Gulen kyrkje | |||
Gulen kyrkje | |||
Foto: Nina Aldin Thune | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Gulen | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Nordhordland | ||
Sokn | Gulen | ||
Fellesråd | Gulen | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Georg Andreas Bull | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 13. desember 1863 | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Sitjeplassar | 700 | ||
Gulen kyrkje 60°58′51″N 5°04′33″E / 60.9807°N 5.0757°E | |||
Wikimedia Commons: Gulen kyrkje |
Gulen kyrkje er ei langkyrkje frå 1863 i Eivindvik i Gulen kommune i Vestland.
Fram til 1890 heitte kyrkja Eivindvig kyrkje. Staden er ein gammal kyrkjestad, ved kyrkja er det to steinkrossar som er kring tusen år gamle. Dagens kyrkje er den tredje kjende på staden. Den fyrste var ei stavkyrkje som fyrste gong er nemnd i kjeldene i 1327. Stavkyrkja vart erstatta av ei lafta kyrkje på 1500-talet. Denne stod til dagens kyrkje skulle byggjast i 1863.
Gulen kyrkje er soknekyrkje i Gulen sokn i Nordhordland prosti.