Austad kyrkje | |||
kyrkje | |||
Austad kyrkje
Foto: Per Arvid Åsen | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Agder og Telemark | ||
Prosti | Lister og Mandal | ||
Sokn | Austad | ||
Fellesråd | Lyngdal | ||
Type | Krosskyrkje | ||
Byggmeister | Kornelius Nakkestad | ||
Teknikk | Lafteverk | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 1803 | ||
Kyrkjegard | Ja | ||
Preikestol | Preikestolaltar | ||
Sitjeplassar | 400[1] | ||
Austad kyrkje 58°05′30″N 7°02′44″E / 58.09167°N 7.04567°E | |||
Wikimedia Commons: Austad kirke, Lyngdal |
Austad kyrkje er ei lafta krosskyrkje bygd i 1803. Kyrkja har 400 sitjeplassar.
Austad kyrkje står i Austad i Lyngdal kommune. Soknet høyrer til i Lister prosti og var tidlegare ein del av Lyngdal prestegjeld.
For nokre år sidan oppdaga ein at eiketømmeret som vart nytta til å bygge kyrkja, stammer frå ei stavkyrkje som vart reist seint på 1100-talet.