Fleetwood Mac Studioalbum av Fleetwood Mac | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 11. juli 1975 | |
Innspelt | Januar-februar 1975 i Sound City Studios i Van Nuys i California | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 42:12 | |
Selskap | Reprise | |
Produsent | Fleetwood Mac og Keith Olsen | |
Fleetwood Mac-kronologi | ||
---|---|---|
Heroes Are Hard to Find (1974) |
Fleetwood Mac | Rumours (1977) |
Singlar frå Fleetwood Mac | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Robert Christgau | A-[2] |
Fleetwood Mac er det tiande albumet til det britisk-amerikanske bandet Fleetwood Mac, gjeve ut i 1975. Det er det andre albumet som er kalla opp etter sjølve bandet, det første var frå 1968. Blant Fleetwood Mac-fansen vert albumet ofte kalla White Album.[3] Dette er det første Fleetwood Mac-albumet med Lindsey Buckingham som gitarist og Stevie Nicks som vokalist, etter at Bob Welch slutta i bandet seint i 1974. Det var òg det siste albumet som vart gjeven ut på Reprise fram til 1997 og The Dance (dei neste albuma vart gjevne ut på Warner Bros. Records, som eig Reprise).
Albumet nådde toppen av Billboard 200 over eit år etter det gjekk inn på lista, og låg i alt 37 veker inne på topp 10, og meir enn 15 månader inne på topp 40. Det gav tre singlar som nådde topp 20: «Over My Head», «Rhiannon» og «Say You Love Me», dei to siste nådde begge 11. plassen. I 1976 hadde albumet seld til 5x platina i USA for fem millionar selde eksemplar.
«Warm Ways» var den første singelen frå albumet i 1975 i Storbritannia.[4] Han vart ikkje gjeven ut som singel i USA, der «Over My Head» vart gjeven ut i staden. I starten fekk albumet lita interesse i Storbritannia, sidan ingen av dei tre første singlane klarte å nå salslistene. «Say You Love Me» gjekk inn på UK Singles Chart og nådde 40. plass.[5] Etter den massive suksessen med Rumours to år seinare, vart interessa for bandet fornya, og Fleetwood Mac vart gjeve ut på ny i 1978, i lag med singelen «Rhiannon» som då nådde 46. plassen.[4] Albumet nådde til slutt 23. plassen[5] på UK Album Chart, men var ein opptakt til ei rekkje særs suksessrike album for bandet i Storbritannia, inkludert Rumours, som der selde til 4x platina, Tusk, Tango in the Night og Behind the Mask.[4]
«Landslide» vart sidan gjeven ut som singel i USA i 1998, etter han vart det mest populære sporet på konsertalbumet The Dance. Han nådde då 51. plassen på Billboard Hot 100.[4]
I 1974 flytta Fleetwood Mac frå England til California for å få meir kontroll over bandet.[6] I California spelte dei inn albumet Heroes Are Hard to Find og la ut på ein turné. Kort tid før turneen var over, annonserte Bob Welch (gitarist, songar og låtskrivar) at han slutta i det som hadde blitt den niande besetninga til Fleetwood Mac på åtte år,[7] slik at han kunne starte power-trioen Paris.[6] Mick Fleetwood var no på utkikk etter ein ny gitarist og eit platestudio, og møtte produsenten Keith Olsen i Sound City Studios for å høyre på nokre demoar.[6][7] Der spelte Olsen eit album for Fleetwood som han nyleg hadde vore lydteknikar på, called Buckingham Nicks.[6] Fleetwood likte særleg gitarsoloen på songen «Frozen Love»,[7] og valde å hyre både Olsen og gitaristen Lindsey Buckingham.[6] Men Buckingham ville ikkje ta i mot tilbodet til Fleetwood med mindre han også tok med den musikalske og romantiske partnaren hans, Stephanie «Stevie» Nicks.[7] Etter eit uformelt intervju på ein mexicansk restaurant, inviterte Mick Fleetwood både Buckingham og Nicks med i bandet.[7] I løpet av tre månader hadde dei spelt inn albumet Fleetwood Mac.[7] Sjølv om den tiande besetninga til bandet vart den mest suksessrike, vart det langt frå den mest stabile, sidan Lindsey Buckingham og Stevie Nicks var på randa av å gå frå kvarandre då dei kom inn i bandet.[7] Denne spaninga vart etter kvart avgjerande som inspirasjonskjelde for det neste albumet deira, Rumours.[6]
Fleetwood Mac kom ut i juli 1975.[7] Sjølv om bandet berre fekk moderat suksess kort tid etter utgjevinga, valde dei å marknadsføre det nye albumet.[7] Etter å ha turnert utan stans i fleire månader, byrja bandet å sjå resultat av det harde arbeidet.[7] I eit intervju med Uncut sa Stevie Nicks om albumet: «Me spelte berre overalt og selde albumet. Me sparka albumet i ræva.»[7] Femten månader etter albumet kom ut klatra det heilt til topps på albumlista i USA.[7]
Alle singlane frå Fleetwood Mac er nymiksar, ofte ganske forskjellige frå albumversjonane, og begge er med på nyutgjevinga av albumet i 2004. Det vart òg laga ein singel-miks for «Blue Letter» og denne versjonen var opphavleg berre gjeven ut som B-side til «Warm Ways» i 1975.[4]
Albumet var med på å lansere bandet som musikalske superstjerner som alltid var å høyre på radio (noko som vart forsterka av det enno meir populære oppfølgjaralbumet Rumours). I 2003 vart albumet rangert på 182. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[8]
På plateomslaget er det berre bilete av Mick Fleetwood og bassisten John McVie.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Monday Morning» | Lindsey Buckingham | 2:48 |
2. | «Warm Ways» | Christine McVie | 3:54 |
3. | «Blue Letter» | Michael Curtis, Richard Curtis | 2:41 |
4. | «Rhiannon» | Stevie Nicks | 4:11 |
5. | «Over My Head» | C. McVie | 3:38 |
6. | «Crystal» | Nicks | 5:14 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
7. | «Say You Love Me» | C. McVie | 4:11 |
8. | «Landslide» | Nicks | 3:19 |
9. | «World Turning» | Buckingham, C. McVie | 4:25 |
10. | «Sugar Daddy» | C. McVie | 4:10 |
11. | «I'm So Afraid» | Buckingham | 4:22 |
2004-utgåva Den 24. mars 2004 gav Warner Bros. Records ut ei remastra utgåve av albumet med følgjande bonusspor:
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
12. | «Jam #2» (ikkje tidlegare utgjeven) | Buckingham, Mick Fleetwood, C. McVie, John McVie | 5:41 |
13. | «Say You Love Me» (singelversjon) | C. McVie | 4:01 |
14. | «Rhiannon (Will You Ever Win)» (singelversjon) | Nicks | 3:46 |
15. | «Over My Head» (singelversjon) | C. McVie | 3:09 |
16. | «Blue Letter» (ikkje tidlegare utgjeven) | Curtis, Curtis | 2:42 |
Fleetwood Mac
Andre medverkande
Produksjon
Liste | Plassering |
---|---|
Australian Kent Music Report[9] | 3 |
Canadian RPM Album Chart[10] | 2 |
New Zealand[11] | 4 |
UK Album Chart[12] | 23 |
US Billboard 200[13] | 1 |
Liste (1976) | Plassering |
---|---|
Australian Album Chart[9] | 14 |
Canadian Album Chart[14] | 16 |
U.S. Billboard 200[15] | 2 |
Liste (1977) | Position |
---|---|
Australian Album Chart[9] | 12 |
U.S. Billboard 200[16] | 10 |
|}
183: Red Headed Stranger Willie Nelson |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2012 over dei 500 beste albuma gjennom tidene 182 Fleetwood Mac Fleetwood Mac |
181: Natty Dread Bob Marley and The Wailers |
Studioalbum | Fleetwood Mac · Mr. Wonderful · Then Play On · Kiln House · Future Games · Bare Trees · Penguin · Mystery to Me · Heroes Are Hard to Find · Fleetwood Mac · Rumours · Tusk · Mirage · Tango in the Night · Behind the Mask · Time · Say You Will |
---|---|
EPar | |
Samlealbum | English Rose · The Pious Bird of Good Omen · Fleetwood Mac in Chicago · Black Magic Woman · The Original Fleetwood Mac · Greatest Hits · Vintage Years · Greatest Hits · 25 Years – The Chain · The Vaudeville Years · The Complete Blue Horizon Sessions 1967–1969 · Show-Biz Blues · The Best of Peter Green's Fleetwood Mac · The Very Best of Fleetwood Mac · Madison Blues · The Essential Fleetwood Mac |
Konsertalbum | Live at the BBC · Live in Boston · Live · The Dance · Shrine '69 · Live in Boston |
Hyllestalbum | Just Tell Me That You Want Me: A Tribute to Fleetwood Mac |
Songar | «Stop Messin' Around» · «Need Your Love So Bad» · «Black Magic Woman» · «Albatross» · «When You Say» · «Man of the World» · «Oh Well» · «The Green Manalishi (With the Two-Prong Crown)» · «Dragonfly» · «Sentimental Lady» · «Hypnotized» · «Warm Ways» · «Over My Head» · «Say You Love Me» · «Rhiannon» · «Landslide» · «I'm So Afraid» · «Go Your Own Way» · «Silver Springs» · «Dreams» · «Don't Stop» · «The Chain» · «You Make Loving Fun» · «Gold Dust Woman» · «Songbird» · «Tusk» · «Sara» · «Think About Me» · «Sisters of the Moon» · «I Know I'm Not Wrong» · «Angel» · «Hold Me» · «Gypsy» · «Oh Diane» · «Love in Store» · «Can't Go Back» · «Big Love» · «Seven Wonders» · «Little Lies» · «Everywhere» · «Family Man» · «Isn't It Midnight» · «As Long as You Follow» · «Save Me» · «Murrow Turning Over in His Grave» · «Peacekeeper» |
Tilknytte artiklar | Diskografi · Sound City Studios · Buckingham Nicks · Sound City · Ken Caillat · Clifford Davis · Stretch ("Bogus Fleetwood Mac") |