Valle kyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Agder | ||
Kommune | Lindesnes | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Agder og Telemark | ||
Prosti | Lister og Mandal | ||
Sokn | Lindesnes | ||
Fellesråd | Lindesnes | ||
Type | Krosskyrkje | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 1793 | ||
Kyrkjegard | Ja | ||
Sitjeplassar | 600 | ||
Valle kyrkje 58°04′55″N 7°18′26″E / 58.08187°N 7.30728111°E | |||
Wikimedia Commons: Valle kirke |
Valle kyrkje ligg på austsida av elva Audna, på Vigeland i Lindesnes kommune.
Kyrka er ei lafta krosskyrkje som vart innvigd i 1793. Ho har 6 galleri og 600 sitjeplassar.[1]
På slutten av 1980-talet vart taket på kyrkja restaurert, og til 200-årsjubileet i 1993 vart kyrkja restaurert inni. Mellom anna vart den naturlege fargen på tømmerveggane avdekka.
Det er dokumentert at det var kyrkje på Valle i 1390. Plasseringa er ikkje kjend. I 1577 bygde Peder Claussøn Friis ei ny kyrkje i nordenden av dagens kyrkjegard. Ho vart kalla Peder Claussøns kyrkje og var i bruk til 1792, då ho vart riven. Dagens kyrkje vart bygd i 1793.
I Valle kyrkje heng eit måleri av Peder Claussøn Friis som mellom anna har vore stilt ut på Nasjonalgalleriet. Måleriet og andre gjenstandar er overførte frå Peder Claussøns kyrkje.
På Valle kyrkjegard finn ein gravene til foreldra til Gustav og Emanuel Vigeland, Anna[2] og Elisæus[3], og til eldste broren, Theodor.[4] Desse er freda. Gravsteinane er utforma av Gustav, som vart konfirmert i Valle kyrkje i 1883.[5] Han har òg utforma statuen av Peder Claussøn Friis utanfor kyrkja.[6] Krigsminnesmerket på kyrkjegarden er laga av fillenevøen til Vigeland-brørne, Arne N. Vigeland.[7]
Kyrkjearkitektur | ||
---|---|---|
Kyrkjebygningen: | ||
Monumenttypar: | Kyrkje · kloster · kapell · katedral · dåpskapell · basilika · hallkyrkje · langkyrkje · krosskyrkje · sentralkyrkje · åttekantkyrkje · arbeidskyrkje · bedehus | |
Bygningsdetaljar: | ||
Dekorasjon: | Glasmåleri · rosevindauge · vasskastar · tympanon · skulptur · ikon · innviingskross · kross · krusifiks · freskomåleri · kalkmåleri | |
Inventar: | Altar · altartavle · altarskåp · altarfrontal · antependium · triptykon · døypefont · preikestol · tabernakel · korstol · misericordia · ikonostasis · ciborium · baldakin · epitaf · sakrarium · sedilia · pipeorgel | |
Periodar: | Tidleg kristen arkitektur · bysantinsk · romansk · gotikk · stavkyrkje · renessanse · barokk · rokokko · klassisisme · historisme · nygotikk · drakestil · sveitserstil · jugendstil · funksjonalisme · modernisme · postmodernisme |