nn Denne brukaren har norsk som morsmål og skriv nynorsk.
nb Denne brukeren har norsk som morsmål og skriver bokmål.
fi-3 Tämä käyttäjä osaa suomea erinomaisesti.
en-3 This user is able to contribute with an advanced level of English.
se-2 Dát geavaheaddji máhttá sámegiela viehka bures.
de-2 Dieser Benutzer hat fortgeschrittene Deutschkenntnisse.
ru-1 Этот участник владеет русским языком на начальном уровне.
nl-1 Deze gebruiker heeft elementaire kennis van het Nederlands.
is-1 Þessi notandi hefur grundvallar-kunnáttu á íslensku máli.
fo-1 Hesin brúkarin hevur grundleggjandi kunnleika til føroyskt.
fr-1 Cette personne peut contribuer avec un niveau élémentaire de français.
et-1 Kasutaja suudab eesti keeles kaastööd teha algaja tasemel.
Mal:Brukar smn-1

Velkomsten

[endre wikiteksten]

Velkommen

[endre wikiteksten]

Hei og velkomen til Nynorsk Wikipedia! Jorunn 21. mai 2005 kl. 1404 (UTC)

Velkommen Trond. Spør gjerne om du lurer på noko! Bjarte 22. mai 2005 kl. 1325 (UTC)

Takk for det! Er det her denne diskusjonen går føre seg? Trond.

Velkommen frå meg òg! :-) Fint å få meir kjøt på beina i avdelinga vår for uralske språk. Eit lite tips: Du kan forresten laga automatisk signatur med datering på diskusjonssider ved å skrive fire bølgjestrekar — slik: ~~~~ Beste helsing, Olve 22. mai 2005 kl. 2038 (UTC)

Ein sein velkomst frå meg òg. --Guttorm 25. mai 2005 kl. 1755 (UTC)

Eg prøver på ein slik signatur til slutt her. Men før det: Korleis får eg laga ein slik språk-boks (namn, område, talarar, språkfamilie, ISO/SIL-kode osb). Trondtr 22. mai 2005 kl. 2045 (UTC)

Det klassiske tipset er å ta ein kikk på ein annan språkartikkel, trykk «rediger», kopier informasjonen (språkboksen byrjar med ((Infoboks_språk|namn= og endar med ))), lim det inn i den nye artikkelen og rediger opplysningene der. Sjekk om du får det til å virke ved å trykke på «Førehandsvis». Du kan au ta ein kikk på malen Mal:Infoboks språk for å se kva slags variablar du kan nytte. Håpar dette er til hjelp. --KRISTAGAα-ω 22. mai 2005 kl. 2238 (UTC)
Ser du fikk til sørsamisk språk. Men du gjorde det litt tungvint, det er mye enklare å bare bruke den eksisterande malen. Ta ein kikk på håssen sørsamisk ser ut nå (eg satte opplysningene dine i malen, du kan jo t.d. bruke «historikk»-knappen og sammenlikne, eller bare sjå direkte i koden ved å trykke «rediger»), så skjønner du sikkert alt. Og bare spør viss du står fast! --KRISTAGAα-ω 23. mai 2005 kl. 2344 (UTC)
Takk for kommentarane! Ja, det å bruke den eksisterande malen var uten tvil enklare. Eg held fram med resten av dei uralske språka etter kvart. Trondtr 25. mai 2005 kl. 1536 (UTC)

Ros

[endre wikiteksten]

Du har skrive mange dugelege artiklar, men stadieveksling er eit under! Det var ein teknisk artikkel eg kunne forstå, sjølv med hovudverk (før eg byrja å lesa, altså - andre gonger kjem gjerne verken etterpå). -- Ranveig 26. mai 2005 kl. 1807 (UTC)

Fullstendige setningar og kategoriar er viktig!

[endre wikiteksten]

Hei Trond, mykje fint du gjer her!!! :-D Men det er eit par ting som er viktige å hugse på:

  1. Alle artiklar skal begynna med ei fullsetning.
  2. Alle artiklar skal ha minst éin kategori — t.d. Kategori:Lingvistikk, Kategori:Morfologi osv.
  3. Alle artiklar som er på berre ei setning eller to skal merkast som ((spire)).

Om du passar på alltid å følgje desse tre reglane, så vil småartiklane du lagar vera mykje lettare å arbeide vidare med for alle saman. :-) Olve 29. mai 2005 kl. 2013 (UTC)

Ok, tre svært gode råd her, takk skal du ha. Eg skal følgje dei. Trondtr 29. mai 2005 kl. 2016 (UTC)

Her er eg att.. :] Når det gjeld kategoriar, så er det første kolonet ( [[:Kategori...) berre med når ein skal setje inn kategorinamnet som eksempel i sjølve teksten. Når ein kategoriserer ei side, skal det ikkje vera kolon føre ordet kategori. Elles er det lurt om du hugsar på å unngå telegrafstil (ingen utelatne subjekt, unngå parentesar anna enn som direkte ordforklaring eller i samband med datering). Alle setningane skal vera så fullstendige som muleg. Sjå endringane eg har gjort i artikkelen Anders Porsanger som eksempel. -- Olve 29. mai 2005 kl. 2044 (UTC)

Ordna litt på første ordet i artikkelen bøyingsklasse og skreiv ei full innleiingssetning. Har ikkje styrt noko særleg med morfologi dei siste åra og gjorde dette kjapt og lettvint. Slik det står no er det litt smør på flesk, men eg reknar med at du kan sortere dette slik du tykkjer det er best ut frå heilsetningsskrivestilen vi har her. -- Olve 30. mai 2005 kl. 0518 (UTC)

Hei, her er eg att... Beklagar at eg masar, men artiklar her skal altså begynna med ei fullstendig setning. Eksempel: Du skreiv nettopp:

substantiv, ein av dei tre sentrale ordklassene (dei to andre er verb og adjektiv.

Dette er ikkje ei fullstendig setning. Det kan t.d. skrivast om slik:

Eit substantiv er eit omgrep for eit ord frå ein av dei tre mest sentrale ordklassene [...]

Vi lyt begynna med stor bokstav, subjektet (helst oppslagsordet) bør innleiast med artikkel (så vi ser grammatisk kjønn), vi lyt ha predikat/verbal osv. Beklagar som sagt maset, du gjer jo utruleg mykje fint her. Men det er berre så dumt når bidraga frå ein så ressurssterk brukar som du er lyt gåast over for slike basisting... :] Olve 30. mai 2005 kl. 2306 (UTC)

Du (eller andre) treng ikkje beklage mas, det beklagelege er jo heller at det trengst. I dette tilfellet er det lett å gløyme heilsetningen, m.a. fordi eg er van med ein annan leksikontradisjon, den der omsynet til plass er viktigare enn omsynet til heile setningar. Dermed følest det "rett" for meg å skrive slik eg gjorde (dessutan hadde eg ei ferdig liste med artiklar som eg skulle lime inn). Elles sett eg pris på at folk går over bidraga til kvarandre (sjølv om det beste jo hadde vore at dei hadde vore rett skrive frå starten av). Eit område der eg har problem er inndelinga i kategoriar: Kva kategoriar skal vi bruke, t.d. i dette tilfellet: Er substantiv lingvistikk og ordklasse? Eller er det grammatikk og ordklassa? Skal språkforskarar vere berre språkforskarar, eller skal dei også vere norske språkforskarar? (I dag er dei berre danske). Og når det er meir enn ein kategori, skal dei stå over kvarandre, frå vid til trong? Kor står metadiskusjonane? Trondtr 31. mai 2005 kl. 0948 (UTC)

Kven er du? :-)

[endre wikiteksten]

Hadde forresten vore fint om du kan seie nokre ord på brukarsida di om kven du er. Det er relativt vanleg her på nn: å gjera det. (Sjå t.d. Bjarte, Gunvald, Guttorm, Olve, Ranveig...) Blir både litt meir personleg og fagleg meir truverdig på det viset — og det er tydeleg at du kan mykje, så da hadde det vore ekstra bra for Nynorsk Wikipedia òg om folk ser kven du er og gjerne kva fagleg ballast du har. (For dét har du no definitivt — anten du har komme til kunnskapen på fagleg institusjonelt vis eller på andre måtar...!) Men det er sjølvsagt ingen tvang: Vil du vera anonym, så er det no sjølvsagt lov det òg.) -- Olve 29. mai 2005 kl. 2024 (UTC)

Aha! Tenkte nok kanskje det var du, ja... Gratulerer med doktorgraden sidan sist! :-D Olve 30. mai 2005 kl. 0501 (UTC)
Takk skal du ha. Trondtr 30. mai 2005 kl. 0513 (UTC).


Arkiv

[endre wikiteksten]
Arkiv over tidlegare diskusjonar på diskusjonssida mi:

2005 · 2006 · 2007 · 2008 · 2009 · 2010 · 2011 · 2012 · 2013 · 2014 · 2015 · 2016 · 2017 · 2018 · 2019 · 2020 · 2021 · 2022

Samisk språkforsking vs. samiske språkforskarar

[endre wikiteksten]

Eg ser du legg inn fleire samiske språkforskarar i Kategori:Samisk språkforsking. Kategori:samiske språkforskarar er allereie ein underkategori av denne. Kva er grunnen til dobbeltkategoriseringa? Me risikerer at overkategorien blir uoversiktleg. Ranveig (diskusjon) 19. februar 2023 kl. 12:10 (CET)[svar]

Vent. Er skilnaden at Samiske språkforskarar berre omfattar samar? I så fall forstår eg betre. Ranveig (diskusjon) 19. februar 2023 kl. 12:12 (CET)[svar]
Hei, Ranveig, eg er glad du spør, eg vil gjerne ha nokon å diskutere med. Ja, slik kategorien "Samiske språkforskarar" er i dag inneheld han berre språkforskarar som sjølv er samar (i teorien skulle vi kunne ha samar som har forska på andre språk enn samisk her også). Problemet mitt er at eg sitt og vil undersøke kva språkforskarar som arbeider/har arbeidd med samisk som vi manglar artiklar for. Slik situasjonen var hadde vi to ulike lister. Det eg gjorde, sjølv om eg ikkje likte det, var å kopiere alle i underkategorien opp i morkategorien. Vi burde kanskje ha to kategoriar under "samisk språkforsking", ein "samiske språkforskarar" og ein "språkforskarar som har arbeidd med samisk". Så kan vi sjølvsagt spørje om vi treng den første kategorien i det heile, men den gjev (som kategori) informasjon om utviklinga av fagfeltet. Så eg veit ikkje heilt. Kva syns du vi skal gjere ? Trondtr (diskusjon) 19. februar 2023 kl. 12:24 (CET)[svar]
Og ja, vi må sjølvsagt fjerne alle namna frå "samisk språkforsking" inn i underkategoriar. Trondtr (diskusjon) 19. februar 2023 kl. 12:27 (CET).[svar]
Svensk Wikipedia har sv:Kategori:Personer inom samisk språkforskning. Det går kanskje an å ganske enkelt omsetja denne. Ranveig (diskusjon) 19. februar 2023 kl. 12:28 (CET)[svar]
Litt klønut formulering kanskje, men ja, eg trur vi gjer det. Personar innafor samisk språkforsking. Eg kan opprette. Trondtr (diskusjon) 19. februar 2023 kl. 12:31 (CET).[svar]
Eg går no gjennom personane. Den nye kategorien er betre enn det vi hadde før: Svært mange av personane i kategorien er ikkje primært språkforskarar, eller i mange tilfelle ikkje språkforskarar i det heile. Kategorinamnet er dermed presist. Trondtr (diskusjon) 19. februar 2023 kl. 12:44 (CET).[svar]

Nyhetsbrev nr. 26 fra Wikimedia Norge

[endre wikiteksten]

Jon Harald Søby (WMNO) 5. april 2023 kl. 15:38 (CEST)[svar]

Nyhetsbrev nr. 27 fra Wikimedia Norge

[endre wikiteksten]

Jon Harald Søby (WMNO) 18. september 2023 kl. 09:21 (CEST)[svar]

Nyhetsbrev nr. 28 fra Wikimedia Norge

[endre wikiteksten]

Jon Harald Søby (WMNO) 6. mars 2024 kl. 08:39 (CET)[svar]

Admin-treff i Oslo 26.-27. oktober

[endre wikiteksten]

Kjære administrator eller fadder på nynorsk-Wikipedia! Hald av siste helga i oktober, om du vil vere med på fagleg oppdatering og nettverksmøte i Oslo. Dersom du bur ein annan stad i landet, kan Wikimedia Noreg dekke reise og opphald for deg. Jon Harald Søby (WMNO) og Anne Sande (WMNO) organiserer treffet og set i gang planlegginga i august, men gje gjerne innspel om nyttige tema allereie nå. Anten her eller på post@wikimedia.no. Beste helsing, for Wikimedia Noreg, Elisabeth Carrera (WMNO) (diskusjon) 22. juli 2024 kl. 20:19 (CEST)[svar]