Henrik Olsen | |||
| |||
Fødd | 19. oktober 1970 | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Norske Samers Riksforbund | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
Henrik Olsen (fødd 19. oktober 1970) er ein norsk samisk politikar og kulturarbeidar frå Olderdalen i Kåfjord som sit i sametinget for Norske Samers Riksforbund.
Han vart fyrste gong vald inn på Sametinget frå Gáisi valkrins i 2013, og sat i sametingsrådet frå 2013 til 2016, og på nytt frå 2017 til 2021.[1] Sidan 2009 har han vore dagleg leiar ved Senter for nordlege folk, men har hatt permisjon medan han har sete i sametingsrådet.[2][3]
I 1991 var han med på å stifte Riddu Riđđu og har jobba som produsent der i mange år.[4] Frå 1999 til 2007 var han kommunestyrerepresentant for Sosialistisk Venstreparti i Kåfjord.[3][5]