enaresamisk anarâškielâ | ||
Klassifisering | Uralsk samisk | |
Bruk | ||
Tala i | Finland | |
Område | Enare kommune | |
enaresamisktalande i alt | 300 | |
Skriftsystem | latinsk | |
Normert av | Forskningscentralen för de inhemska språken | |
Språkkodar | ||
ISO 639-2 | smn | |
ISO 639-3 | smn | |
Glottolog | inar1241
| |
Wikipedia på enaresamisk |
Enaresamisk er eit uralsk språk som blir snakka i Enare kommune i Finland. Det er det austlegaste av dei vestlege samiske språka. Enaresamisk blir snakka berre i Finland, og det har omtrent 300 talarar. På midten av 1980-talet såg det ut til at språkskiftet frå enaresamisk til finsk var i ferd med å omfatte alle dei yngre talarane, men med hjelp av målretta revitaliseringsarbeid er denne utviklinga snudd, og talet på enaresamisktalande er aukande.[1]
Dei første enaresamiske bøkene, ABC-bok og katekisme omsett av E.W. Borg, kom ut i 1859. Det moderne skriftspråket er laga under leiing av Lauri Itkonen. Det har vore grunnskoleundervisning i enaresamisk sidan 1979.
Enaresamisk blir skrive med det latinske alfabetet, med ein del tilleggsbokstavar. Siste rettskrivingsendring var i 1996, og resulterte i dette alfabetet:
Uttalen av bokstavane er som i nordsamisk, med visse unntak. Det viktigaste unntaket er bokstaven <á>. I tradisjonell, eldre enaresamisk blei ord som blir skrive med <á> uttalt med ein midtre, halvtrong, urunda vokal, midt mellom /a/ og /æ/ (<ä>). I dag har lydane attom <á> og <ä> falle saman i /æ/, ikkje ulikt lyden for <á> i austlege dialektar av nordsamisk. I skriftspråket blir <ä> brukt i første stavinga av eit ord, viss det står <i> eller <e> i andre staving av same ordet, det blir brukt i einstava ord, det blir brukt i diftongen <iä>, og i uassimilerte finske lånord. Bokstavane <q, w, q, å, ö> blir også brukt i lånord.
Enaresamisk lydlære kan karakteriserast som grammatikkens svar på risikosport. Enaresamisk er full av komplekse lydvekslingar, der stadieveksling, vokalforlenging og -forkorting opptrer i eit komplisert og fascinerande samspel. Valtonen m.fl. 2022 er ei kompakt og god innføring i enaresamisk grammatikk.
Enaresamisk har desse vokalane (vokalsymbola er frå skriftspråket): < a, á, ä, â, e, i, o, u, y ö >. I moderne enaresamisk uttrykker ä og á same fonem, skilnaden er at ä blir skrive berre i første stavinga, og berre viss andre staving inneheld i eller e, mens á blir skrive i andre kontekstar. Vokalsymbolet <â> står for schwaa, mens dei andre vokalsymbola har omtrent same lydverdi som i finsk, bortset frå <e>, som også representerer æ.
Enaresamisk har 5 diftongar, /iä/, /ie/, /uo/, /uá/, /ye/, dei kan vere korte eller lange, og 23 konsonantar.
Enaresamisk har desse konsonantane:
Tabellen viser konsonantfonema i enaresamisk, stemt før og ustemt etter skråstreken.
Labial | Alveolar | Palatal | Velar | |
---|---|---|---|---|
Klusilar | p/b | t/d | k/g | - |
Affrikatar | - | c/z | č/ž | - |
Frikativar | f/v | s/đ | š/ | h/ |
Nasalar | m | n | nj | ŋ |
Approksimantar | j | l, r | - | - |
Enaresamisk har stadieveksling i tre gradar, på same måten som nordsamisk.
Enaresamisk har 9 kasus: Dei grammatiske kasusa er nominativ, genitiv, akkusativ og partitiv. Dei tre første blir danna som i nordsamisk, suffikset som uttrykkjer partitiv er -d. Som i nordsamisk har genitiv og akkusativ falle saman i substantivbøyinga, distinksjonen blir halde oppe berre for talord. Bruken av nominativ, genitiv og akkusativ er som for nordsamisk, bortsett frå at enaresamisk i tillegg har partitiv. På same måten som essiv skil ikkje partitiv mellom singularis og pluralis.
Lokalkasusa er illativ og lokativ, dvs. at i-kasus og frå-kasus har falle saman i enaresamisk. Dei andre kasusa er komitativ (med X), essiv ((slik) som X) og abessiv (utan X).
Pronomen blir bøygd i kasus, numerus (eintal, total, fleirtal) og person. Som i alle uralske språk blir pronomena ikkje bøygd i genus, sun tyder både "han" og "ho".
Enaresamiske verb blir bøygd i tempus, modus, person, og numerus. Verba kan delast opp i fire ulike stammeklassar: Tostava, trestava, firestava og kontrakte verb.
Enaresamiske verb blir bøygd i presens og preteritum. Dei samansette tidsformene er som på norsk (mønsteret gå, går, gjekk, har gått, som vi kjenner frå norsk, gjeld også for enaresamisk).
Enaresamiske verb har 4 modi, indikativ, imperativ, kondisjonalis og potensialis.
Enaresamiske verb blir bøygd i person (1., 2. og 3. person) og numerus (eintal, total og fleirtal).
Enaresamisk er eit SVO-språk. Syntaksen har store fellestrekk med finsk, og med nordsamisk snakka i Finland.
Den første boka publisert på enaresamisk var Anar sämi kiela aapis kirje ja doctor Martti Lutherus Ucca katkismus skrive og omsett til enaresamisk av Edvard Wilhelm Borg i 1859. Vi kan snakke om eit enaresamisk skriftspråk frå og med Lauri Arvid Itkonen si omsetjing av bibelhistoria i 1906, men han sette om andre bøker til enaresamisk tidlegare (Martin Luther og John Charles Ryles). Etter dette blei enaresamiske tekstar for det meste publisert av lingvistar, særleg av Frans Äimä og Erkki Itkonen, med hjelp av det finskugriske alfabetet. Størstedelen av hundreåret var det så svært lite litteratur tilgjengeleg på enaresamisk. Den store enaresamiske ordboka til Erkki Itkonen og medarbeidarane hans blei også skrive med den finskugriske transkribsjonen.
Enaresamisk fekk ei ny rettskriving i 1983, med skoleordboka til Matti Morottaja og Pekka Sammallahti. Denne rettskrivingsnormalen gjennomgjekk mindre endringar til neste, utvida utgåve av ordboka (1993), og er i dag den einaste rettskrivinga i bruk for enaresamisk. Det finske sametinget har etter etableringa av skriftnorma publisert ein god del bøker. Det kjem også ut eit blad på enaresamisk, Anarâš-lostâ.
Frå og med 1992 har samane i Finland rett til å bli møtt på sitt eige språk av myndigheitene innanfor dei samiske områda, dvs. Enontekiö, Utsjoki, Enare og dei nordlege delane av Sodankylä. Enaresamisk blir berre snakka i Enare, som er Finlands einaste firspråklege kommune.
Revitaliseringa av enaresamisk er verdas mest framgangsrike revitaliseringsprosjekt for eit utryddingstrua minoritetsspråk.
I 1986 blei Anarâškielâ servi (Sambandet for enaresamisk språk) grunnlagt for å fremje bruken av språket. Sambandet publiserer fleire bøker, lærebøker, ein kalender på enaresamisk. Frå og med 1997 blei eit språkreir grunnlagt for barnehagebarn i tettstaden Enare og deretter i kommunesenteret Ivalo. Til saman over 100 barn har gått gjennom språkreiret sidan det blei grunnlagt.[2]
Eit nytt fenomen er at enaresamisk er teke i bruk i rapsongar, av Mikkal Morottaja, under kunstnarnamnet Amoc.