Julis | |||
ג'וּלִס, ג'וליס, جولس | |||
lokal kommune | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord | ||
Koordinatar | 32°56′39″N 35°11′9″E / 32.94417°N 35.18583°E | ||
Areal | 3,97 km² | ||
Folketal | 5 400 (2007) | ||
Folketettleik | 1 360 / km² | ||
Grunnlagd | 1500-talet | ||
- Bystatus | 1967 | ||
Borgarmeister | Nadeem Amar | ||
Julis 32°56′38″N 35°11′12″E / 32.943888888889°N 35.186666666667°E | |||
| |||
Wikimedia Commons: Julis | |||
Julis (arabisk جولس, hebraisk ג'וּלִס)[1] er ein drusarar-landsby og lokal kommune i Nord distrikt i Israel.
I følgje ei lokal segn kjem namnet frå «Julius,» namnet på den romerske kommandanten som slo leir i området. Andre meiner det kjem frå det arabiske ordet for «å sitje» - «jalis», sidan han ligg i lågare åsar enn dei kringliggande landsbyane, og dermed ser ut til å sitje.
I følgje osmanske skattelister frå 1596 hadde Julis ein hovudsakleg muslimsk folkesetnad med i alt 79 hushaldningar. Dei betalte skatt for kveite, bygg, «sommaravlingar», frukttre, og «geiter og bier». Julis hadde òg ei presse for olivenolje eller druesirup.[2] På 1500-talet var det òg ein liten jødisk folkesetnad her.[3]
Tidleg på 1700-talet var Julis ein av dei store bomullsprodusentane i området.[4] Seinare på hundreåret var han ein av fem landsbyar i Sahil Akka nahiya (Akko-kysten), som var eigd av guvernøren i Akko, og var friteken frå dei vanlege osmanske skattane.[5]
I 1875 vitja den franske oppdagaren Victor Guérin landsbyen, som han kalla Djoules.[6] Han skreiv at «før eg kom til Julis kom eg til eit lite platå med mange cisterner. Cisternne og dei utskjerte steinen syner at staden er frå antikken.»[7] Seint på 1800-talet vart Julis skildra som «ein landsby bygd av stein med kring 200 drusarars, omgjeve av oliven og dyrkbar mark.»[8]
Julis vart erobra av det israelske forsvaret under Operasjon Dekel, 8-14. juli 1948. I motsetnad til mange av nabolandsbyane, fekk innbyggjarane lov å vere att i heimane sine.[9]
Julis fekk status som lokal kommune i 1967. Folketalet mot slutten av 2007 var estimert til 5 400.[10] Alle innbyggjarane er drusarar.