Living in the USA Studioalbum av Linda Ronstadt | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 19. september 1978[1] | |
Innspelt | 5. mai til 3. juli 1978 | |
Studio | The Sound Factory i Los Angeles i California | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 35:06 | |
Selskap | Asylum, Rhino | |
Produsent | Peter Asher | |
Linda Ronstadt-kronologi | ||
---|---|---|
Simple Dreams (1977) |
Living in the USA | Mad Love (1980)
|
Singlar frå Living in the USA | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [2] |
Circus Magazine | [3] |
Christgau's Record Guide | B[4] |
Crawdaddy! | [5] |
Rolling Stone | (favorable)[6] |
The Rolling Stone Album Guide | [7] |
Living in the USA er det niande studioalbumet til den amerikanske songaren Linda Ronstadt, gjeve ut i 1978. Det var det tredje (og siste) av albuma til Ronstadt som nådde toppen av Billboard-lista. Som eit mål på kor populær Ronstadt var på denne tida gjorde framsida av plateomslaget, der ho var fotografert i rulleskeiser og treningstøy til at det vart ein merkbar auke i populariteten til rulleskeiser i USA på denne tida.
Albumet kom opphavleg ut på Asylum i september 1978. I 1990 gav Asylum ut albumet på kassett og CD.
I tillegg til den vanlege utgåva frå 1978 kom det ei samlarutgåve i raud vinyl, i tillegg til ei biletplate med bilete av Ronstadt som knyter rulleskeisene sine.
Den første singelen frå albumet var Chuck Berry-songen «Back in the USA», som nådde 11. plassen på Cash Box Top 100 og 16. plassen på Billboard Hot 100. Den største suksessen frå albumet var Smokey Robinson-songen «Ooh Baby Baby» (med altsaksofon av David Sanborn) som nådde sjuandeplassen på poplista og andreplassen på Easy Listening-lista, i tillegg til at han gjekk inn på både country- og soullistene. «Just One Look» og «Alison» vart seinare hittar for Ronstadt òg, medan «All That You Dream» og Warren Zevon-songen «Mohammed's Radio» var populære på album-orientert radio.
Sjølv om han ikkje kom ut på singel, vart versjonen til Ronstadt av «Love Me Tender» redigert saman med originalversjonen til Elvis Presley, og denne kunstige duetten vart spelt mykje på radio på denne tida.
Albumet fekk stort sett positive meldingar då det kom ut.[3][6]
Ronstadt si utgåve av Elvis Costello sin «Alison» vart kritisert av Costello sjølv då han høyrde versjonen hennar, sjølv om han innrømde at han «likte pengane». Ronstadt fekk manageren sin til å kontakte Costello og spurte om han hadde andre songar ho kunne spele. Han svarte med å sende ho tre songar som ho spelte inn for det neste albumet. Costell kom igjen med negative kommentarar om versjonane hennar, men har i seinare år rost Ronstadt og unnskylda dei krasse kommentarane han ein gong kom med.[8]
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Back in the U.S.A.» | Chuck Berry | 3:02 |
2. | «When I Grow Too Old to Dream» | Oscar Hammerstein II, Sigmund Romberg | 3:52 |
3. | «Just One Look» | Gregory Carroll, Doris Payne | 3:20 |
4. | «Alison» | Elvis Costello | 3:20 |
5. | «White Rhythm & Blues» | J.D. Souther | 4:17 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «All That You Dream» | Paul Barrere, Bill Payne | 3:43 |
2. | «Ooh Baby Baby» | William Robinson, Warren Moore | 3:18 |
3. | «Mohammed's Radio» | Warren Zevon | 4:20 |
4. | «Blowing Away» | Eric Kaz | 3:15 |
5. | «Love Me Tender» | Elvis Presley, Vera Matson | 2:39 |
Total lengd: | 35:06 |
Vekeslister[endre | endre wikiteksten]
Årslister[endre | endre wikiteksten]
Salstrofé[endre | endre wikiteksten]
|