Vera kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: Henny Stokseth | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Nidaros | ||
Prosti | Stiklestad | ||
Sokn | Vera | ||
Fellesråd | Sør-Innherad | ||
Type | langkyrkje | ||
Teknikk | tømra | ||
Material | tre | ||
Innvigd | 1899 | ||
Takryttar | over vestre enden av skipet | ||
Kyrkjegard | ved kyrkja | ||
Preikestol | frå 1899[1] | ||
Døypefont | frå 1955[1] | ||
Altartavle | frå 1899 av Samuel Tveit[1] | ||
Sitjeplassar | 75[1] | ||
Vera kyrkje 63°48′07″N 12°20′48″E / 63.8019°N 12.3468°E | |||
Wikimedia Commons: Vera kapell | |||
Vera kyrkje, tidlegare Vera kapell og Væren kapell, er ei langkyrkje frå 1899 i fjellbygda Nord-Vera aust i Verdal kommune i Trøndelag fylke.
Kyrkja er bygd i tømmer og har sitjeplassar til 75 personar.[1] Inventaret er frå byggeåret eller seinare.
Bygget vart tidlegare også nytta som skule for bygda.
Det er gravplass sørvest for kyrkja.
Altartavla er frå 1899 og er laga av Samuel Tveit. Ho har Jesus og lammet som motiv.[1] Preikestolen er også frå 1899 og er laga av ein lokal snikkar.[1] Døypefonten er i tre og vart laga av Hans Eng i 1955.
Kyrkja har ei klokke. Ho er frå 1899 og er laga ved Øren Metallstøperi. På klokka står det: «Gave fra Værdalsbruget».