Fassuta | |||
פַסּוּטָה | |||
lokal kommune | |||
Inngangen til Fassouta
| |||
Namneopphav: Fassute, personnamn[1] | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord | ||
Koordinatar | 33°2′58″N 35°18′21″E / 33.04944°N 35.30583°E | ||
Areal | 11,275 km² | ||
Folketal | 2 900 (2005) | ||
Grunnlagd | 1965 | ||
Fassuta 33°02′58″N 35°18′21″E / 33.049444444444°N 35.305833333333°E | |||
| |||
Wikimedia Commons: Fassuta | |||
Fassuta er ein israelsk arabisk by nordvest i Har Meron i Nord distrikt i Israel, sør for den libanesiske grensa.[2] I 2005 var folketalet i Fassuta 2 900.
Fassuta vart bygd på ruinane av krossfararborga Fassove, som vart bygd på ruinane av Mifshata (Mafsheta), ein jødisk landsby etter øydelegginga av Det andre tempelet i 70 evt.[3]
I 1596 var Fassuta oppført i osmanske skattelister som ein del av Akka nahiya i Safad liwa. Han hadde eit folketal på 12 muslimske hushaldningar og tre muslimske ungkarar. Han betalte skattar av kveite, bygg, frukttre, og geiter eller bikubar.[4]
I 1881 skildra Conder og Kitchener Fassuta som «ein landsby, bygd av stein, med kring 200 kristne, på ein kam med hagar av fiken, oliven, og dyrkbar mark. Det ligg to cisterner i landsbyen, og ei god vasskjelde i nærleiken.»[5]
Mellom 1922 og 1947 auka folketalet i Fassuta med 120 %.[6] I folketeljinga i 1931 hadde Fassuta og Mansura eit samla folketal på 507 palestinsk kristne og 81 muslimar som budde i 129 hus.[7]
I 1945 var det samla folketalet i Fassuta, Mansura og Dayr al-Qasi 2 300. Folkesetnaden i Fassuta var halvt muslimsk og halvt kristen. Mot slutten av oktober 1948 vart landsbyen erobra av det israelske forsvaret under Operasjon Hiram. Det meste av den muslimske folkesetnaden flykta eller vart kasta ut, men mange av dei kristne vart verande att. I desember 1949 sette det israelske forsvaret i gang ein plan om å drive ut dei resterande innbyggjarane i Fassuta og fem andre landsbyar, for å skape ein 5-10 km arabar-fri sone lange grensa til Libanon. Denne planen vart stoppa av utanriksdepartementet, som frykta internasjonale reaksjonar.[8] Den arabiske folkesetnaden vart verande i unntakstilstand fram til 1966.