Dragonfly Singel av Fleetwood Mac | ||
B-side |
«The Purple Dancer» | |
---|---|---|
Utgjeve | Mars 1971 | |
Innspelt | Seint 1970 | |
Sjanger | Bluesrock, psykedelisk rock | |
Selskap | Reprise Reprise RS27010 | |
Fleetwood Mac-kronologi | ||
«The Green Manalishi (With the Two-Prong Crown)» (1970 UK) |
Dragonfly | «Did You Ever Love Me» (1972 UK)
|
«Dragonfly» er ein song skriven av den britiske musikaren Danny Kirwan med tekst frå eit dikt av den walisiske diktaren W.H. Davies. Han var opphavleg spelt inn bandet til Kirwan, Fleetwood Mac i 1970, og var den første singelen bandet gav ut etter at frontmannen Peter Green slutta. Songen var òg den første singelen med Christine McVie som fulltidsmedlem i gruppa. Då songen kom ut hadde òg gitaristen Jeremy Spencer slutta i bandet.
Teksten til «Dragonfly» vart henta frå W.H. Davies-diktet «The Dragonfly» frå 1927, med somme linjer byta om og andre fjerna heilt. Diktet har òg eit vers som ikkje er med i songen.[1] Kirwan skreiv musikk til songen, song og spelte gitar, akkompagnert av Mick Fleetwood på trommer og John McVie på bassgitar.
B-sida til singelen «The Purple Dancer», vart skriven av Kirwan, Fleetwood og John McVie, og vart sungen av både Kirwan og Jeremy Spencer. Begge songane vart spelte inn same dagen seint i 1970. Spencer deltok lite på innspelinga av «Dragonfly», men begge songane vart spelte på konsertar seint i 1970 og tidleg i 1971 og finst på piratkopiplater. «Dragonfly» vart òg framført på det tyske fjernsynsshowet Beat-Club i 1971, etter Spencer hadde slutta i bandet. Den nye gitaristen Bob Welch spelte på songen i staden for Spencer.
«Dragonfly» vart spelt inn etter albumet Kiln House kom ut i september 1970, og ingen songar frå det albumet vart gjevne ut som singlar i Storbritannia, medan «Jewel Eyed Judy» vart gjeven ut på singel i USA, Tyskland og Nederland, og «Tell Me All the Things You Do» som singel i Frankrike. «Dragonfly» vart vald ut som den neste singelen til bandet i Storbritannia, Tyskland og Nederland.
Singelen gjekk ikkje inn på salslistene noko stad då han kom ut, ikkje ein gong i Nederland, der den førre singelen «Jewel Eyed Judy» hadde nådd topp 50. Dei dårlege salstala til «Dragonfly» fortsette å legge ein dempar på stemninga i bandet då dei kom attende til Storbritannia frå Amerika. Christine McVie sa seinare «Det siste året kjennes det som om me har blitt slått og banka med ei stor klubbe.»[2]
«Dragonfly» kom ikkje med på det neste Fleetwood Mac-albumet Future Games, men kom med på eit samlealbum frå 1971.
«Dragonfly» og den originale B-sida, «The Purple Dancer», kom ut i ein avgrensa versjon på lilla vinyl i berre 3000 eksemplar i april 2014. Han vart òg gjeven ut på blå vinyl. Songen gjekk då inn på niandeplassen i USA, den første gongen songen gjekk inn på listene nokon stad.[3]
Den tidlegare bandkollegaren til Kirwan, Peter Green, sa om «Dragonfly» at han var «den beste songen han nokon gong skreiv... han burde ha vore ein hit.»[4]
I boka si The Complete Guide to the Music of Fleetwood Mac skreiv Rikky Rooksby: «... vedunderleg, lag på lag med gitar. Han har skinande akkordar og ein melodi som kjem ned i oktavar... Dette er heilt klårt det beste Kirwan nokon gong skreiv.»[5]
Studioalbum | Fleetwood Mac · Mr. Wonderful · Then Play On · Kiln House · Future Games · Bare Trees · Penguin · Mystery to Me · Heroes Are Hard to Find · Fleetwood Mac · Rumours · Tusk · Mirage · Tango in the Night · Behind the Mask · Time · Say You Will |
---|---|
EPar | |
Samlealbum | English Rose · The Pious Bird of Good Omen · Fleetwood Mac in Chicago · Black Magic Woman · The Original Fleetwood Mac · Greatest Hits · Vintage Years · Greatest Hits · 25 Years – The Chain · The Vaudeville Years · The Complete Blue Horizon Sessions 1967–1969 · Show-Biz Blues · The Best of Peter Green's Fleetwood Mac · The Very Best of Fleetwood Mac · Madison Blues · The Essential Fleetwood Mac |
Konsertalbum | Live at the BBC · Live in Boston · Live · The Dance · Shrine '69 · Live in Boston |
Hyllestalbum | Just Tell Me That You Want Me: A Tribute to Fleetwood Mac |
Songar | «Stop Messin' Around» · «Need Your Love So Bad» · «Black Magic Woman» · «Albatross» · «When You Say» · «Man of the World» · «Oh Well» · «The Green Manalishi (With the Two-Prong Crown)» · «Dragonfly» · «Sentimental Lady» · «Hypnotized» · «Warm Ways» · «Over My Head» · «Say You Love Me» · «Rhiannon» · «Landslide» · «I'm So Afraid» · «Go Your Own Way» · «Silver Springs» · «Dreams» · «Don't Stop» · «The Chain» · «You Make Loving Fun» · «Gold Dust Woman» · «Songbird» · «Tusk» · «Sara» · «Think About Me» · «Sisters of the Moon» · «I Know I'm Not Wrong» · «Angel» · «Hold Me» · «Gypsy» · «Oh Diane» · «Love in Store» · «Can't Go Back» · «Big Love» · «Seven Wonders» · «Little Lies» · «Everywhere» · «Family Man» · «Isn't It Midnight» · «As Long as You Follow» · «Save Me» · «Murrow Turning Over in His Grave» · «Peacekeeper» |
Tilknytte artiklar | Diskografi · Sound City Studios · Buckingham Nicks · Sound City · Ken Caillat · Clifford Davis · Stretch ("Bogus Fleetwood Mac") |