29 veker på toppen av lista. Det erstatta òg Elvis Presley på toppen av Billboard Country Albums-lista etter at han hadde lagt femten veker på rad på toppen etter at han døydde i august. Simple Dreams var det femte albumet til Ronstadt på rad som selde minst ein million plater og på mindre enn eitt år selde det 3,5 millionar eksemplar i USA aleine, som var ny rekord for ein kvinneleg artist.
Albumet vart ein så stor suksess at Ronstadt vart den første kvinnelege artisten, og den første totalt etter The Beatles, som hadde to singlar på topp 5 samstundes: «Blue Bayou» (3. plassen på Pop-lista, 3. plassen på Adult Contemporary og 2. plassen på Country-lista) og «It's So Easy» (5. plassen på poplista). «It's So Easy» var den andre Buddy Holly-songen Ronstadt spelte inn, etter at ho hadde hatt ein hit med «That'll Be the Day» året før.
Albumet inneheld òg songar av Warren Zevon, Eric Kaz og J.D. Souther, i tillegg til The Rolling Stones sin «Tumbling Dice». Ronstadt fekk med seg Dolly Parton på den tradisjonelle balladen «I Never Will Marry», som vart ein topp 10-hit på countrylista sommaren 1978. På same tid arbeidde Rontadt, Parton og Emmylou Harris i lag på eit album som det ikkje vart noko av før ni år seinare.
Ronstadt spelte òg inn ein spanskspråkleg versjon av «Blue Bayou» kalla «Lago Azul», som berre kom ut på singel i 1978.[1] 40-årsjubileumsutgåva av albumet i 2017 kom med fire konsertopptak.
Opphavleg vart bilete på framsida av omslaget meint å syne Ronstadt i ein kort nattkjole føre fleire speglar. Men ho var ikkje komfortabel med dette og tok på seg ei kåpe, og biletet vart gjort kunstig kornete. John Kosh, som designa omslaget, vann Grammyprisen for beste plateomslag året etter.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [2] |
Christgau's Record Guide | B+[3] |
Rolling Stone | (average)[4] |
The Rolling Stone Album Guide | [5] |
The Village Voice | B+[6] |
I meldinga si i Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies (1981), skreiv Robert Christgau: «Då Andrew Gold drog av stad for å satse solo, kunne Ronstadt hyre inn eit rockeband. Ho er framleis for føreseieleg - berre tenk kor kort og veltalende 'Blue Bayou' kunne ha blitt om dei i staden for å skru opp volumet midtvegs berre traff ein høg note mot slutten. Men ho er òg ein popeklektikar for vår tid, like komfortabel med Mick Jagger som med Dolly Parton, og ho tolkar Roy Orbison like lett som Buddy Holly. Sjølv skildringa hennar av ein narkoman som søker hjelp frå Warren Zevon sin 'Carmelita er ikkje heilt latterleg. Og eg innrømmer det, ho ser flott ut i ein Dodger-jakke.»[3]
«Blue Bayou» vart nominert til Grammyprisen for årets singel i 1978, og ho vart nominert til årets beste kvinnelege popsongar.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «It's So Easy» | Buddy Holly, Norman Petty | 2:27 |
2. | «Carmelita» | Warren Zevon | 3:07 |
3. | «Simple Man, Simple Dream» | J.D. Souther | 3:12 |
4. | «Sorrow Lives Here» | Eric Kaz | 2:57 |
5. | «I Never Will Marry» | Traditional | 3:12 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Blue Bayou» | Roy Orbison, Joe Melson | 3:57 |
2. | «Poor Poor Pitiful Me» | Warren Zevon | 3:42 |
3. | «Maybe I'm Right» | Waddy Wachtel | 3:05 |
4. | «Tumbling Dice» | Mick Jagger, Keith Richards | 3:05 |
5. | «Old Paint» | Traditional | 3:05 |
Total lengd: | 31:49 |
Vekeslister[endre | endre wikiteksten]
|
Årslister[endre | endre wikiteksten]
|
Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Australia | 50,000[22] | |
Canada (Music Canada)[23] | 2× Platina | 200 000^ |
Hong Kong (IFPI Hong Kong)[24] | Platina | 20 000* |
New Zealand (RMNZ)[25] | Platina | 15 000^ |
USA (RIAA)[26] | 3× Platina | 3 000 000^ |
*salstala er basert på sertifiseringa aleine |