Stiklestad kyrkje | |||
kyrkje | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Nidaros | ||
Prosti | Stiklestad | ||
Sokn | Stiklestad | ||
Fellesråd | Sør-Innherad | ||
Type | langkyrkje | ||
Material | stein | ||
Innvigd | 1180 | ||
- Vigd til | Heilag-Olav | ||
- Endringar | kring 1500 | ||
Kyrkjegard | ved kyrkja | ||
Sitjeplassar | 520 | ||
![]() Stiklestad kyrkje 63°47′49″N 11°33′36″E / 63.7969°N 11.56°E | |||
Wikimedia Commons: Stiklestad church | |||
Stiklestad kyrkje er ei romansk langkyrkje frå 1180 i Verdal kommune i Trøndelag fylke.
I fylgje tradisjonen er kyrkja sett opp nett der Olav Digre Haraldson fall under slaget på Stiklestad, og steinen han i fylgje soga skal ha stødd seg til då Tore Hund gav han banesåret, Olavssteinen, skal ha vore bygd inn i altaret.
Kyrkja er i stein og har 520 plassar.
I fylgje tradisjonen var steinen Olav Digre stødde seg til då han døydde, innmurd i altaret til etter reformasjonen då steinen skal ha vorte teken ut.
Kyrkja vart restaurert til 900-årsjubileet i 1930. Då ein prost flytte frå Stiklestad på 1930-talet, vart ein stein med på flyttelasset hans til Toten. Steinen skal, i fylgje dottera til prosten, berre ha vore tilfeldig vald frå ein dunge som skulle køyrast vekk og kastast etter restaureringa, men så skal tanken ha kome opp i Verdal om at steinen som var ført til Toten skulle vere Olavssteinen. Rundt 1980 vart det ein del avisskriveri om saka, og etter eit mellomstopp hjå Riksantikvaren vart steinen ført attende til Stiklestad der han vart forvard av Stiklestad Nasjonale Kultursenter før han vart ført til Stiklestad kyrkje i 2006.
I fylgje ei geologisk undersøking utført på Geologisk museum etter initiativ frå Riksantikvaren, var det ingen spor på steinen som tydde på at han kunne ha vore innmurd i verken altar eller grunnmur. Rapporten etter undersøkinga fortalde vidare at steinen var av ein type rullestein som er typisk for Stiklestad og han etter alt å døme var frå Verdal.[1]