Velkommen[endre wikiteksten]

Velkommen til Nynorsk Wikipedia, Barend! Berre spør dersom du lurer på noko. --EIRIK\diskusjon 16. nov. 2005 kl. 16:58 (UTC)

Velkommen ombord frå meg òg! Fint å få styrka russiskkompetansen her! :-) Olve 27. nov. 2005 kl. 06:07 (UTC)

Velkommen ifrå meg og! Godt å sjå at det er nokon fleire enn meg som drøymer om eit nynorsk herredøme... :-D Men vi får vel ta eit steg om gongen, trur eg. Du gjer no ein god jobb! --Anders 29. nov. 2005 kl. 20:54 (UTC)

Takk for mottakinga :)(Barend 29. nov. 2005 kl. 21:14 (UTC))

Eg òg ynskjer deg velkomen! Fine mål du har! Takk for tipset om transkripsjon av kyrillisk!
--Verdlanco\ordskifte 29. nov. 2005 kl. 21:25 (UTC)

Velkommen frå meg og, det er fint at vi blir fleire som skriv om russiske emne. Sjølv er eg mest oppteken av dei finskugriske (og andre ikkjerussiske) delane av Russland, men overlappinga er stor nok til at vi nok vil sjå meir til kvarandre. Ein wikipediaartikkel treng mange forfattarar, og innsatsen din så langt har vore svært inspirerande. Trondtr 30. nov. 2005 kl. 17:52 (UTC).

Velkomen frå meg òg. Kanskje litt seint, men så har eg då vore så heldig å få lest litt av det du har skrive: Du er ein svært god tilvekst til ein elles svært god nn:Wikipedia. Hald fram med det gode arbeidet... --Bep 19. des. 2005 kl. 21:55 (UTC)

Jethro Tull[endre wikiteksten]

Tusen takk, kjekt å få gode tilbakemeldingar! Grunnane til at eg skreiv denne var at eg såg ei raud lenkje på brukarsida di og at eg likar å skrive om ting eg ikkje har høyrt om før, då får eg både vite meir om det sjølv og hjelper Wikipedia. --EIRIK\diskusjon 21. des. 2005 kl. 12:08 (UTC)

Zjetygare[endre wikiteksten]

Hi! I am interessted how you know Rasjid Nurgalijev was born in Zjetygare? [1]. Thanx. Cherubino 15. januar 2006 kl. 22:07 (UTC)

Hi Cherubino! The information that Nurgalijev was born in Zhetygare comes from several russian language sites, such as http://www.peoples.ru/state/politics/nurgaliev/ or http://www.informacia.ru/facts/nurgaliev-facts.htm. I notice that the official biography on the government's website only mentions that he went to school in Karelia, and not where he was born. - (Barend 17. januar 2006 kl. 15:01 (UTC))
OK. Danke, in english it's Zhetiqara, see [2] Cherubino 18. januar 2006 kl. 00:04 (UTC)

Sentrumsradikal?[endre wikiteksten]

Det høyres spennande ut! Men eg blir litt usikker på kvar du høyrer heime i landskapen likevel ;-) Er du senterpartist?
/ Kurtber|Ordskifte 20. januar 2006 kl. 17:54 (UTC)

Artikkelen Sentrisme kunne forresten trenge ei utbetring, men eg har aldri vore mann nok til det... :-)
/ Kurtber|Ordskifte 20. januar 2006 kl. 17:55 (UTC)
Du kan jo lura! Så vidt eg veit er det berre eit sentrumsparti som javnleg refererer til seg sjølv som radikalt i Noreg for tida. Sjølv om ingen andre gjer det... (Barend 20. januar 2006 kl. 18:01 (UTC))
Eit radikalt parti i Noreg, som «alle» (som ikkje røyster rett) meinar er konservativ og kjipt? Det må vere Senterpartiet det :-)
/ Kurtber|Ordskifte 23. januar 2006 kl. 16:05 (UTC)

Lenkjeboks botn parti[endre wikiteksten]

Herj i veg! ;-) Kan ikkje sjå at du har gjort noka skade!

Eg er einig i at DLF bør ha to skilde artiklar og førast opp to stader i lenkjeboksen, sidan det nye DLF ikkje har likskapar ein gong med det gamle... Eg trur at årsaken til at eg plasserte dei i same artikkelen var at medlemmer av partiet sjølve meinar å føre vidare arven frå gamle DLF, og at det då er den lettaste løysinga å følgje opp den tanken (litt slapt i grunn; sjølvkritikk!)
/ Kurtber|Ordskifte 23. januar 2006 kl. 15:57 (UTC)

Sentrumsradikal?[endre wikiteksten]

Hei. Kva meiner du med "sentrumsradikal"? Viss du ikkje er heilt sikker på kvar du høyrer til politisk, kan eg anbefale DLF. Du verkar som ein velutdanna og fornuftig mann. DLF er eit klassisk liberalistisk parti som har som hovedprinsipp at ein kan gjere kva ein vil så lenge det ikkje går ut over andre eller eigendomen deira. Det vil seie at dei einaste oppgåvene staten skal drive i eit liberalistisk samfunn, er rettsvesen, politivesen og militærvesen som drivast med frivillig skattlegging. Ein fri marknad justerer seg sjølv automatisk til det optimale. Viss du ønskjar velstand, valfridom og rettferd, røyst DLF. http://www.dlf.info

--Midtaustenkonflikta-mannen 2.mai 2006 kl. 16:59 (UTC)


kategorisering av personar[endre wikiteksten]

Hei Barend! For personar der ein veit dato og år for fødsel og død, finnes det ein kjekk liten mal som gjer ting litt enklare. ((levde|25. april|1933|29. mars|2003|Nordmann, Ola)), ved bruk av denne malen vert Ola Nordmann automatisk plassert i fire kategoriar samtidig. helsing --Anders 6. mai 2006 kl. 17:51 (UTC)

En artikel om Johan Koren[endre wikiteksten]

Hej! Ursäkta min svenska, men jag kan inte norska, särskilt nynorsk. Härom veckan skrev jag i den ryska Wikipedian en artikel om en norsk fältzoolog Johan Koren som en del av sitt liv bodde i Sibirien. Han var inte särskilt berömd, men han var bekant med Roald Amundsen och deltagade i Belgica expedition. Det finns inga andra artiklar om honom i Wikipedia, och jag trodde att det vore roligt om någon skriver/översätter en till.

Artikelns två viktigaste källor är på norska, ytterligare två är på ryska. De alla referenser finns i själva artikeln. Om du eller någon annan är intresserad kontakta mig gärna. ru:User:Neko aka 213.100.45.227 7. mai 2006 kl. 00:09 (UTC)

Merci[endre wikiteksten]

Gediminas Kirkilas.... --Redagavimas 20. juli 2006 kl. 19:27 (UTC), LT, Vilnius

"Og at deretter alle i heile verda går over til å bruka nynorsk"[endre wikiteksten]

Her er ein :D Men ikkje mykje vél så kanskje kan du hjelpa meg på Hårbardsljod og finna feila mine? Haukur 23:18, 8 oktober 2006 (UTC)

Det såg då bra ut det! Velkomen hit! --Barend 16:45, 12 oktober 2006 (UTC)
Takk for ditt "tar > tek" :) Kva synest du om Eddadikta sine namn? Er du einig med Eirik? Eg er litt atterhalden med å flytta artiklar - kanskje kjem einkvan og seier: "Du vonde snøggsinna islending som flytter artiklar til islandske namn!!" Haukur 18:46, 12 oktober 2006 (UTC)
Eg har mista litt gløden for navngivingsdiskusjonar, iallfall så lenge ein har rikelig med omdirigeringar - men eg er einig i at det er bra å vera konsekvent. Og eg har registrert at det er stemning for å bruka tittelen på originalspråket her på :nn. Og originalspråket er jo norrønt, sjølv om det er ein snøggsinna islending som flyttar artikkelen dit! :-)--Barend 14:39, 13 oktober 2006 (UTC)

Cubanske politikarar[endre wikiteksten]

Du har oppretta to kategoriar for cubanske politikarar. Dei ser ikkje ut til å ha potensiale ut over nokre få personar, der dei fleste er med i båe kategoriar. Er det greit for deg å sletta Kategorien Cubanske presidentar, eller har du planar om å skriva mange artiklar om cubanske politikarar, eller andre grunnar for at det er behov for ein underkategori? --Tannkrem 21:08, 29 oktober 2006 (UTC)

Når eg har skrive artiklar om presidentar har eg sett dei i kategorien xxxske presidentar, fordi det var slik det var med dei aller fleste av presidentartiklane som var skrivne før eg begynte. Eg har ikkje planar om å laga artiklar om nokon cubanske presidentar. Som du kan sjå i kategori:presidentar eksisterer det ein god del underkategoriar av typen xxxske presidentar. Eg har ikkje noko sterk meining om desse underkategoriane trengs eller ikkje. --Barend 21:11, 29 oktober 2006 (UTC)

en:Category:Presidents_of_Cuba har meir enn eit par. Og presidentar er litt viktigare enn politikarar. --Ranveig 21:22, 29 oktober 2006 (UTC)

Ja, eg ser at det er mange liknande kategoriar. Og nynorsk wikipedia skal vel haldast i hevd i tusenvis av år framover, så det kan vel framleis verta store kategoriar ut av desse. :-) --Tannkrem 21:33, 29 oktober 2006 (UTC)

Folketeljinga 2002[endre wikiteksten]

Hei! flott at du legg inn 2002. Kor har du fått tak i data? Viss du ser her ser du at eg har skrive inn data frå tidlegare år, det er faktisk mogleg å dra liner framover, for den som har lyst til slikt (tala mine er det berre å laste ned). Trondtr 16:04, 5 januar 2007 (CET).

Eg fann litt tal frå 2002-teljinga her[3]. Leitte etter tal som viste etnisk fordeling i einskilde republikkar og oblastar, men det fann eg ikkje. Talet for komi-språklege er forresten mykje lavare i denne tellinga enn det er i komi-artikkelen for tida. Når er dei tala frå? Og er komiar og komipermjakkar ulike folk, eller er det eit definisjonsspørsmål? --Barend 18:11, 5 januar 2007 (CET)
Tala i komi-artikkelen er frå 1989, som det også står i teksten. Eg sette ikkje kjelde tidlegare, i og med at det er opplagt kor dei kjem frå, men no har eg lagt dei til. Eg såg litt på 2002-dataa du viser til, dei skil seg ein god del frå det sovjetiske oppsettet, men det kan jo hende dei har like basisdata, berre at dei ikkje publiserer dei på nettet. Elles finst det betre versjonar av data enn dei eg har hatt tilgang til, både brote ned på rayon-nivå og på alderskohort. Det er det siste som er mest interessant, sjølvsagt. Seppo Lallukka er kanskje den mest kjende forskaren som har fått tilgang til primærmaterialet, også det som er oppdelt i alderskohortar, doktoravhandlinga hans er ei svært god framstilling av demografiske tendensar blant komiar, udmurtar, mariar og mordvinarar. Når det gjeld komiar og komipermjakar gjev i grunnen artikkelen komiar eit godt svar. I Sovjetunionen var dei rekna som to folk, dei bur i to ulike republikkar, har ulike skriftspråk, ulike språk (ca. 27-28 kasus i komipermjakisk mot ca. 20 i komi). Det første komialfabetet og -skriftspråket frå 1400-talet omfatta så vidt eg veit berre komi (hmm, her er eg ikkje sikker, forresten). Kor langt attende må vi før skiljet dei i mellom oppstår? Ikkje så langt som 1000 år, vil eg tru. Her er referansane, vi får finne ein artikkel å flytte dei til: Trondtr 19:45, 5 januar 2007 (CET).
  • Lallukka, Seppo 1990: The East Finnic minorities in the Soviet Union : an appraisal of the erosive trends. Suomalaisen tiedeakatemian toimituksia. Sarja B ; 252. Helsinki : Suomalainen tiedeakatemia, 1990.
  • Lallukka, Seppo 1995: Komipermjakit - perämaan kansa : syrjäytyminen, sulautuminen ja postkommunistinen murros. Helsinki : Venäjän ja Itä-Euroopan instituutti, 1995.
  • Lallukka, Seppo 2003: From fugitive peasants to diaspora : the Eastern Mari in Tsarist and Federal Russia. Suomalaisen tiedeakatemian toimituksia. Sarja humaniora ; nide 328 Helsinki : Suomalainen Tiedeakatemia, 2003.
Takk for informasjon! Eg ser at folketeljinga òg refererer til 14 000 Коми-ижемцы - kven er dei, og kor bur dei?--Barend 15:54, 6 januar 2007 (CET)
Hmm, eg hadde frykta for det. Ižma-komi er ein av fleire dialektar av komi. Ižma-komi (izjma- (eller isjma!!??) bør vi vel skrive på norsk) blir snakka av komiane langs breidda av elva Izjma, som er ei sideelv til Petsjora. Dialekten er ein av dei såkalla l-dialektane (uralsk final l, som i t.d. "språk" (fi. kieli, sa. giella heiter kyl, ikkje kyv, som i skriftspråket). I den største samlinga av komi-tekstar, Uotila sine tekstar, er izjma-tekstane lista opp som ein av mange dialektar, men då eg studerte komi i Helsingfors i 1992 rekna læraren vår opp tre variantar av syrjensk i tillegg til udmurtisk. komi, izjma-komi og komipermjakisk. Folketeljinga frå 2002 er tydelegvis inne på same spor, sjølv om eg aldri har sett referanse til anna enn komiar og komipermjakar i dei sovjetiske teljingane. Om Lallukka nemnar dei hugsar eg ikkje. Ei fin framstilling på engelsk (primært om den spennande utviklinga av dei syrjenske kasussystema men også) om dette er denne:
Baker, Robin 1985: The development of the Komi case system : a dialectological investigation. Suomalais-ugrilaisen seuran toimituksia ; 189. Helsinki, 1985.
Trondtr 17:25, 6 januar 2007 (CET).
Snurrig nok så er Izjma-komiane, så vidt eg kan sjå, berre med som nasjonalitet. På lista over språk er dei ikkje med.--Barend 17:36, 6 januar 2007 (CET)
Det siste forstår eg godt. Det finst nemleg ikkje noko standardisert språk izhmakomi, så det å telje talarar vil bli litt som å telje nordmørsktalande. Korleis dei har fått til å telje nasjonaliteten forstår eg derimot ikkje, men det er jo for så vidt avhengig av kva spørsmål dei stiller. Det at det kjem slike svar ser eg (litt pessimistisk) som eit teikn på ein svekka posisjon som komi som språk i republikken, det er konsekvensen av Khrusjtsjov sin nye språkpolitikk, etter kvart som dei som gjekk på skole under Stalin (og hadde komi på skolen) går bort. Paradoksalt nok går prosenten komi-språklege opp (frå 70 til 74), sjølv om det absolutte talet går ned frå 242500 til 217000, går altså talet på dei som identifiserer seg sjølv som komiar meir ned. Eit spørsmål er jo om 14000 izjmakomiar er ei feilkjelde i desse tala, viss det reelle talet er 231000 talarar er det ikkje like ille. Ethnologue seier 262200 talarar og 345000 komiar i 1993. Eg veit ikkje kva kjelda deira (1993 UBS) er, men talet verkar høgt. Trondtr 22:11, 6 januar 2007 (CET).

Administrator[endre wikiteksten]

Du gjer særs mykje bra arbeid her og eg meiner det vil vere til gavn for Wikipedia på nynorsk om du ville ta på deg å vere administrator her. Er dette noko du kunne tenkje deg? --Jorunn 18:00, 19 januar 2007 (CET)

Hm, kanskje det - kva vil det eigentleg innebera? --Barend 18:48, 19 januar 2007 (CET)
Det vart brot på kabelen og null telefon- og internettsamband her i lange tider, og eg har diverre ikkje fått fylgd opp dette slik eg skulle ha, orsak!
Ja, kva inneber det? Stort sett inneber det høve til meir rydding og ordning for deg... meir presist at du vil få verkty som gjer at du kan slette artiklar og blokkere brukarar som er ute på hærverkstokt. Og truleg somt anna som eg ikkje har peiling på sidan eg ikkje er administrator. Det er inga løn for dette (anna enn den du sikkert vil få i himmelen i alle høve), på den andre sida er det heller ikkje noko krav om at du skal bruke administratorverktya. No er det relativt høg administratorprosent her i forhald til brukartalet, om ein samanliknar med andre Wikipedia-utgåver, men det er også helst mange av administrartorane som ikkje er særleg aktive, og difor trur eg det ville vere bra med fleire. Du er av dei aller mest aktive brukarane her og administratorrettane kan kanskje også vere nyttig for deg i det arbeidet du alt gjer, ved at du kan slette når du treng det (t.d. om noko skal flyttast til eit artikkelnamn som alt er oppteke og slikt noko), i tillegg til at det vil tene nn.wikipedia. Viss du treng å vite meir kan du kanskje spørje Ranveig eller nokon av dei andre som er administrator.--Jorunn 15:03, 31 januar 2007 (CET)
Administratorar kan som sagt sletta sider, rulla tilbake tullball litt enklare enn vanlege brukarar, blokkera dei som gjer ugagn og slå av og på sidevern (og endra verna sider). Det er ikkje noko krav om at ein må gå rundt og «administrere» heile tida -- utnemninga tyder ganske enkelt at ein har tillit hjå andre brukarar. Einaste som er ein god idé er å seia ja til å ta imot e-post frå andre brukarar, slik at dei som blir blokkerte ved noko dei meiner er ein feil har nokon å gå til. --Ranveig 15:13, 31 januar 2007 (CET)
No skulle eg kanskje ha svart på dette litt før, men altså: Det er kjekt å høyra at folk har tillit til meg. Hvis eg trengs som administrator så blir eg gjerne det, og det hadde vore greitt å rydda opp i flytting av sider og slikt utan å måtte be om hjelp, av og til. Når det er sagt, så er eg det ein kan kalla ein "egoistisk wikipedant" - eg brukar wikipedia når eg føler for det, og det er ganske ofte. Men hvis "administrator-skap" tyder at det er forventa at eg er så og så mykje til stades på wikipedia, så kan eg ikkje garantera at eg kjem til å vera det. Så får det vera opp til fellesskapen om de syns eg bør bli administrator på det grunnlaget. --Barend 15:38, 16 februar 2007 (CET)
Det føl ingen krav om meir deltaking med ei administratorutnemning. Det vert ikkje forventa at du skal leggje meir arbeid ned i Wikipedia på nynorsk enn du alt har gjort, det gjeld anten du er administrator eller ikkje. Eg kjem til å foreslå deg som administrator på sida wikipedia:administrator, noko som vil verte fylgd av ei avstemming. Du kan når som helst trekkje deg. --Jorunn 18:18, 16 februar 2007 (CET)

Administrator![endre wikiteksten]

Takk til alle som ville ha meg som administrator, og særskilt Jorunn, som foreslo meg. Det er hyggjeleg at folk stolar på meg. Så då syns eg kanskje det er på sin plass å oppgi anonymiteten min og, difor endra eg brukarsida mi litegrann. Beklagar alle de som trudde at eg eigentleg var Leonardo DiCaprio. Men eg liknar veldig på han. --Barend 21:49, 20 februar 2007 (CET)

Vossing! Ikkje ver flau, mange har lært seg å leva med det. --Ekko 22:07, 20 februar 2007 (CET)

Statsminister/ministerpresident[endre wikiteksten]

Skal vi ta den same diskusjonen om statsminister og ministerpresident? I norsk presse så langt eg har sett brukes nemninga statsminister om regjeringssjefane i dei tyske delstatane. "Ministerpräsident" er rett og slett den tyske nemninga for det som på norsk, dansk og svensk heiter statsminister. Jens Stoltenberg er t.d. "norwegischer Ministerpräsident". Kph 19:56, 17 april 2007 (CEST)

Ja, den skal me ta. Sjå diskusjonssida for Rheinland-Pfalz.--Barend 19:56, 17 april 2007 (CEST)

Flytting[endre wikiteksten]

Då er me litt på veg. Eg har flytta det som stod på språkrådet sine sider av bukter, øyar og innsjøar. Uff uff, blir mange doble omdirigeringar no. --Frokor 01:37, 31 oktober 2007 (CET)

Det vart litt arbeid dette ja. Du er flittig! :-)--Barend 20:58, 31 oktober 2007 (CET)
Då er vel flyttesjauen over? Eg har flytta dei av artiklane på mi brukarside som òg stod i språkrådet sine lister. Eg har i tillegg flytta nokre som opplagt følgjer same mønsteret (stader som byrjar med Agia flytta til Ajía t.d.). Men ein god del vert ståande att. Ein minst like store jobb er å oppdatere kategoriane (om det er nødvendig) og doble omdirigeringar. Det er ikkje mange av desse artiklane som ikkje har fleire namn og dermed omdirigeringar. Har nokon ein bot? sukk... --Frokor 00:07, 1 november 2007 (CET)
Kategoriane blir det mykje styr med, ja. Det får iallfall koma i andre rekkje. Eg har flytta alle byane no. Det som måtte vera igjen får takast etterkvart.--Barend 00:59, 1 november 2007 (CET)

Hi Barend![endre wikiteksten]

Dearest Barend,

I am trying to find someone who could please help me translate this very short version of this .no article into Nynorsk (.nn)?

Merry Christmas, thanks so much!

Olgita Briggia 20:18, 28 desember 2007 (CET)

Prosjekt politiske partier på bokmål-wikipedia[endre wikiteksten]

Hei! Vil bare tipse om at det er startet et prosjekt om politiske partier på bokmål-wikipediaen: no:Wikipedia:Underprosjekter/Politiske partier. Det hadde vært fint med et lignende prosjekt på nynorsk, svensk og dansk wikipedia, så en kunne jobbe litt sammen om å utvide wikipedia på dette området (det går jo nokså kjapt å oversette mellom de ulike skandinaviske språk, som vel nærmest er ulike varianter av samme språk). --Oddeivind 00:28, 2 januar 2008 (CET)

Russisk[endre wikiteksten]

Les du russisk? I så fall, kunne du skrive noko om næringsinnhaldet i russenøtter / ru:Кедровый орех? Eg kan hente informasjonen på tysk wikipedia, men dei tala gjeld pinjenøtter, og det kan vere noko onnorleis i sembranøtter (sibirsk seder). - Knut 12:27, 16 februar 2008 (CET)

Transkribering frå aserbajdsjansk[endre wikiteksten]

Hei, Barend! På bokmålswikipedia er det skrive ein artikkel om ein (særs god) aserbajdsjansk sjakkspelar. Mannen det gjeld, har fått ei mellombels plassering på Sjakrijar Mamedjarov. Kan du gje meg råd om korleis me skal skriva namnet hans på ? På tysk og engelsk Wikipedia vert aserbajdsjanske personnamn handsama heilt ulikt, og norsk praksis på området kjenner eg ikkje til. Svar gjerne på diskusjonssida til artikkelen. Beste helsing Guaca 12:05, 7 mars 2008 (CET)

Mål[endre wikiteksten]

Sidan du forlengst må ha nådd det kortsiktige målet du sette deg, og det mellomsiktige er nådd ved at nynorsk wikipedia ifølgje meta:List of Wikipedias har passert galicisk, kan vi no for alvor konsentrere oss om det langsiktige målet du har formulert. Har du strategien klar? --Knut 17:10, 21 april 2008 (CEST)

Ja! Øh... Hm. Nei. Me finn nok på noko. Elles er eg svært lite nøgd med å liggja bak Volapük òg.--Barend 22:25, 22 april 2008 (CEST)
Heilt einig, me må slå Volapük! Elles har eg alt den langsiktige trategien klar: For kvar artikkel dei skriv på bokmålswikipediaen, skriv me to. Ein artikkel som ikkje dei har og ein til som dei har, berre mykje betre og "korrektare". Og for kvar artikkel som er til opprydding hjå dei, skriv me ein som er "God artikkel" hjå oss! Anders 23:03, 22 april 2008 (CEST)

Stortingsval[endre wikiteksten]

Jeg har jobba litt med Stortingsvalgene i det siste på bokmål (se nb:Stortingsvalg og nb:Bruker:Røed/Stortinget), men har så langt brukt direkte fra Statistisk Sentralbyrå (da jeg lager tabellene primært i regneark), jeg har nå kommet til Stortingsvalet 1973 og siden vår artikkel åpenbart har blitt hentet fra dere (nn) har jeg noen spørsmål.

I følge SSB ble det avgitt 2 304 496 stemmer ved dette valget, mens det i følge artikkelen ble avgitt 2 152 204 stemmer. Noen stemmer blir alltids underkjent, men 150 000 stemmer virker drøyt. Både Stortinget og SSB ser ut til å ha endret sine sider siden du brukte de, så hvilke av sidene har du brukt til tabellene? Og har du noe godt svar på hva som vil være det korrekte stemmetallene? Røed (nb) 2. februar 2009 kl. 22:06 (CET)[svar]

Heisan! Hm, så var det å hugsa kor eg fann akkurat desse tala. Eg ser at begge lenkene eg la ut, no er døde - det var jo litt synd. Men du les nok den SSB-tabellen som du linka til feil - talet du oppgir er for 1977. For 1973 oppgir den tabellen 2 155 734 avlagte stemmer. Det er jo, irriterande nok, 3530 stemmer meir enn det står i artikkelen vår, men kanskje det kan forklarast med forkasta stemmer? --Barend 3. februar 2009 kl. 17:15 (CET)[svar]
Sjå Diskusjon:Stortingsvalet_1973 for lenkjer til arkiverte versjonar av dei døde lenkjene. --Bep 3. februar 2009 kl. 17:20 (CET)[svar]
Er ikke mye å bli klok på, i følge Stortingsval. Godkjende røyster, etter parti/valliste ble det avgitt 2 301 110 stemmer i 1977, men i Stortingsvalet 2005. Personar med røysterett, godkjende røystgjevingar og valdeltaking i prosent. Stortingsvala 1945-2005 2 304 496 stemmer. altså 3386 flere stemmer. Her har de brukt Godkjende røyster i begge tilfeller. Så jeg vet ikke hva som kan være galt og rett. Blir også usikker på hvilke tall jeg da skal bruke. Statistisk årbok? Røed (nb) 6. februar 2009 kl. 23:04 (CET)[svar]
Ok, røystene er godkjende. Hm. Det går an å stemma blankt, gjer det ikkje? Kan det vera forklaringa? Då dukkar ikkje dei blanke stemmene opp på "røyster etter parti", men er likevel godkjende røyster... 3386 blanke røyster? Kanskje?--Barend 8. februar 2009 kl. 23:33 (CET)[svar]

Sletting[endre wikiteksten]

Hei!Kan du vera så grei å frametter nytta ((slett))-malen, med mindre det er ei soleklar slettegrunn? Kategorisystemet har store manglar det tar tid å rette opp, då bør ein kunne verte einige i fellesskap om å dra same vegen (same kvar), istaden for at ein byggjer og ein riv. No er det dessutan fleire yrkeskategoriar som er sortert etter land i staden for etter kontinent, medan nokon få er sortert etter begge. Eg meiner me godt kan behalde begge måtane å sortere på. Anders 14. april 2009 kl. 14:02 (CEST)[svar]

For all del. No er det ei stund sidan eg har sletta noko, så rett meg viss eg tek feil, men eg går ut frå at dette gjeld ymse statsleiarkategoriar? Det var ein del kategoriar av typen Presidentar av Langtvekkistan, som eg endra til Langtvekkistanske presidentar, av di frasen "president av Langtvekkistan" er ein anglisisme og ikkje korrekt norsk. Eigentleg har eg altså ikkje sletta ein kategori, men endra namn på han, om du skjønar. Om eg har utført noko anna form for sletting enn det, så hugsar eg det ikkje akkurat no.
Eg ser forresten at nokon har rydda president-kategorien no, det ser bra ut.--Barend 22. april 2009 kl. 12:22 (CEST)[svar]

Framstegspartiet (1957)[endre wikiteksten]

Hei, jeg ser at det var du som opprettet denne artikkelen: Framstegspartiet (1957). Dessverre er det ikke noen kildehenvisning for dette partiet, som jeg heller ikke finner noe om ved søk på internett. Hadde vært fint om du kunne opplyst om hvilken kilde du har brukt så jeg eventuelt kan opprette en artikkel på engelsk Wikipedia om partiet. Gabagool 20. desember 2009 kl. 09:34 (CET)[svar]

Hei! Eg var ikkje så flink med kjeldetilvisingar då eg skreiv dette nei. Einaste kjelda mi til dette partiet er dei offisielle valresultata, som er trykt i "Stortingsforhandlinger, 1958". Eg har lagt inn kjelda i artikkelen no.--Barend 15. januar 2010 kl. 09:40 (CET)[svar]

Tull[endre wikiteksten]

Kan du sjå litt på denne anonyme brukaren? Eg har jo sagt frå meg administratorverva — travle tider her i huset.... -- Olve Utne 25. juni 2010 kl. 22:38 (CEST)[svar]

Eg skal halda utkikk, i tilfelle han rører på seg igjen. --Barend 26. juni 2010 kl. 11:58 (CEST)[svar]
Det var rare greier, dette. Ukjent IP, men han/ho kunne tydelegvis wikiformatering. Og korfor skulle brukaren si noe om deg Olve, spesielt sia du har vore lite aktiv i det siste. Akkurat da du var litt innom kom plutseleg dette. Mystisk. --KRISTAGAα-ω 26. juni 2010 kl. 12:22 (CEST)[svar]
Ja ikkje veit eg. Men eg er no elles ofte innom på fredagskveldane da — endeleg litt tid etter arbeidsveka... -- Olve Utne 26. juni 2010 kl. 13:06 (CEST)[svar]

Fotball VM[endre wikiteksten]

Godt arbeid med denne. stykkjet 5. juli 2010 kl. 13:07 (CEST)[svar]

Framifrå byrjing og oppfølging, ja. --Ranveig 5. juli 2010 kl. 13:59 (CEST)[svar]
Takk! Og så reiste eg på ferie midt i kvartfinalane. :-( men likevel :-) --Barend 23. juli 2010 kl. 13:48 (CEST)[svar]

Folketalsutvikling[endre wikiteksten]

Interessante tabellar med folketalsutvikling du legg ut om dagen. Eg ser på bygda der eg sjølv kjem frå, Sogndal. Ikkje overraskande, kanskje, var det ganske stabilt fram til 60- og 70-talet, då folketalet gjekk i vêret. Bestemor mi, som vaks opp på garden Navarsete, vart fødd i 1918 og var ein del av ein syskenflokk på fem, så innflytting er vel ei betre forklaring enn større barneflokkar. Men kva veit eg. --Bep 18. august 2010 kl. 19:45 (CEST)[svar]

Kjekt at nokon synest det er interessant! Eg merka at det er omtrent berre Sogndal, Førde og Flora som har noko særleg auke i folketalet i Sogn og Fjordane. Det er vel ei slags "sentralisering" av befolkninga som foregår, kanskje.--Barend 19. august 2010 kl. 12:34 (CEST)[svar]

Filer uden licens[endre wikiteksten]

Hej!

Disse filer har ingen licens:

  1. File:Almanakk_for_Noreg.JPG
  2. File:Asbjørn_Gildberg.jpg
  3. File:Bilde_frå_Safari.png
  4. File:Boknafjord821pxMMarkering.png
  5. File:BoknafjordenWithAnnotFjords.png
  6. File:Changemaker.png
  7. File:Doubletwist.png
  8. File:FasefartHavboljer.jpg
  9. File:Filtilsynet.PNG
  10. File:Gmail.png
  11. File:Hovudside_ie6_wikibar2.png
  12. File:IMG_0372.JPG
  13. File:Janne.jpg
  14. File:Java_swing1.png
  15. File:Kart_wiki.png
  16. File:Karttest.PNG
  17. File:Keiser.jpg
  18. File:Londonportal.png
  19. File:Micelle.jpg
  20. File:Nærbilete_Gunnar_som_syng.jpg
  21. File:Nn.wp.30k.png
  22. File:Nn-logo50k.png
  23. File:Nn-wiki-logo.png
  24. File:Nynorsk_Wikipedia_pr_2005_04.pdf
  25. File:Nynorsk_Wikipedia_promo.pdf
  26. File:Nynorsk_Wikipedia_promo.sxw
  27. File:Nynorsk_wikipedia_promo_v4.pdf
  28. File:Nynorsk_wikipedia_promo_v5.pdf
  29. File:Nynorskandel.gif
  30. File:Nynorskandel_small.gif
  31. File:Nynorskpedia.png
  32. File:O&K_S_14_A.png
  33. File:Oversikt_over_ulike_forbrennigsmotorar.jpg
  34. File:Piramide_del_pueblito.jpg
  35. File:Roarjo_test_svg.svg
  36. File:Ruby_helloworld.png
  37. File:Setesdalsbunaden2.jpg
  38. File:SkanWikiNytt-logo.png
  39. File:Skjermskot_fedora.png
  40. File:Skurtreskar.jpg
  41. File:Smålom.jpg
  42. File:Supercelle.png
  43. File:Titanoverflata1.jpeg
  44. File:Utkast_på_deleknapper.png
  45. File:Utkast_på_deleknapper_-_ver2.png
  46. File:Vandvik2.jpg
  47. File:Wapheader-framside-diskusjon.png
  48. File:WaveFormat.jpg
  49. File:Wiki.png
  50. File:Wiki2.png
  51. File:Wiki-stor.png
  52. File:Wseparator.JPG
  53. File:Wseparatorkrona.JPG
  54. File:Wseparatorsnitt.JPG
  55. File:X_test_hovudside.png
  56. File:X-nn-kladd-overskrift.jpg

Jeg er ikke så aktiv på nn-wiki så jeg ved ikke helt hvad man plejer at gøre. Kan du hjælpe? --MGA73 28. september 2010 kl. 22:45 (CEST)[svar]

Øh... Dette veit eg ingenting om. Men det er sikkert mange kloke hovud på Wikipedia:Samfunnshuset som veit det.--Barend 29. september 2010 kl. 00:09 (CEST)[svar]
Mange tak for tippet - jeg har skrevet der :-D --MGA73 29. september 2010 kl. 18:15 (CEST)[svar]

Elefant[endre wikiteksten]

Kan du ta ein kikk på diskusjon:Elefant? --KRISTAGAα-ω 3. oktober 2010 kl. 03:22 (CEST)[svar]

Fotballspelarar[endre wikiteksten]

Hei! Eg har begynt å skriva nokre artiklar om fotballspelarar, for å hjelpa deg litt i arbeidet. Eg fokuserer spesielt på målskårarane i fotball-VM 2010, og tek moglegvis med toppskårarane frå 06 og 02. - berre så du veit om det. HallvardLid 17. november 2010 kl. 17:53 (CET)[svar]

Fine greier - køyr på! Eg er veldig vimsete i wikipedia-bruken min og har på ingen måte nokon konsekvent plan med kva eg har tenkt å skriva om framover - så her er det berre å ta for seg.--Barend 17. november 2010 kl. 23:41 (CET)[svar]

Mal:Levde[endre wikiteksten]

korleis skal eg få fødenamn med i denne malen? MVH Megnorge 8. mars 2011 kl. 17:53 (CET)[svar]

Nei, det må du spørja andre enn meg om. Eg er ikkje så god på malar. Lykke til! :-)

Taksoboks[endre wikiteksten]

Har du synspunkt på dette spørsmålet om ei retningslinje for kursiv / ikkje kursiv i vitskapelege namn? --Roar 5. desember 2011 kl. 17:14 (CET)[svar]

Juleavslutning - håper å se deg der![endre wikiteksten]

Velkommen til juleavslutning med Wikimedia Norge, på Gamle rådhus i Oslo.

Hei! Wikimedia Norge arrangerer juleavslutning med julemiddag fredag 14.desember klokken 1700, sammen med Norsk Kulturråd. Arrangementet vil finne sted i andre etasje på Gamle rådhus i Oslo, og foruten juletallerken og hyggelig samvær vil vi også få høre korte faglige innlegg. Dessuten vil vi premiere vinner/e av den norske delen av fotokonkurransen Wiki Loves Monuments.
Arrangementet er åpent for Norsk Kulturråd, medlemmer av Wikimedia Norge, og wikipedianere med registrert brukerkonto. Medlemmer av Wikimedia Norge får arrangementet og julemiddag gratis, mens ikke-medlemmer betaler en egenandel på kroner 200. Man betaler for egen drikke. Alle deltakere må være påmeldt.
Påmelding skjer innen utgangen av 10.desember ved å sende meg ditt fulle navn på mail til erlend@wikimedia.no. Skriv om du ønsker pinnekjøtt eller lutefisk.
Velkommen!
Med vennlig hilsen, Bjoertvedt (diskusjon) 3. desember 2012 kl. 21:09 (CET)[svar]

Wikipedia Academy 2013[endre wikiteksten]

Hei ! Jeg håper å se deg på årets Wikipedia Academy som arrangeres lørdag 14. desember på Arkitekturmuseet i Oslo. Styret har forespurt mange enkeltpersoner om programønsker, og forespurt hele nettsamfunnet gjennom innlegg på ting og torg. Vi har utfra dette lagt opp til et variert program med mange tema som forhåpentlig treffer wikipedianere. Vi skal se nærmere på, og diskutere, Wikidata, Visual Editor, botproduksjon, bruk av frie kartdata, kultursamarbeidet, wikipedianere som er utplassert i institusjoner, og vi skal få en presentasjon av den mye omtalte artikkelen om The decline of Wikipedia. Blant mange spennende foredragsholdere har vi hentet flere fra interne Wikipedia-rekker, men også eksterne foredragsholdere som vil rette sine blikk på Wikipedia utenfra. Det blir premiering av Årets wikipedianer og av vinnerne i Wiki Loves Monuments 2013. Etter akademiet går vi rett videre til årets Julebord, på Gamle Rådhus. Se det varierte programmet her. Lørdag 14. desember kan du treffe dine kolleger på Norges største kunnskapsdugnad! Vennlig hilsen, Bjoertvedt (diskusjon) 16. november 2013 kl. 02:28 (CET)[svar]

Global account[endre wikiteksten]

Hi Barend! As a Steward I'm involved in the upcoming unification of all accounts organized by the Wikimedia Foundation (see m:Single User Login finalisation announcement). By looking at your account, I realized that you don't have a global account yet. In order to secure your name, I recommend you to create such account on your own by submitting your password on Special:MergeAccount and unifying your local accounts. If you have any problems with doing that or further questions, please don't hesitate to contact me on my talk page. Cheers, DerHexer (diskusjon) 17. januar 2015 kl. 01:39 (CET)[svar]

Mal:Ikkerød . Fins relevante "forbud-retningslinjer"?[endre wikiteksten]

(Jeg fant ditt navn på en liste over administratorer [Wikipedia:Administratorar ].)
Mitt spørsmål, som en av administratorerene eller andre kanskje kan svare på:
Mal:Ikkerød funker på nynorsk; Finnes wiki-retningslinjer som forbyr bruken, på wiki-nynorsk?
Eksempel på bruk: Avsnittet "Styresmakter" Mvh Sju hav (diskusjon) 25. juli 2018 kl. 21:24 (CEST)[svar]

Eg er ikkje så veldig aktiv her lenger, og veit uansett lite om malar. Kanskje nokon andre kan svara på spørsmålet ditt.--Barend (diskusjon) 26. juli 2018 kl. 14:56 (CEST)[svar]

«demninga» og «demningar» i samme artikkel[endre wikiteksten]

Ordet demning kan bøyes med

Regnes slik blanding som en mild forseelse på nynorsk-wiki, eller
er det omtrent så alvorlig som konsekvent å skrive "Norge", på nynorsk.
Eller er bruk av «demninga» og «demningar» i samme artikkel, noe som nynorsk-wiki i "praksis blander seg lite bort i", når en artikkel langtifra er ferdig - i andre henseende ? Mvh 176.11.87.89 26. juli 2018 kl. 00:22 (CEST)[svar]

Hei! "Demninga" er bestemt form eintal og "demningar" er ubestemt form fleirtal. Så dette er ikkje likeverdige former, det er to forskjellige ting. Du tenkjer kanskje på at "demning" kan vera både hokjønn og hankjønn, slik at ein kan skriva både "demninga" og "demningen" i bestemt form eintal. Det er nok best om ein artikkel held seg til den eine av formene. Men det får då i så fall folk berre redigera, om dei føler sterkt for det. Eg vil iallfall seia: Skriv så godt innhald du kan, så kan folk som er sterke i grammatikk, eventuelt flikka på det etterpå.--Barend (diskusjon) 26. juli 2018 kl. 14:55 (CEST)[svar]
Takk for svar.
(Det er kanskje ikke så mange ord på nynorsk, der jeg har brukt «-a endinga i eintal» og «-ar endinga i fleirtall» på det "samme ordet".)
Dessverre, kan man si, så "kjennes det foreløpig riktigst" (for ein) å skrive
denne demninga og fleire demningar.
Hvis man kan la slikt få ligge litt i fred (i den enkelte artikkel), inntil aktivitet på (den enkelte) artikkel avtar, så er det fint.
Nå må jeg fortsette å skrive litt om demning-ane i Laos, samt om favoritt demning-a mi i Noreg. Mvh Sju hav (diskusjon) 26. juli 2018 kl. 16:32 (CEST)[svar]

A "yes" or "no" answer, please[endre wikiteksten]

Is it better to have one (wiki-notable) source, in an article, than
no sources at all?
I say "yes".
Do I hear anyone simply saying "no"?
Regards! Sju hav (diskusjon) 5. august 2018 kl. 14:14 (CEST)[svar]
Example [4]. Sju hav (diskusjon) 5. august 2018 kl. 14:18 (CEST)[svar]

Outside the scope of "yes" and "no"

En og annen kan ha øvrige kommentarar. Sju hav (diskusjon) 5. august 2018 kl. 14:14 (CEST)[svar]

How we will see unregistered users[endre wikiteksten]

Hei!

Du mottar denne beskjeden fordi du er administrator på en Wikimedia-wiki.

Når noen redigerer en Wikimedia-wiki uten å være logga inn viser vi i dag IP-adressen deres. Som du kanskje allerede veit, vil vi ikke lenger kunne gjøre dette i framtida. Denne avgjørelsen er tatt av Wikimedia Foundations juridiske avdeling fordi normer og bestemmelser rundt personvern online har endra seg.

I stedet for IP-adresser vil vi vise en maskert identitet. Som administrator vil du fortsatt ha tilgang til IP-adressene. Det vil også komme en ny brukerrettighet for de som trenger å se hele IP-adressa til uregistrerte brukere for å bekjempe hærverk, trakassering og spam uten å være administrator. Patruljører vil også se deler av IP-adressa uten denne brukerrettigheten. Vi jobber også med å utvikle bedre verktøy for å hjelpe til med dette.

Hvis du ikke har sett dette før kan du lese mer på Meta. Hvis du ikke vil gå glipp av tekniske endringer på Wikimedia-wikiene kan du abonneredet ukentlige tekniske nyhetsbrevet.

Vi har to forslag til hvordan denne identiteten kan fungere. Vi ønsker tilbakemelding på hvilket forslag du syns funker best for deg og din wiki, nå og i framtida. Du kan komme med tilbakemeldinger på diskusjonssida på et hvilket som helst språk. Forslagene ble posta i oktober, og vi vil konkludere diskusjonen etter 17. januar.

Tusen takk. /Johan (WMF)

4. januar 2022 kl. 19:18 (CET)