Vibeke Larsen | |||
| |||
Fødd | 15. juni 1971 (53 år) Vassdalen | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet (januar 2017), Nordkalottfolket | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Vibeke Larsen (fødd 15. juni 1971) er ein norsk sametingspolitikar som var sametingspresident for Arbeidarpartiet i perioden 2016–2017. Sidan 2021 sit ho på Sametinget for Nordkalottfolket frå Vesthavet valkrins.
Larsen byrja i Arbeidarpartiet og var vararepresentant i sametingsperioden 2001–2005. Frå 2004 hadde ho fast plass i staden for Per Solli, og sat så som fast representant frå 2005 til 2017. Frå og med 26. september 2007 til 2013 sat ho i Sametingsrådet for Arbeidarpartiet.
I desember 2016 felte ein koalisjon mellom Arbeidarpartiet, Árja og Høgre det sitjande sametingsrådet leia av Aili Keskitalo, og danna nytt sametingsråd med Larsen som sametingspresident.[1][2] I januar 2017 vart Ronny Wilhelmsen vald til presidentkandidat for Arbeidarpartiet før sametingsvalet 2017. I protest gjekk Larsen ut av partiet og avsette Wilhelmsen som visepresident.[3] Ho starta så partiet Šiella, som stilte til val i 2017 utan å få inn nokon representantar.[4][5] Larsen sat som president fram til valet i 2017.
Ho meldte seg seinare inn i Nordkalottfolket, og vart vald inn på Sametinget for dei i perioden 2021–2025.
Larsen er busett på Bjerkvik i Narvik kommune i Nordland fylke.
Sametingsrepresentantar i Noreg 2005-2009 | |
---|---|
Varanger | |
Tana | |
Karasjok | |
Kautokeino | |
Porsanger | |
Alta/Kvalsund | |
Nord-Troms | |
Midt-Troms | |
Sør-Troms | |
Nordre Nordland | |
Midtre Nordland | |
Sørsameområdet | |
Sør-Noreg |