Vike kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: B Ystebo | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Alver | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Nordhordland | ||
Sokn | Vike | ||
Fellesråd | Alver | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Johannes Arnesson Øvsthus[1] | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 2. desember 1891[2] | ||
• Endringar | 1967 og 1991: restaurert[1] | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja, innvigd 1875 | ||
Sitjeplassar | Kring 200[3] | ||
Vike kyrkje i Nordhordland 60°41′55″N 5°35′07″E / 60.6986°N 5.5853°E | |||
Wikimedia Commons: Vike kapell |
Vike kyrkje, tidlegare Vike kapell, står ved Vikaneset i Alver kommune i Vestland, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1891. Kyrkja er teikna av Johannes Arnesson Øvsthus.
Kyrkja er den fyrste på staden. Ho vart vigsla 2. desember 1891 av biskop Fredrik Waldemar Hvoslef. Før dei fekk henne sokna folk i området til Hamre kyrkje og Hosanger kyrkje på Osterøy. Vike kyrkje er soknekyrkje i Vike sokn i Nordhordland prosti.
Kyrkjeklokka er frå då kyrkja var ny og er merka med «Ceg. V. Bochumer Verein 1891».