Komipermjakisk Коми-пермяцкӧй кыв | ||
Klassifisering | Uralsk Permisk | |
Bruk | ||
Tala i | Russland | |
Område | Perm kraj (Komi-Permjakia) | |
Komipermjakisktalande i alt | 63 100 (2010)[1] | |
Rangering | Ikkje topp-100 | |
Skriftsystem | kyrillisk | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | kv | |
ISO 639-2 | kom | |
ISO 639-3 | koi | |
Glottolog | komi1269
|
Komipermjakisk er eit permisk språk i den uralske språkfamilien. Ved folketeljinga i 2010 var det 94 500 komipermjakar, og 63 100 av dei tala komipermjakisk.[1]
I lag med komi og udmurtisk dannar komipermjakisk den permiske språkgruppa. Språka har sannsynlegvis skilt seg frå ei felles språkform, urpermisk, omtrent år 1000. Komisk og komipermjakisk er framleis så nære kvarandre at dei er innbyrdes forståelege, sjølv om dei har ulike skriftspråk.
Det komipermjakiske skriftspråket vart utvikla på 1930-talet, først med latinsk alfabet, deretter med kyrillisk.
Komipermjakisk er det uralske språket som har flest kasus, ca. 7 fleire enn komisk, dei har komme til dei siste 1000 åra.