Rhiannon Singel av Fleetwood Mac frå albumet Fleetwood Mac | ||
B-side |
«Sugar Daddy» | |
---|---|---|
Utgjeve | 4. februar 1976 (US), april 1976 (UK) | |
Innspelt | Februar 1975 | |
Sjanger | Rock, softrock[1] | |
Lengd | 4:12 (album), 3:46 (singel) | |
Selskap | Reprise | |
Tekstforfattar | Stevie Nicks | |
Låtskrivar(ar) | Stevie Nicks | |
Produsent | Fleetwood Mac and Keith Olsen | |
Fleetwood Mac-kronologi | ||
«Over My Head» (1975 US / 1976 UK) |
Rhiannon | «Say You Love Me» (1976)
|
«Rhiannon» er ein song skriven av Stevie Nicks og opphavleg spelt inn av Fleetwood Mac. Han vart først gjeven ut på albumet Fleetwood Mac i 1975 og så som singel året etter.
«Rhiannon» vart kåra til den 488. beste songen gjennom tidene av Rolling Stone i 2003, men var ikkje med på den oppdaterte lista i 2010. Songen nådde 11. plassen på den amerikanske singellista i juni 1976.[2] I Storbritannia nådde songen 46. plassen då han vart gjeven ut på ny i februar 1978.[3]
Songen vert alltid kalla berre «Rhiannon» på Fleetwood Mac-album, men på singlane vart han stundom oppført som «Rhiannon (Will You Ever Win)».
Under konsertframføringane av songen introduserte Nicks stundom songen som «Dette er ein song om ei gammal walisisk heks.»[4] Frå 1975–1980 hadde konsertversjonane av «Rhiannon» ein teatralsk intensitet, som ikkje er å høyre på radioversjonen av songen. Songen bygde seg opp til eit klimaks der vokalen til Nicks var så lidenskapleg at trommeslagaren og bandmedlem frå starten av, Mick Fleetwood sa, «hennar Rhiannon var på den tida som ein eksorsisme.»[5]
Nicks oppdaga Rhiannon tidleg i 1970-åra gjennom ein roman kalla Triad av Mary Leader. Romanen handlar om kvinna Branwen, som er besett av ei anna kvinne, Rhiannon. Ei walisisk segn om Rhiannon vert nemnt i romanen, men karakterane i romanen har liten likskap til dei originale walisiske karakterane i walisiske segner (både Rhiannon og Branwen er viktige figurar i den walisiske mellomaldersoga Mabinogion).
Nicks kjøpte romanen på ein flyplass før ein lang flytur og tenkte namnet var så vakkert at ho ville skrive noko om ei jente som heitte Rhiannon. Ho skreiv «Rhiannon» i 1974, tre månader før ho kom med i Fleetwood Mac, medan ho budde med Richard Dashut og Lindsey Buckingham i Malibu,[6] og hevda det tok ti minuttar å skrive ned songen.
Etter songen var ferdig fekk Nicks vite at Rhiannon hadde opphav som ei walisisk gudinne, og var forbausa over at teksten òg passa til den walisiske Rhiannon. Nicks byrja å undersøke Mabinogion-soga og byrja å arbeide på eit Rhiannon-prosjekt, usikker på om det skulle verte ein film, ein musikal, ein teiknefil eller ein ballett. Det finst fleire «Rhiannon-songar» frå dette uferdige prosjektet, inkludert «Stay Away» og «Maker of Birds». Nicks skreiv Fleetwood Macsongen «Angel» basert på Rhiannon-soga.
Nicks unngjekk å ha på seg svarte klede i nesten to år i eit forsøk på å distansere seg frå hekseri og svartekunst som ho vart assosiert med etter at teksten til «Rhiannon» gav fansen feil inntrykk.[7]
Studioalbum | Fleetwood Mac · Mr. Wonderful · Then Play On · Kiln House · Future Games · Bare Trees · Penguin · Mystery to Me · Heroes Are Hard to Find · Fleetwood Mac · Rumours · Tusk · Mirage · Tango in the Night · Behind the Mask · Time · Say You Will |
---|---|
EPar | |
Samlealbum | English Rose · The Pious Bird of Good Omen · Fleetwood Mac in Chicago · Black Magic Woman · The Original Fleetwood Mac · Greatest Hits · Vintage Years · Greatest Hits · 25 Years – The Chain · The Vaudeville Years · The Complete Blue Horizon Sessions 1967–1969 · Show-Biz Blues · The Best of Peter Green's Fleetwood Mac · The Very Best of Fleetwood Mac · Madison Blues · The Essential Fleetwood Mac |
Konsertalbum | Live at the BBC · Live in Boston · Live · The Dance · Shrine '69 · Live in Boston |
Hyllestalbum | Just Tell Me That You Want Me: A Tribute to Fleetwood Mac |
Songar | «Stop Messin' Around» · «Need Your Love So Bad» · «Black Magic Woman» · «Albatross» · «When You Say» · «Man of the World» · «Oh Well» · «The Green Manalishi (With the Two-Prong Crown)» · «Dragonfly» · «Sentimental Lady» · «Hypnotized» · «Warm Ways» · «Over My Head» · «Say You Love Me» · «Rhiannon» · «Landslide» · «I'm So Afraid» · «Go Your Own Way» · «Silver Springs» · «Dreams» · «Don't Stop» · «The Chain» · «You Make Loving Fun» · «Gold Dust Woman» · «Songbird» · «Tusk» · «Sara» · «Think About Me» · «Sisters of the Moon» · «I Know I'm Not Wrong» · «Angel» · «Hold Me» · «Gypsy» · «Oh Diane» · «Love in Store» · «Can't Go Back» · «Big Love» · «Seven Wonders» · «Little Lies» · «Everywhere» · «Family Man» · «Isn't It Midnight» · «As Long as You Follow» · «Save Me» · «Murrow Turning Over in His Grave» · «Peacekeeper» |
Tilknytte artiklar | Diskografi · Sound City Studios · Buckingham Nicks · Sound City · Ken Caillat · Clifford Davis · Stretch ("Bogus Fleetwood Mac") |