Arkiv over kandidatar på Wikipedia:Administratorar/utnemningar

Megnorge

Imot Imot brukaren er blokkert på nb.wikipedia som sokkedokkekonto og for forstyrring av Wikipedia, han driv med nett det same her. --46.15.105.137 8. januar 2011 kl. 17:31 (CET)[svar]
Imot Imot pr. argument over. Brukaren er også den same som Brukar:TVNorge. Fleire brukarkontoar er ikkje eit pluss. Har heller ikkje vore aktiv her i lang nok tid. (Ikkje med denne kontoen i alle fall...) 3s 8. januar 2011 kl. 18:49 (CET)[svar]

kontoane Brukar:MichaelJackson231 ([1] og Brukar:MEG.AMG ([2] kan også nemnast. --178.232.46.118 8. januar 2011 kl. 22:42 (CET)[svar]
Kontoen Brukar:MichaelJackson231 er ikkje min!!! Eg kan seie at MEG.AMG er min men eg brukar han ikkje, eg brukar heller ikkje TVNorge. MVH Megnorge 8. januar 2011 kl. 22:55 (CET)[svar]

For For Det er lett å bli tvunge til å ha fleire brukarar dersom ein opererer på fleire språk. Det eg har sett av Megnorge er at vedkommande er seriøs. nn treng aktive bidragsytarar dersom vi skal ha ein autoritativ nettstad. --Thesam 8. januar 2011 kl. 19:31 (CET)[svar]

Imot Imot--Andreasv 8. januar 2011 kl. 20:09 (CET)[svar]

Imot Imot--Bep 8. januar 2011 kl. 22:14 (CET)[svar]

I tillegg til dei alvorlege ankepunkta som er nemnde, har brukaren vore aktiv i langt under 3 månader. --Ranveig 8. januar 2011 kl. 22:55 (CET)[svar]

Imot Imot Bør venta med å verta administrator --Gunnernett 9. januar 2011 kl. 21:50 (CET)[svar]


Zanity

Ny administrator

Heisann!

Eg ynskjar å verta nominert til administrator her på Nynorsk Wikipedia. Eg likar godt å skriva, lesa, organisera og administrera, både for at brukarar skal få eit betre miljø, og ikkje minst fordi encyclopediaen skal verta overkommeleg og oversikteleg. Nynorsk er utan tvil ein favoritt! Eg håpar dykk vil gi ei stemme til meg, det er sjølvsagt heilt opp til dykk, men sjå gjerne på bidraga mine før du gjev di stemme.

Diskusjon

Eg har akkurat lagt inn manglande interwikilenkjer og kategoriar i ein av mange artiklar laga av Zanity, og det får meg til å lura på om han kan nok om korleis prosjeket verker til å ha særleg nytte av administratorverktøya? Kvifor vil du ha dei? Veit du kva tid til dømes korleis ein kategoriserer, korleis ein artikkel kan flyttast, og kva tid artiklar skal slettast? Bortsett frå desse spørsmåla har eg ikkje noko imot å utnemna Zanity. --Ranveig 7. desember 2009 kl. 18:12 (CET)[svar]

Har brukt ein del tid på å venna meg til Wikipedia, men etter nokre spark i baken har eg no full forståing for kva som skal inn i artiklar og kva som ikkje skal inn. Både kategorisering, flytting av artiklar og kva tid artiklar skal slettast har eg full kontroll over no. Eg er sikker på at kjem til å få god nytte av dei ekstra verktya, og eg er klar for å verta del i ordensteamet her! --Zanity 7. desember 2009 kl. 18:35 (CET)[svar]
Ja til Zanity!

For For Gjev guten ein hammar. Eg trur han kjem til å bruke hammaren til å byggje og reparere. Hogne 8. desember 2009 kl. 18:16 (CET)[svar]

Nei til Zanity!

Imot Imot Kan ikkje sjå at brukaren kjenner retningslinjene. Kan heller ikkje sjå at han har hatt bruk for administratorverktya. --Jorunn 8. desember 2009 kl. 20:34 (CET)[svar]

Imot Imot Alle brukarar har ein hammar. Eg kan ikkje sjå at denne er klar for slegga. Det er det solid arbeid over lag tid som viser.--Andreasv 8. desember 2009 kl. 22:01 (CET)[svar]

Imot Imot Det er flott med nye brukarar som kjem til. Zanity har vore kjempeflittig med å skape nye artiklar. Det er bra, slikt likar me. På den andre sida er brukaren rimeleg fersk på nn, etter berre nokre månader som skribent. Lær deg korleis kategorisere artiklane dine og lenkje til andre språk, så dei vert lettare for andre å finne attende til. Skriving er gøy, rydde etter andre er eigentleg mindre gøy (Ein ting er at det tek tid frå skrivinga også). Når du etter litt tid har fått litt meir erfaring, kan du vurdere å søkje på nytt. Anders 8. desember 2009 kl. 23:20 (CET)[svar]


Fleinn

Fleinn har sagt seg viljug til å verte administrator etter at eg spurde på diskusjonssida hans. Han gjer mykje godt oppryddingsarbeid og vil ha god nytte av administatorknappane.--Andreasv 5. mai 2010 kl. 11:42 (CEST)[svar]

For For – Har tiltru og vil ha god nytte av verktya. --Andreasv 5. mai 2010 kl. 11:42 (CEST)[svar]
For For ~ Hogne 5. mai 2010 kl. 12:24 (CEST)[svar]
For For ~ Har gjort mykje godt arbeid - og skulle blitt spurt før :) --Egil Arne 5. mai 2010 kl. 13:22 (CEST)[svar]
For For – einig med dykk. Dei formelle krava er også oppfylde og vel så det. --EIRIK\diskusjon 5. mai 2010 kl. 13:25 (CEST)[svar]
For For - Om ingen kjem med sterke motførestillingar treng ikkje utnemninga venta så veldig lenge. --Ranveig 5. mai 2010 kl. 13:32 (CEST)[svar]
For For --Harald Khan Ճ 5. mai 2010 kl. 14:39 (CEST)[svar]
For For --Tannkrem 5. mai 2010 kl. 15:24 (CEST)[svar]
For For --Frokor 5. mai 2010 kl. 16:59 (CEST)[svar]

HallvardLid

HallvardLid har sagt seg viljug til å verte administrator etter at eg spurde på diskusjonssida hans. Han har gjort ein stor innsats her og han kan trenge administratorverktya. --Egil Arne 16. september 2009 kl. 20:28 (CEST)[svar]

For For – Treng verktya og har tillit. --Egil Arne 16. september 2009 kl. 20:28 (CEST)[svar]
For For --Ranveig 16. september 2009 kl. 21:58 (CEST)[svar]
For For --Frokor 16. september 2009 kl. 23:10 (CEST)[svar]
For For --Andreasv 18. september 2009 kl. 10:45 (CEST)[svar]
For For -- Hogne 18. september 2009 kl. 15:00 (CEST)[svar]

Egil Arne

Egil Arne har sagt seg villig til å verte administrator etter at Andreasv spurde på diskusjonssida hans. Han har gjort mykje godt arbeid her og han kan trengje administratorverktya. --Jorunn 12. april 2009 kl. 13:44 (CEST)[svar]

For For – Treng verktya og har tillit. --Jorunn 12. april 2009 kl. 13:44 (CEST)[svar]
For For – --Knut 12. april 2009 kl. 15:15 (CEST)[svar]
For For -- Eg er nesten alltid for seint ute med å røysta, men no rekk eg det vel. Ranveig 12. april 2009 kl. 15:52 (CEST)[svar]
For For --Frokor 12. april 2009 kl. 15:57 (CEST)[svar]
For For --Ekko 12. april 2009 kl. 16:04 (CEST)[svar]
For For Vil det seie me ikkje får nokon artikkel om folk frå Narva? :) Anders 12. april 2009 kl. 16:14 (CEST)[svar]
For For -- Trondtr 12. april 2009 kl. 17:33 (CEST).[svar]
For For --Andreasv 12. april 2009 kl. 20:55 (CEST)[svar]
For For --EIRIK\diskusjon 12. april 2009 kl. 22:18 (CEST)[svar]

Orland

Eg vil få foreslå at Orland får administratorstatus. Han har skrivi litt her, men er mest aktiv på bokmål. Framfor alt gjer han ein viktig jobb med det skandinaviske artikkelsamarbeide, og me bør gjere den jobben enklast mogeleg for han. --Ekko 13. januar 2009 kl. 19:14 (CET)[svar]

Brukar:Martin NH

Aktiv brukar som gjer mykje bra og som kan ha god bruk for dei ekstra verktøya. --Frokor 30. desember 2008 kl. 20:19 (CET)[svar]

Jarle

  1. Jarle: Vil helst berre vera vanleg brukar, no som eg knappast hev stunder til å redigera her i det heile teke. Kan ein byråkrat degradera meg? Jarle 12. oktober 2008 kl. 16:49 (CEST)[svar]
Det er heilt i orden. Men berre gje ein lyd om du vil ha administratorrettane tilbake, så skal dei nok raskt vere på plass att. --Frokor 12. oktober 2008 kl. 17:00 (CEST)[svar]
Hm, ser ikkje ut til at byråkratar på Nynorsk Wikipedia har tilgang til å fjerne administratorrettar, berre opprette dei. Trudde dette gjekk an eg. Det må visst ein steward til ser det ut til. --Frokor 12. oktober 2008 kl. 17:05 (CEST)[svar]
Takk for opplysingane, eg fekk hjelp frå ein Wikimedia-vert. Jarle 13. oktober 2008 kl. 07:04 (CEST)[svar]

Brukar:Stykkjet

Brukar:Stykkjet stolar eg på og han gjer godt arbeid her når han er innom. Hogne 15. september 2008 kl. 22:23 (CEST)[svar]

Brukar:Erling

Minst like aktiv som mange av administratorane me alt har, og har sikkert god bruk for dei ekstra verktøya. --Frokor 7. september 2008 kl. 14:41 (CEST)[svar]

Andreasv

Andreasv gjer ein del ryddarbeid og har mange gode bidrag. --Frokor 2. september 2008 kl. 12:42 (CEST)[svar]

Knut

Aktiv brukar som heilt sikkert kan ha god bruk for dei ekstra verktøya. --Frokor 28. august 2008 kl. 17:58 (CEST)[svar]

Gunnar Mikalsen Kvifte

Aktiv brukar som heilt sikkert kan ha god bruk for dei ekstra verktøya. --Frokor 28. august 2008 kl. 17:58 (CEST)[svar]

Kandidat Bep

Bep er ein stødig wikipedant, med kunnskapar om korleis ting verkar under wikipedia-panseret. Han bør snarast råd få dei verktøya han treng. --Ekko 20. juni 2008 kl. 10:21 (CEST)[svar]

Eg har no likt meg litt på sidelinja, fått tusla med mitt. Men eg seier ikkje nei til eit par nye knappar. Eg likar knappar. --Bep 20. juni 2008 kl. 19:08 (CEST)[svar]

Hogne

Jamt aktiv og har fleire gonger sørga for at framsida vår ikkje stod tom for ein vekesartikkel. --Ranveig 12:21, 23 april 2008 (CEST)


Harald Khan

Har vore med oss vel eit halvt år no og lagt ned mykje bra arbeid. No stiller han også med ein eigen bot og gjer mykje av det same gode oppryddingsarbeidet som administratorane gjer. Eg syns me skal gi han dei verktøya han treng til å gjere arbeidet skikkeleg. Det er ei lang administratorliste etter kvart, men med tanke på kor få på lista som faktisk er særleg aktive skadar det ikkje med fleire dyktige medarbeidarar. --Frokor 17:47, 16 april 2008 (CEST)

Jhs

Etter å ha forhøyrd meg med kandidaten foreslår eg Jorunn (Jhs) som administrator. Ho har vore aktiv i lang tid, og gjer etter mitt syn ein god innsats med opprydding. --Gunnernett 10:55, 21 februar 2007 (CET)


Barend

Etter å ha forhøyrd meg med kandidaten foreslår eg Barend til administrator. Sjå Brukardiskusjon:Barend.


Cato

Sjå grunngjeving her: [3].

Kommentarar

Eg er for deg. Du kan vere litt kvass mot andre brukarar av og til, men vi satsar på at det går bra. Elles tykkjer eg det er eit litt rart argument at du vil setje i gong med sportsprosjektet ditt straks, dersom du vert administrator. Eit par tips: Hugs formatering og interwikilenkjer. Dersom du er ueinig i ei slettemerking eller liknande, hugs å diskutere sak og ikkje person. Ta gjerne saka opp på diskusjonssida til artikkelen og ikkje brukaren si. Eg trur du vert ein god administrator. Helsing EIRIK\diskusjon 22:49, 5 februar 2007 (CET)

Tannkrem

Vi får gje honom ein sjanse til då, sidan han har lengst fartstid av alle de som ikkje er administrator enda. Selv om brukarsia kanskje ikkje er heilt tillitsvekkande for nye brukarar... men Tannkrem er vel flink vel? Og som han sa; han kunne trenge å blokkere rodelero av og til... Men min stemme får han ikkje. :P

Eg trur eg kan gjera litt meir nytta for meg om eg har administratorrettar. Eg endrar sjølvsagt dei useriøse elementa på brukarsida i så fall. Og eg skal vera sakleg. --Tannkrem 19:41, 22 januar 2007 (CET)

Etter to fulle arbeidsdagar er resultatet seks for og éin mot. Eg ordnar opp med formalitetane no. :-) Olve 21:34, 23 januar 2007 (CET)

Frokor

Eg tillet meg å føreslå Frokor som ein (kanskje betre?) kandidat. Han er visst for blyg til å føreslå seg sjølv, men eg les ut av svaret hans til Jorunn at han ikkje vil setja seg hardt til motverge dersom han får eit puff i den retninga!
Eg håpar han vil skriva eit par ord her om han har nokon bestemt linje han vil leggja seg på dersom han blir admin, men eg er viss på at han kan gjera ein god jobb.

Takkar for tiltrua! Eg brukar jo ein del tid her inne, så eg kan jo gjerne gjere litt meir nytte for meg i same slengen. Eg likar jo mest å kverne ut artiklar, men ut i frå det eg har sett ser det ikkje ut til at administratoroppgåvene tar meir tid enn at eg skal få tid til begge delar. --Frokor 18:46, 22 januar 2007 (CET)


Kobolt-kavaleriet

Eg veit ikkje kor store krav det er til utnemning her på nn wikki, men på no er dei veldig strenge. Eg tar sjansen på å foreslå meg sjølv (kontroversielt?) som administratorkandidat, fordi eg meiner eg kan gje mange gode bidrag til nn wikipedia, og bidra aktivt til opprensking av tor-nodar og annen vandalisme. Om dei synast dei har bruk for fleire administratorar, eller om dei tykkjar eg er erfaren nok til det enda, får deira avgjere. --Kobolt-kavaleriet 10:09, 19 januar 2007 (CET)

Kravet står i avsnittet over: «For å kunna bli vald bør ein ha vore aktiv brukar i minst tre månader og vist vilje til å følga retningslinene». Om ein tel saman tida frå alle kontoane dine får ein nok over tre månadar, men det spørs om alle desse kontane viser vilje til å følgje retningslinjene.--Jorunn 10:46, 19 januar 2007 (CET)
Einig med Jorunn. -- Olve 10:52, 19 januar 2007 (CET)

Trondtr

Anders

Verkar som Anders er ein fyr som duger til å forbedre wikipedia og halde orden på ting, og eg synast måten han jobbar på verkar som han er administrator, bortsett frå at han ikkje er det. Men det fortjener han å bli. Så forfrem ham til sjef! --Huleboeren 14:51, 18 oktober 2006 (UTC)

Roger

Roger gjer mykje godt arbeid med opprydding. Han kan trengja administrator- funksjonane. Eg vil med dette foreslå at han vert administrator. --Gunnernett 18. januar 2006 kl. 10:33 (UTC)

Dette ser ukontroversielt ut. Har oppdatert statusen hans no. :-) Olve 19. januar 2006 kl. 01:51 (UTC)

Takk for det! Skal prøve å ikkje gjere ugagn no då! Roger 19. januar 2006 kl. 07:30 (UTC)
Ai ai ai! Kven sletta alle kategoriane?! -- Ranveig 19. januar 2006 kl. 09:13 (UTC) ;-)

Hadde eg berre vore klar over avstemminga, hadde eg nok stemt for eg òg (heilt til det som hende med kategoriane, då...) :-)
/ Kurtber|Ordskifte 26. januar 2006 kl. 16:31 (UTC)

Kurtber (1618 redigeringar)

I fare for å framstå som blærete ønskjer eg å stille meg sjølv som kandidat til å vere administrator. Eg har ei ganske lang fartstid, og kan etterkvart påstå at eg er ein røynd wikipedant her på nynorsk. / Kurtber|Ordskifte 19. okt. 2005 kl. 13:46 (UTC)

Ser ut som dette er grei skuring. Eg tek sjansen på at stemninga generelt er for og skrur på admin-funksjonen no. -- Olve 20. okt. 2005 kl. 02:11 (UTC)

Takkar for tillita :-D / Kurtber|Ordskifte 20. okt. 2005 kl. 07:54 (UTC)

Eirik

Eg ynskjer å bli administrator her på Nynorsk Wikipedia. Eirik\Diskusjon 10. mai 2005 kl. 2025 (UTC)

Kommentarar

Ny runde

Synest du eg no er klar for å bli administrator? No har eg +- 1500 redigeringar. EIRIK\diskusjon 14. juli 2005 kl. 20:37 (UTC)


Kristaga

Foreslår meg sjølv som administrator på oppfordring frå Olve. --KRISTAGAα-ω 11. mai 2005 kl. 0035 (UTC)

Gaute

Eg ynskjer å utnemna meg sjølv som administrator. Det siste året har eg putla mykje på engelsk Wikipedia, der eg i hovudsak har jobba med medisin- og anatomiartiklar (høvesvis WP:MED og WP:Anatomy). Tidlegare har eg bidratt vekselvis på nynorsk og bokmål Wikipedia, og har ei total fartstid på kring 4 år 5 år. Eg jobbar for tida med Wikiprosjekt Medisin her på nnWP, der eg håpar å kunne vekke nytt liv og engasjement ved å lage gode retningslinjer og gjeremål for dei som vil bidra. Verktøya trur eg vil koma godt med. — Gaute chat - epost - signér 10. november 2014 kl. 17:24 (CET)[svar]

Hei! Sender «ping» til Ranveig, ho kan sjå på det. Mvh.--Anne-Sophie Ofrim (diskusjon) 11. november 2014 kl. 11:50 (CET)[svar]
Det er mogleg for alle brukarar å koma med innspel, men sjølv synest eg Gaute treng ein litt større profil her. Eg kikka på bidraga hans og sjølv om han har vore brukar her i fleire år, har han gjort færre enn 500 endringar. Litt fleire bidrag og ei lengre samanhengande bidragstid bør me nok ha før me kan seia noko. --Ranveig (diskusjon) 11. november 2014 kl. 13:40 (CET)[svar]
Takk til begge for tilbakemeldingar. Kan leggje til at eg tidlegare opererte med Brukar:Zanity (sjå bidrag), men eg mista tilgong til den kontoen for fleire år sidan. — Gaute chat - epost - signér 11. november 2014 kl. 14:12 (CET)[svar]
På den førre brukaren var eg forøvrig aktiv i ~2 år, med 1000+ endringar. — Gaute chat - epost - signér 12. november 2014 kl. 14:17 (CET)[svar]

Då er utneminga i orden. Takk til alle som engasjerte seg! --Ranveig (diskusjon) 18. desember 2014 kl. 13:06 (CET)[svar]

Takk til alle for kommentarar, stemming og tiltru. — Gaute snakk - epost - signér 18. desember 2014 kl. 13:18 (CET)[svar]