Beitstad kyrkje | |||
kyrkje | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Prosti | Stiklestad | ||
Sokn | Beitstad | ||
Fellesråd | Steinkjer | ||
Type | langkyrkje | ||
Arkitekt | teikningar frå Kyrkjedepartementet | ||
Material | tre | ||
Innvigd | 1869 | ||
• Endringar | 1932, 1994 | ||
Preikestol | av Johannes Edler 1869 | ||
Sitjeplassar | 700 | ||
Beitstad kyrkje 64°05′12″N 11°19′41″E / 64.0867°N 11.3281°E | |||
Wikimedia Commons: Beitstad kirke |
Beitstad kyrkje (tidlegare Solberg kyrkje) er ei langkyrkje frå 1869 i Beitstad sokn i Steinkjer kommune i Trøndelag fylke. Kyrkja ligg på Utvik.
Bygget er i tømmer og har 700 plassar.
Då kyrkja vart innvigd vart ho omtala som Solberg nye kyrkje. Kyrkjesoknet skifte i 1913 namn frå Solberg til Beitstad. Etter Kyrkjedepartementet si meining skifte då også hovudkyrkja i soknet namn, men både Solberg og Beitstad vart brukt om kyrkja etterpå. I 1993 vart det ei avstemming på kyrkjelydsmøte der dei vedtok at namnet skulle vere Solberg, men Kyrkjedepartementet underkjende vedtaket.[1]