Kfar Kama | |||
כְּפַר כַּמָא, كفر كما | |||
lokal kommune | |||
|
|||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord | ||
Koordinatar | 32°43′19″N 35°26′27″E / 32.72194°N 35.44083°E | ||
Areal | 8,9 km² | ||
Folketal | 3 005 (2011) | ||
Folketettleik | 338 / km² | ||
Grunnlagd | 1876 | ||
- Bystatus | 1950 | ||
Kfar Kama 32°43′19″N 35°26′27″E / 32.721944444444°N 35.440833333333°E | |||
| |||
Wikimedia Commons: Kfar Kama | |||
Kfar Kama (hebraisk כְּפַר כַּמָא) er ein by i nedre Galilea i Israel med eit folketal på 2 900,[1] hovudsakleg tsjerkessarar.
Kfar Kama kan ha vore ein landsby kalla Helenoupolis som Konstantin grunnla til ære til mora si Helena.[2]
Under utgravingar i 1961 og 1963 fann ein graver frå 300-talet.[3] To kyrkjer frå tidleg på 500-talet, eine tileigna St. Thecla, vart gravefram med fleirfarga mosaikkgolv med blomar, dyr og geometriske mønster[3]
I krossfarartida vart han kalla Kapharchemme eller Capharkeme.[4]
I 1596 var Kfar Kama oppført i osmanske skattelister som ein landsby i Tiberias nahiya i Safad liwa. Han hadde eit folketal på 34 muslimske hushaldningar og skatta av kveite, bygg, sommaravlingar, bomull og geiter eller bikubar.[5]
I 1870-åra vart han skildra som ein stad med «basaltiske steinhus, med kring 200 muslimar, på ei slette av dyrkbar mark.»[6]
Den noverande landsbyen vart grunnlagd i 1878 av 1150 tsjerkessisk emigrantar frå Adyghe-stamma Shapsugs, som vart driven ut frå Kaukasus av russarane til Det osmanske riket på grunn av den russisk-tsjerkessiske krigen.[7] I staden levde dei av dyreoppdrett, men vart seinare bønder.[7] Den første skulen vart grunnlagd kring 1880.[7]
Under folketeljinga i Palestina i 1922, hadde Kafr Kama eit folketal på 670 muslimar og sju kristne.[8]
Kfar Kama er ein av to tsjerkessiske landsbyar i Israel. Den andre er Rehaniya. Tsjerkessarane er muslimar, som i motsetnad til israelske arabarar deltek i militærteneste i det israelske forsvaret.