Sakhnin | |||
סַחְ'נִין, סִכְנִין, سخنين | |||
by | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord | ||
Koordinatar | 32°52′N 35°18′E / 32.867°N 35.300°E | ||
Areal | 9,82 km² | ||
Folketal | 25 600 (2008) | ||
Folketettleik | 2 607 / km² | ||
Borgarmeister | Mazin G'Nayem | ||
Sakhnin 32°52′00″N 35°18′00″E / 32.866666666667°N 35.3°E | |||
| |||
Wikimedia Commons: Sakhnin | |||
Sakhnin (arabisk سخنين, hebraisk סַחְ'נִין eller סִכְנִין Sikhnin) er ein by i Israel i Nord distrikt. Han ligg i Nedre Galilea, kring 23 km aust for Akko. Sakhnin vart erklært ein by i 1995. Folketalet er 25 100[1] og dei fleste er arabarar, hovudsakleg muslimar med ein større kristen minoritet. Sakhnin er heimstad til den største gruppa sufimuslimar i Israel, kring 80 personar.
Sakhnin er bygd over tre høgder og ligg i ein dal omgjeve av fjell, det høgaste på 602 meter over havet. Landskapet er landleg og nesten heilt dekt av oliven- og fikenlundar, i tillegg til kratt av oregano og sesam.
Det har vore busetnad ved Sakhnin i 3 500 år og han vart først nemnt i 1479 fvt. av Thutmose II frå Det gamle Egypt, då han var nemnt som eit senter for produksjon av indigo. Sargon II nemner òg byen som Suginin.
Han vart nemnt som Sogane, ein festningsby i 66 evt., av Josefus.[2] Det er funne ruinar av søyler og cisterner på staden frå antikken.[3] Ei cisterne, grave ut nær moskéen i gamlebyen, avdekte bitar av keramikk datert til første til 400-talet evt.[4]
På 1100-talet var han ein av casales (landsbyar) som høyrte til Den tyske riddarordenen, ein krossfararorden.[5]
I 1596 var Sakhnin omtalt i osmanske skatteregister som ein del av Akka nahiya i Tabariyya liwa. Han hadde då 66 muslimske hushaldningar og 8 ungkarar. Det vart betalt skatt for kveite, bygg, oliven, bomull og ei vassmølle.[6]
I 1859 estimerte den britiske konsulen Rogers at folketalet var 1100,[7] medan Victor Guérin i 1875 fann 700 innbyggjarar, både muslimar gresk-ortodokse og skismatiske grekarar.[8]
I ei folketeljing i 1922 av dei britiske styresmaktene i Palestinamandatet, hadde han 1575 innbyggjarar, 1367 muslimar og 208 kristne.[9] og i 1931 hadde talet auka til 1891 med 1688 muslimar, 202 kristne og éin jøde i totalt 400 hus.[10] I 1945 hadde Saknin 2600 innbyggjarar.[11]
Under Den arabisk-israelske krigen i 1948 overgav Sakhnin seg til israelske styrkar den 18. juli 1948 under Operasjon Dekel, men vart erobra attende av arabiske styrkar kort tid etter. Han fall til slutt utan kamp under Operasjon Hiram, 29–31. oktober 1948. Mange av innbyggjararane flykta nordover, men somme vart verande att og vart utviste av dei israelske soldatane.[12] Byen vart verande i unntakstilstand i 1966.
I 2003 vart fotballklubben Bnei Sakhnin ein av dei første arabiske laga til å spele i israelsk eliteserie.[13] Året etter vann klubben den israelske cupen, og vart det første arabiske laget som klarte dette. Dei deltok så i UEFA-cupen sesongen etter, der dei tapte mot Newcastle United. Sidan 2005 har laget spelt på Doha stadion, betalt av dei israelske styresmaktene og Qatar. Stadionet har ein kapasitet på 5 000.[13]