Nora Marie Bransfjell | |||
| |||
Fødd | 2. april 1955 (69 år) | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Norske Samers Riksforbund | ||
Yrke | lærar, politikar | ||
Alle verv |
Nora Marie Bransfjell (fødd 2. april 1955) er ein norsk samisk politikar som representerte Norske Samers Riksforbund (NSR) på Sametinget fram til 2021, innvald frå Sørsamisk valkrins.[1][2]
Ho var fast møtande sametingrepresentant frå 2013 som vara for sametingsråd Thomas Åhrén, og vart vald som representant frå 2017.[3]
Av yrke er ho høgskulelærar ved Nord universitet. Ho har òg vore aktiv i samepolitisk arbeid gjennom Norske Reindriftsamers Landsforbund, og vore medlem av samisk utval i Utdanningsforbundet.