Linda Ronstadt Studioalbum av Linda Ronstadt | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 17. januar 1972 | |
Sjanger | Countryrock | |
Lengd | 31:42 | |
Selskap | Capitol | |
Produsent | John Boylan | |
Linda Ronstadt-kronologi | ||
---|---|---|
Silk Purse (1970) |
Linda Ronstadt | Don't Cry Now (1973)
|
Singlar frå Linda Ronstadt | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Christgau's Record Guide | B–[2] |
The Rolling Stone Album Guide | [3] |
Linda Ronstadt er det tredje studioalbumet til Linda Ronstadt, gjeve ut tidleg i 1972 på Capitol Records. Albumet selde dårleg, og førte til at ho vart droppa av plateselskapet. Det nådde 163. plassen på Billboard Pop Album-lista og 35. plassen på countrylista.
Før albumet vart spelt inn fekk Ronstadt gitaristen Glenn Frey til å setje saman eit turnéband for seg. Frey henta inn bandet til trommeslagaren Don Henley, Shiloh, som hadde kontrakt med Amos Records på same tid som det førre bandet til Frey, Longbranch Pennywhistle. Turnébandet vart utfylt med pedalsteelgitarist Sneaky Pete Kleinow og produsenten John Boylan på gitar, som akkompagnerte Ronstadt på seks av ti spor på albumet, inkludert tre som var konsertopptak på The Troubadour i West Hollywood i California i mars 1971. Dei andre medlemmane bestod av den originale besetninga i Eagles med gitaristen Bernie Leadon og bassisten Randy Meisner, som spelte på andre spor på albumet som studiomusikarar. Meisner akkompagnerte Ronstadt på korvokal med livebandet på «Birds» og «Rescue Me». Ronstadt gjekk så med på å la Frey, Henley, Leadon og Meisner skipa Eagles etter at albumet kom ut. Andre kjende studiomusikarar på albumet var fiolinisten Gib Guilbeau, pedalsteelgitarist Buddy Emmons, munnspelspelaren Jimmy Fadden frå Nitty Gritty Dirt Band og Herb Pedersen på gitar, banjo og korvokal.
Etter dette albumet signerte Ronstadt for Asylum Records og spelte inn det neste albumet for dei, men på grunn av kontrakten hennar med Capitol, måtte ho gje ut det påfølgjande albumet, Heart Like a Wheel, i 1974 for dei. Ironisk nok vart det store gjennombrotet hennar.[4]
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Rock Me On the Water» | Jackson Browne | 3:40 |
2. | «Crazy Arms» | Ralph Mooney, Chuck Seals | 3:33 |
3. | «I Won't Be Hangin' Round» | Eric Kaz | 3:03 |
4. | «I Still Miss Someone» | Johnny Cash, Roy Cash jr. | 2:42 |
5. | «In My Reply» | Livingston Taylor | 3:32 |
Total lengd: | 16:30 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «I Fall to Pieces» | Hank Cochran, Harlan Howard | 3:11 |
2. | «Ramblin' 'Round» | Lead Belly, Woody Guthrie, John A. Lomax | 3:22 |
3. | «Birds» | Neil Young | 3:01 |
4. | «I Ain't Always Been Faithful» | Eric Andersen | 2:51 |
5. | «Rescue Me» | Raynard Miner, Carl Smith | 2:47 |
Total lengd: | 15:12 |
Liste (1972) | Plassering |
---|---|
USA (Billboard 200) | 163 |
Frå plateomslaget:[5]
Teknisk
Studio