Khanti ханты ясаӈ | ||
Klassifisering | uralsk ugrisk obugriske språk | |
Bruk | ||
Tala i | Russland | |
Område | Khanty-Mansia | |
Khantitalande i alt | 9580 (2010)[1] | |
Rangering | Ikkje topp-100 | |
Skriftsystem | kyrillisk | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | Khanty-Mansia | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3 | kca | |
Glottolog | khan1279
| |
Khanti (tidlegare ostjakisk) er eit ugrisk språk i den uralske språkfamilien som blir snakka i Khanty-Mansia i Vest-Sibir i Russland.
I 1959 vart khanti tala av 77 % av eit folketal på 19 410 khantiar. I 1970 var tala 68,9 % av 21 138, i 1989 60,5 % av 28 678, i 2002 48,8 % av 28 678 og i 2010 31,0 % av 30 943.
Khanti er eigentleg tre ulike språk (nord-, aust- og sørkhanti), som kvar for seg er delt opp i svært mange dialektar.
Før den russiske revolusjonen vart det publisert ein del religiøse skrifter på khanti. Rett etter revolusjonen fekk khanti, som så mange språk i Sovjetunionen, eit eige skriftspråk, basert på det latinske alfabetet. I tråd med skiftet i den sovjetiske politikken i 1935 vart dette skriftspråket skifta ut med eit skriftspråk det kyrilliske alfabetet.