Bob Brunning | |||
Fødd | 29. juni 1943 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Bournemouth i England | ||
Død | 18. oktober 2011 (68 år) | ||
Dødsstad | London i England | ||
Fødenamn | Robert Brunning | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1967–2011 | ||
Sjanger | Bluesrock, blues | ||
Instrument | Bassgitar | ||
Tilknytte artistar | Fleetwood Mac, Savoy Brown, Tramp | ||
Verka som | Musikar, lærar |
Robert «Bob» Brunning (29. juni 1943–18. oktober 2011)[1][2] var ein britisk musikar, som ei kort stund var den første bassgitaristen i bluesrockbandet Fleetwood Mac.[3]
Då Peter Green slutta i Bluesbreakers i 1967, valde han å starte si eiga gruppe, som han kalla Fleetwood Mac etter rytmeseksjonen han ønskte seg i bandet - Mick Fleetwood og John McVie. Fleetwood vart med frå starten av, og slidegitaristen Jeremy Spencer vart henta inn, men McVie føretrekte å bli verande i the Bluesbreakers, der han hadde ei god og fast løn. I mellomtida tok Green inn Brunning som bassist, med håp om at McVie skulle ombestemme seg.
Etter nokre få veker skjedde nettopp dette, då han meinte leiaren i Bluesbreakers John Mayall tok bandet for langt i retning jazz. Så McVie vart med i bandet, medan Brunning måtte gje seg. Brunning medverka med bassgitar på eit enkelt spor på debutalbumet Fleetwood Mac, songen «Long Grey Mare».
Etter den korte tida i Fleetwood Mac vart Brunning med Savoy Brown før han byrja å arbeide som lærar ved The College of St. Mark & St. John i Chelsea.[4] Lærarkarrieren hans varte i 30 år fordelt på fleire skular, men han gav aldri opp musikken, og spelte i Brunning Sunflower Blues Band, Tramp, og sidan DeLuxe Blues Band.
I 1972 spelte han bass på 22nd Streatham Cub Scouts-plata Songs for Your Enjoyment.[5]
Brunning skreiv òg fleire bøker, og fleire om Fleetwood Mac, den britiske bluesbølgja og musikk generelt. Bøkene hans om den tidlegare gruppa er mellom andre Behind The Masks, publisert i 1990, Fleetwood Mac: The First 30 Years frå 1998 og The Fleetwood Mac Story: Rumours and Lies'.
Brunning døydde 18. oktober 2011, 68 år gammal, etter eit hjarteinfarkt.[6]
Studioalbum | Fleetwood Mac · Mr. Wonderful · Then Play On · Kiln House · Future Games · Bare Trees · Penguin · Mystery to Me · Heroes Are Hard to Find · Fleetwood Mac · Rumours · Tusk · Mirage · Tango in the Night · Behind the Mask · Time · Say You Will |
---|---|
EPar | |
Samlealbum | English Rose · The Pious Bird of Good Omen · Fleetwood Mac in Chicago · Black Magic Woman · The Original Fleetwood Mac · Greatest Hits · Vintage Years · Greatest Hits · 25 Years – The Chain · The Vaudeville Years · The Complete Blue Horizon Sessions 1967–1969 · Show-Biz Blues · The Best of Peter Green's Fleetwood Mac · The Very Best of Fleetwood Mac · Madison Blues · The Essential Fleetwood Mac |
Konsertalbum | Live at the BBC · Live in Boston · Live · The Dance · Shrine '69 · Live in Boston |
Hyllestalbum | Just Tell Me That You Want Me: A Tribute to Fleetwood Mac |
Songar | «Stop Messin' Around» · «Need Your Love So Bad» · «Black Magic Woman» · «Albatross» · «When You Say» · «Man of the World» · «Oh Well» · «The Green Manalishi (With the Two-Prong Crown)» · «Dragonfly» · «Sentimental Lady» · «Hypnotized» · «Warm Ways» · «Over My Head» · «Say You Love Me» · «Rhiannon» · «Landslide» · «I'm So Afraid» · «Go Your Own Way» · «Silver Springs» · «Dreams» · «Don't Stop» · «The Chain» · «You Make Loving Fun» · «Gold Dust Woman» · «Songbird» · «Tusk» · «Sara» · «Think About Me» · «Sisters of the Moon» · «I Know I'm Not Wrong» · «Angel» · «Hold Me» · «Gypsy» · «Oh Diane» · «Love in Store» · «Can't Go Back» · «Big Love» · «Seven Wonders» · «Little Lies» · «Everywhere» · «Family Man» · «Isn't It Midnight» · «As Long as You Follow» · «Save Me» · «Murrow Turning Over in His Grave» · «Peacekeeper» |
Tilknytte artiklar | Diskografi · Sound City Studios · Buckingham Nicks · Sound City · Ken Caillat · Clifford Davis · Stretch ("Bogus Fleetwood Mac") |