Ostereidet kyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Alver | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Nordhordland | ||
Sokn | Ostereidet | ||
Fellesråd | Alver | ||
Arkitekt | Bengt Suleng[1] | ||
Material | Betong | ||
Innvigd | 18. desember 1988[1] | ||
Takryttar | Open takryttar over søraustre delen av kyrkja | ||
Kyrkjegard | Nedom kyrkja, innvigd 1986[1] | ||
Sitjeplassar | 170/350[2] | ||
Ostereidet kyrkje 60°37′35″N 5°29′14″E / 60.6265°N 5.4873°E | |||
Wikimedia Commons: Ostereidet kirke |
Ostereidet kyrkje står på Ostereidet i Alver kommune i Vestland fylke, og er ei arbeidskyrkje frå 1988.
Arkitekt for bygget var Bengt Suleng ved arkitektkontoret Einar Vaardal Lunde A/S.
Kyrkja har i tillegg til kyrkjerommet ein kyrkjelydssal som er skild frå kyrkjerommet med ein foldevegg. Når foldeveggen er dregen til sides har kyrkja sitjeplassar til 350 personar. I underetasjen er det forsamlingsrom med kjøken, garderobe, toalett, reidskapsrom og bårerom.
Ostereidet kyrkje er soknekyrkje i Ostereidet sokn i Nordhordland prosti.